Kjeldearkiv:1893-11-25 Brev frå Kleiven til Prestgard

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
1893-11-25 Brev frå Kleiven til Prestgard
Heime og ute forside.jpg
Informasjon om brevet
Dato: 25.11.1893
Stad: Kristiania
Frå: Ivar Kleiven
Til: Kristian Prestgard
Nr. i samling: 101
Samling: Brevsamling Ivar Kleiven og Kristian Prestgard 1886–1932
Oppbevaringsstad: Opplandsarkivet
Viktig: Denne artikkelen kan kun endres av administratorer. Dersom endringer trengs, vennligst ta dette opp på artikkelens samtaleside eller med en administrator.

Kristiania 25/11 1893.

Kjære Kristian!

Ikvell sit eg i Kristiania att etter 7 aar fraavær! Kristiania? Ja du kan nok ha grunn til aa spørgja korleis det hev gjengi til, og for at du kan fenge att baade maal og tal vonoms snøggar, lyt eg gjera greie for korleis dette bar til, det fyrste eg gjerer.

I sluttnaen av oktbr. kom det melling i avisom, at eg var uttrekt som lagrettemann til tinget paa Gjøvik den 29 d. m., det er no liksom fyrste greitraaen paa hespelen. Men det er fleire, maavita, og dei hev si rot i den politiske strid som no staar paa fraa fjell til fyru, lande rundt. Høgre hev arbeidt for aa vinne ved dei kommunevali som no gjeng føre seg i desse dagar, og tidleg isomar delte dei bygderne inn i rotor og fekk rotemestere til aa drive valgagiteringa. Dette skulde no gjenge stilt og løynt føre seg, men det kom no likevæl upp saa vinstre lærde konsti, det og. Og saa fekk no vinstre med det sama ei alvorsleg minning um, at hev det ikkje alle kløer ute, organisere seg og møter upp med kvar ei sjæl paa valmannsvali til hausta, saa kan det gjenge skjit med aa vise svensken til heitaste [...] med hans innblanding i vore saker. Og so tok amtsvinstreforeiningerne til aa røre paa seg og fekk blaase liv i dei daude vinstreforeiningor i alle bygder. Paa Vaage stifta vi ny foreining i hugusokne den 2 ds. “stjorne” er O. Blessum, H. Raastad og eg. Trast før var det kome innbjoing til Krohg, Raastad og meg um aa møte med styringi for amtsvinstreforeiningi i Gjøvik arbeidarsamfund den 22 for aa raadslaa um valgarbeide og gjeva upplysningor um vinstres stelling og vilkaar. Innbjoing til dette møte vart senda um til alle bygders “mest fremskudte” (!) menn, som det stod. No hadde korkje Krohg eller H. Raastad raad med aa møte, og saa laut eg lova aa gjera det, for di eg skulde no utover korsomvar, berre det um aa gjera, at eg vart nøydd til aa vente i heile 7 dagar paa Gjøvik etter møte til lagtinge byrja – i det fordømte lorthole. Dei lêt nok um, at dei vilde halde meg diæt, lel, dei dagarne. Ja, eg reiste da heimafraa den 17 i følgje med Hallvard Offigsbø, som og skulde til møte og som dertil hadde 2 øykjer han vilde selgja paa hestmarknaen i Gjøvik. Um følgje og reisa er berre lite aa segja, det er berrt og gnellende hardt uppigjennom heile dalen, verre enn den hausten vi reiste aat Seljord. Paa Vetlehamar hadde vi ein hugleg kvell i lag med Filseth og honom Paal – vi døypte det nye blade han kjem med etter nyttaar til “Dølen”[1] – livssyne paa Vonheim hev sælt “Framg.” fraa nyttaar til ein Kristianiafyr[2] som skal gjera organ for dei “moderate” av det. Det er elles ikkje farlegt for Filseth, for han og dølerne er no so godt ihopgrodde, at “Framg.” fraa nyttaar verdt uppsagt kvart eitt og alle tek att det nye. Dei lushundane uppi Gausdal, du! – Møte paa Gjøvik var forvitnelegt; det var gjildt for meg, kan du tru, aa kom ilag med “dei likaste” fraa alle bygder i amte og høyre dei tala politik i alle jordens tungemaal. Vi vart eksaminerte einkeltvis og maatte gjera greie for kvar si bygd for at det kunde verta som eit førehaands uppgjør for utfalle av valmannsvali. Og saa vart vi samde um aa dele kvar bygd i rotor med ein rotemester i kvar, som skal arbeide med aa faa alle, som hev raad med det, aa gjera seg stemmerettuge til hausta og i alle maater elles agitere av ganske sjæl og sind. – Men no lyt eg leggje meg ikvell. –

– – 26/11. Seint um kvelden den 24 rulla eg inn i hovudstaden – for det vart umogelegt aa gange paa Gjøvik, kjeide seg og verta upptrekt av alle i marknadssjauen. Eg hadde nok ikkje raad til aa gjera denne reisa, men eg beit ihop tennerne, lette att augo og let det staa till. – Same kvelden eg kom inn rennde eg upp i “den lilla vraa” paa Bankplassen[3], kan du veta men eg vart mestsom nogo lang over nosi da eg hadde sute og sêt paa 4 akter av “Cornevies klokker”[4] – mykje pudsigt og mange smaaløgje, men eg vilde no gjenne ha nogo “realt” nogo uppbyggjelegt for den stakkars krona mi – skjit til musik, og, etter ein som heitte somykje som Planquette. Igjaar sat eg halve dagen uppi Xania bryggjeri hjaa stortingsmann og kontrollør Blekastad og prata med honom, las “Eit og anna um Vinje” etter Sars i det nye “Norsk Tidsskrivt” og var nede i “Dampen” etter vomfyll for 50 øyror. Med sama eg gjekk upp til B. att fekk eg sjaa, at dei skulde ha “Geografi og kjærlighed” paa Bankplassen att um kvellen til nedsett pris! Sama stykkje som vi saag den minneværduge oktoberdag i 1885, heile 8 aar sia, hugsar du den? B B. hev no arbeidt um att heile siste akti og stykkje er etter di enda gjildar enn førr. Det er mange nye krefter i rollum no soleis er fru Hansson Karen istadenfor fru Volff og Reimers Thurmann etter Joh. Brun. Bjørn Bjørnson hev no gjort nogo heilstøypt af Thygesen og Reimers greidde og Thurmann betre enn salig Johannes – Karen tykte eg hadde tapt seg, enda kritikken vilde no ha det til at Lusie Volff hellerikkje just var lagd for den rolla. Frøken Bosse som var Ane i 85 var Ane no og men er no fru Fahlstrøm. Og du store gud kor naturleg og godt ho spelte! BB. hev lagt nogo meir i Ane-figuren sin ved umarbeidingi og alt hadde fru Fahlstrøm nytta ut til heil, ægte kunst – ja ho Ane gløymer eg ikkje! Utseldt hus! var ikkje att ein einaste biljet korkje i parket, parterre eller lægerader! Ja du kan tenkje eg stod i eit par brøker, ikkje vilde stykkje verta spela fleire gonger heller mea eg er i byen – gud trøste oss! Men da var det ein vælviljug dørvagtar som for ei krone (billjetprisen var berre 0,50) let samvite gjeva saavidt tøyg, at eg slap inn i 2 parterre, naar eg vilde standa – jau du kan forbarme deg paa, at eg viljug fann meg i aa standa fraa 7 ½–9 ½! – –

– Idag, sundag, hev eg fylgt Blekastad uti Høvik og sêt paa garden hans[5], etterpaa var vi uppi Nasjonalgalleriet og saag paa alt det nye, som er kome der baade av maaling og bilæthogging sia eg var der. So etter var eg inne og saag paa Dioramaet i Karl Johans g. og, da eg fekk sjaa “Jøtunheimen”, var det ikkje langt fraa eg gret! – Ikvell skal eg gaa i Karl Johansteatre, for dei byd berre “Cornevies klokker” att paa Bankpl., men i andre kvell, san, da spelar dei “Kjærlighedens komedi” paa Bankplassen! Bjørn Bjørnson gjer no endeleg alvor av aa strjuke fraa teatre og det er reint i siste dagom han er her no. Det vert vist sakna etter honom og det er forgale, at det skal vera ein slik “vanartad” direksjon ved “vor første scene”, at det ikkje gjeng an for virkeleg dramatiske krefter med vilje aa koma fraa det. – Meir imorgon.

(Her følgjer blyant-framhalde – –)

28/11.

(Framhald) Neigu um eg fekk tid til aa skrive det slag igjaar og saa fær eg freiste gjera det upp att idag mea eg held paa aa rullar fraa byen. Det er ikkje viare hendugt aa skrive brev under reisi på banen men det er no sovidt det lèt seg gjera i desse amerikanske vognerne. Jau, du skal høyre korleis det gjekk igjaar. Trast eg kom upp greidde eg fraa meg dei smaaærender eg hadde og dermed bar det upp i rigsarkive for aa faa avskrivt av den gamlaste skyldsetinga dei hev av gardom i Vaage. Eg fekk da utlaant ein svær, diger prontekol fraa 1668, og fekk sitja inne i avskrivarkontoret ilag med 5, 6 vakre, unge jentor som og heldt paa med avskriving. Du store min, her skulde eg vore! Eg skulde nok vore væl saa gløgg avskrivar, eg, som desse stakkars krøkjerne, som sat der og skreiv imist alt i eitt saa dei laut til aa skrapa med kniven og laut bea um hjelp med det orde og det orde i einingi, enda det berre var saker fraa 1750–80. Fær eg berre raad med aa brøkja meg inn her att eingong skal eg no fulla fenge meg arbeid der lell, kan no fulla tene maten med det og attaat faa fenge tak til aa gjera “værdifulde notater” aat denne guddommelege kulturhistoria for Vaage eg gjeng “svanger” med. Aaa, [...] kor det ristar uppover til Grorud! Rigsarkive er no ope berre i 4 timer, og eg fekk soleis avskrivt berre for hugusokne og lite for Sell, men eg fann ikkje saa lite som eg vart makalaus glad av – kryterfødsle og avling paa gardom for 200 aar sia fekk eg greid uppgjivt over, skog hamning og sætrer! Grummast av alt var det, saanær, at eg fekk vita kvar den og den garden sætra – du kan tru det er mange rare umbrøyte med “sommerbedet” paa gardom sia. Aa du kan tru eg var løtta dei timarne eg sat uppi rigsarkivet, fann forvitnelege upplysningor um den velsigna heimbygde og høyrde det krassad i pennom rundt um meg hjaa desse smaaenglom – “sfærernes harmoni”! Nett som eg var mesta ferdig kom P. Rygh, son aat statsraaden, han som var hjaa meg paa sætri isomar! – han skulde ha tak i noko fraa 1814. Jau, Hans Dedekam, sa han, sat uppi læsesalen i universitetsbiblioteke og studerte spansk! – no skulde vi gaa dit og treffe han og Fagna fundr, maa’ta. Hjelp ikkje vi liver i kvar vor “sfære” var det likevæl hugna ved møtet til baade kantar, reint kveikjande. Det barst ind paa sjølve “Grand” paa kaffe og cigarer, og, da det just var etter kl 2 var heile demimonden[6] ute og lufta seg, og Rygh og Dedekam fann moro i aa syne meg alle berømtheiter som dels sat inne, dels gjekk forbi. Paa gata fylgde vi H. Ibsen eit langt skeid! og fraa vindauga paa Grand saag vi svært mange av politikkens, pressens, konstens og literaturens storleiker. Jau, det var ein “besøgelsens” dag. Saa upp aat Blekastad til avsked kl 5 ½ og ned paa Bankplassen til “Kjærlighedens komedie” 7 ½. Men fyrst lyt eg upplade “min mund” lite um “Musketerer i Klosteret”[7] eit fransk stykkje (frit oversatt og bearbeidet) eg saag paa Karl Johans teatret den førre kvelden. Dei byrjar aa fenge fleire gode krefter paa Karl Johan no slike som Bernt Johannesen, Samuelsen, frk. Schibsted og fleire til. I “Musketererne” debuterte Dagmar Nordraak, systerdotter til musikeren[8], og ho gjorde sine ting godt; eit grepa “ydre” hadde ho og den vetle haarfagre, kvikke tausi. Det vantar ’kje anlæg og herrens gaaver. Stykkje var morosamt og vart etter mine forstann (han er no guds dø, tunn aa lite paa her!) ypperleg godt spila, men elles var det no lite ein kunde bera med seg heim av verkeleg livsinnhold. Men morosamt var det og god musik.

– – –

(Tordenskjold kl. 2, 30) Igjaarkvell saag eg da for fyrste, og truleg for siste og, “Kjærlighedens komedi”. Alle spila vist godt, og Svanhild (frk. Meilænder) gjorde eit sterkt inntrykk; men over heile stykkje ligg det nogo av dette “ibsenske” ufattelege, som ein ikkje kan faa tak i, eg iallefall gjekk tom som eg kom – ja, det er no ei njoting i augeblikke aa høyre replikkane framsagt av slike folk som Reimers, Klaussen, Hammer, fru Volf, Reimers, Meilænder og Bosse – mange er no og av desse ibsenske slagord som kjem til aa gaa att langt inni næste aarhundre. Alt ialt hev eg soleis ikkje havt saa offseleg stort “utbytte” av teaterkveldane denne gongen og byferdi i det heile vart det lite eg fekk utur – men lel, herre gud, – skulde eg liggji paa Gjøvik desse dagarne! No kjem eg dit upp att ikvell og imorgon ber lagmannstinge til med forhandlingane. I “Frg.” saag eg idag at det var innstemnt 5 sakjer, og at vi soleis har von um aa verta liggjande der i minst 5 dagar. I “Dagbl.” saag eg no paa Hamar, at B. B. ikvell spelar siste gong paa Xania teater i Maria Stuart som da gjeng 100 gongen, baketter sejer han fram ein epilog.

– Slikt kan no ein kalle “reisebrev”: byrja paa Gjøvik, framhalde i Xania, paa jernbanen, paa dampskjipe og enda, truleg, paa Gjøvik atter! Um du berre kan lesa det, det er no meire enn eg sjøl kan. (Lite meir ikvell eller i morgon tidleg).

Gjøvik 1/12. Igjaar og idag hev eg seti i lagretten og høyrt paa vitneførsli i ei sak mot ein stortjuv fraa vestre Toten som vi endeleg vart reiduge med idag ved middagstider. Rettno byrja ei ny sak og der vart eg fri og so fær eg freiste fenge ein ende paa dette breve. Her er det no guds jammerleg kjeidt aa liggje og det er høyrandes til, at vi skal verta her langt uti næste vike. I førrkvells møtte eg vor gamle O. Lie fraa Toten i troppi som gjeng ned fraa samlagsrestaurasjonen, nettup det rette sted aa møte honom paa naar han mestsom skulde “tone flag”. Tjukk og fæl, tannlaus og øllot. Men gud fri oss for alle dei ulykkor han lova meg um eg ikkje vitja han paa garden hans no! Og eg kjem ikkje fraa det paa onnor gjerd enn aa ta ein tur dit imorgokvell.

Ja no fær du freiste um du hev saa gode organer baade utvendes og innvortes, at du kan fordøie denne røra, sjøl hugsar eg no ikkje kva eg hev skrevi og ikkje idest eg aa sjaa igjenom det att. No kan eg sjølsagt ikkje vente paa brev fraa deg til jul um du ikkje skulde finne paa skrive av di eigje raad; men det gjer altid ikkje du, som skriv berre aat avisorne. Men trast du fær denne leffsa fær du gjera væl aa skrive. Hels Ola Stokkestad – eg hev gjort alt, eg hev havt raad med for aa fenge Janson hit, men eg veit ikkje korleis det kjem til aa gjenge, for han er dyr, krev i hundrevis kronor for aa reise uppi ei bygd aat oss her i dalen.

Heil og sæl!

Din

Ivar.

Fotnoter

  1. Det offisielle namnet vart Gudbrandsdølen.
  2. Boktrykkjar og forleggjar Carl Helge Schultz.
  3. Christiania Theater.
  4. Cornevilles klokker (1887), operette av Robert Planquette til tekst av Charles Gabet og Louis Clairville.
  5. Gullbakken (gnr. 11,65), tidlegare husmannsplass under Søndre Høvik. Kontrakt underskriven der 4. mai 1893.
  6. Folk med glimande ytre, men tvilsam moral, særleg kvinner.
  7. Operette (1880) av Louis Varney til tekst av Jules Prével og Paul Ferrier.
  8. Rikard Nordraak.