Kjeldearkiv:1895-08-21 Brev frå Kleiven til Prestgard

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
1895-08-21 Brev frå Kleiven til Prestgard
Heime og ute forside.jpg
Informasjon om brevet
Dato: 21.8.1895
Stad: Vågå
Frå: Ivar Kleiven
Til: Kristian Prestgard
Nr. i samling: 110
Samling: Brevsamling Ivar Kleiven og Kristian Prestgard 1886–1932
Oppbevaringsstad: Opplandsarkivet
Viktig: Denne artikkelen kan kun endres av administratorer. Dersom endringer trengs, vennligst ta dette opp på artikkelens samtaleside eller med en administrator.

Bøneslien 21 august 1895.

Kjære Kristian!

Laurdagskvellen fekk eg “Nye Nordmanden”[1] og der ser eg det staar i eine kanten, at du har slept trui paa aa pine utur meg eit brev. Og det er du vist ikkje einsleg um for eg har ikkje skrivi eit einaste brev eg, i denne somar andre enn forretningsbrev – dermæ saa er dæ no eit lite mirakel au, at eg no set meg te aa skrive aat deg idag, du fær skjøne paa dæ. Kva som er paa fer? Aa, eg har no aldri set verdi saa so lik ein jammerdal nokongong i mit liv som dette aare, aa fortelja i smaatt um all ilendugheiti orkar eg ikkje og difor fær du vera tent med aa vita at dette er saa og at eg er gudsjammerleg trøtt og sliten saa eg ratt skulde gaa burt i ei ur og leggje meg te aa sova eit fjorungsaar i eitt kjør. Eg slapp ikkje hitupp heller i somar før langt ut i juli, eg laut staa heile 9 veker aa vera kramburotte ved Lalmsbrui mea sjølkremaren[2] var sta og tente kongen. Og da eg saa endeleg slapp utur fengsle laag eg attende med mine eigne forretningor paa alle gjerder saa eg fyrst no kan seja eg paa ein maate er komi atti rette fare att. Du skal veta eg er kome meg enda lenger fram no som kommunal bestellings- og forretningsmann forutta aa vera forlikskommissær er eg herredsvalt tilsynsmann for ”Rigsforsikringsanstalten” denne nye ulykkesforsikringi for arbeidsfolk dei endeleg fekk i gang i aar. Du kan vita det er berre ein fillepost naar eg skulde ha den, men arbeiet vert ikkje saa lite –. Alt i alt ser det likast ut til, at eg skal gaa upp i kommunale arbeid so eg tilslut staar att nakje som naali baade paa kropp og sjæl. Og saa dette kave for aa halde “finantserne” sopass uppe, at ikkje heile greia rullar ivi-rygg! det er ei strekkjing av alle hjernestrengjer som den eg kan tenkje meg ein los lyt bruke, naar han seglar for livet inn millom baaor og skjer mea brjoti syng liksalmor paa ymse lei aat baatbarom. Du skulde sjaa, at det syner merkjer au etter seglingi, eg er vorte saa graa som ein sekstiaaring og rukkurne heng som paa ei gamal kjering over all talskiva. Men, det er ingor von um nokor kvild, det eg kan skjøne – sama kave, slite og mase dag ut og dag inn.

Etter desse kan du fulla veta, at det gaar i hundene med alle desse grumme boklege arbei eg har havt i verkom so lang ei tid – ikkje ein time har eg havt raad med aa kosta paa dei etter somarmaal og gud veit naar eg kan gjera dæ seinar au. Og dæ er just det argaste av allt, for no nettup er jønne varmt! “Segner fraa Vaagaa” gjer lykke over det ganske land og Vaagaamaale held paa, aa koma reint upp i vinden. “Dagbla’e” (V. Visli) “Bergensposten” og “D. 17 Mai[3] har alle rost “Segnerne”, men det grummaste er no, at sjølve Johan Storm rykkte ut i “Morgenblae” for 11 ds med ein 3 spalter lang kritik som byrjar so: “Vi har her en fortrinlig samling folketradisjoner og bygdesagn skrevet paa det gjæveste af de gjæve gudbrandsdalske bygdemaal i en lettlæst og simplifiseret lydskrift. “Det norske samlag” har stor ære af dette skrift hvormed det har gjort en begyndelse til en videnskabelig behandling af vore dialekter som er i høi grad paakrævet. Denne bog indleder en ny æra i ”Samlagets” historie” – – – – – Saa kjem ei utgreining um hans og M. Moe’s “Norvegia” som det nok ikkje kjem meir av, er det høyrandes til og etter ei lang og lærd gransking av nokre eigne ljoder i Vaagaamaale endar han saa: “disse antydninger faar være nok om dialektens videnskabelige interesse. Men den har ogsaa en anden interesse, den nasjonale. Hvem der vil lære en rigtig ægte, malmfuld, kjæk norsk dialekt at kjende, han bør læse Kleivens “Segner”. Bogen er i form, fremstilling og indhold lige fortreffelig”. Var ikkje det mykje av det gode, du! Sama dagen som Storms melling kom ut, er det ein student (H. Dedekam som var her paa sætri i 93 og sia har vore i Paris og London 1 aar for aa studere praktisk filologi) som skriv aat meg og “gratulerar” og fortel meg, at baade han og venen hans[4], son aat statsraad Rygh, vil kjøpe boki og friske upp at den kjennskapen dei i 93 fekk til “det vakre Vaagaamaal” her paa sætri. Da Filseth kom med si melling i Dølen ivaar heldt ikkje eg den for noko: – eg og han var no altid personlege venner og saa gjorde han seg ingor samvittugheit av aa smørja paa tjukt. Men meinar du ikkje Hans Ross hadde takka Filseth for mellingi hans og sagt, at han raaka spikaren paa hugude! Saa dæ lyt nok vera ei fælt glup bok, den Segner fraa Vaagaa, likevæl –. Enda er det mangt ved stilen som eg ikkje likar no, lenger, og som eg skulde gjort ein go mon betre no. Upplage skal ellest vera berre svært lite og dæ skal ikkje vera fritt for anna, en sume i Samlaget tenkjer paa aa gje “Segnerne” ut paa landsmaal. Vert dæ noko av, saa har eg ikkje imot di, men dei skal faa finne seg i ei austlandsform um dæ saa skal regne med tollknivar! – – – –. Det kan gjenne vera, at “Segnerne” likesom kjem til aa pora upp eit hol dølamaale kan faa sleppe ei litol uppkomme ind umm, au; hendar dæ, saa var dæ paa ti aa skuve paa mea hole var ope – kunde eg berre funne ei høvleg form for nordølsmaale aat desse rits og bygdafortellingor eg har emna paa, saa kunde dei lett opna hole lite meir, naar eg kunde faatt dei etter trast. Og jamen er dæ mange huglege aspekter ute for nordølsmaale no, korsomer. Halfdan Halvorsen og Kr. Holbø kjem med Storms dølavisor dette aare, Aasmundstaden kjem kanhende med Njaala og saa har eg og Halvorsen bore til aa tænkt paa gjeva ut baansange og slike bygdasange som vi baae har samla paa igjenom tii – ei norsk bilætbok for dølaunger, skjønar du. Vi freistar no vort, vi som er att her heime, sjøl um dæ ikkje kjem lenger enn til tanker og voner – no fær nok du gjera di skylde au, snart. Dæ er no deg vi likesom har sett voni vor te baade eg og Aasmundstaden og du fær gjera væl ikkje aa svikte, med os er dæ nok ute vonoms førr. Han var her no ved helgi Aasmundstaden – kjørde paa ein ny fin velosiped, og var med uppaa Graahøi sundagen. No tenkjer eg han alt er inni hugustaden med Njaala for aa gjera eit utfall, han tok ho med paa den maaten. Ola har ein gjild post i Grue, Soløyr – du fær fulla brev fraa honom med dæ fyrste, etter som dæ flaut i honom da vi skildest heimve Reiregrindi. Eg las høgt “Gamelpaalskrønorne” dine aat honom og Paal Nygaard – dei log og gapte, og skrykte paa nosarne og sa, at dæ var stil av guds naade, men at det var [...] til ”kvantum” du brukte – men dæ skal fulla slikt ovverk til for aa kritle i halsen paa amerikanarne.

Dette breve vert no som ei preike berre um meg og “Segner fraa Vaagaa” og saa fær eg ta upp att traaden. Eg tenkjer no paa aa søkje um stipendium for aa sanke ihop alt, som kan finnast av segn og bygdafortellingor paa Lom og i Sjaak og med alle dei gjilde mellingor “S. fraa V.” har faatt, tykkjest eg aa ha go von um aa faa nokre kronor. Dæ er paa siste slut med bygdasegner no – vitenskapen har augo ope for den kulturhistoriske verdagen dei har og saaleis har eg ikkje laak von paa nokor leid – i Lom og Sjaak er eg sikker um dei har att mykje gjilde segn enno saa det er kanhende enda meir aa ta av der enn her paa Vaagaa. Saaleis er dæ ikkje berre eitt, som peikar paa den leidi, at eg kan verta “stipendiat” førr nokon veit orde av. – Korleis folk flest her i bygdi likar “Segnerne” mine, veit eg svært lite um, eg trur dei i det heile og store bryr seg lite um boki, sume, helst ungdom og unger er ho grepa aat, som von kan vera. Eit par venner har raadd meg te aa umsetja heile boki paa dansk saa vilde eg slaa mynt saa det gjorde mon; ja eg er viss paa, at eg skulde ha mitt for arbeiet ve aa gjera dæ, men eg tykkjer berre, dæ er aa slaa seg sjøl paa kjeften, mestsom saa dæ gjerer eg ikkje mindre eg fekk framifraa goe “grunde” til dæ. Derimot har eg tænkt, at um dæ var ei eller annor av dei norsk-amerikanske avisom som vilde ta utvalde stykkjer av “Segner f. V.” hadde eg ikkje imot aa umsetja t. d. “skjyttare og kjempor” til dæ bruk – eg lyt no bruke alle upptenkjelege maater for aa slaa mynt, ser du. Du er no saa kjennd mann vorte i den norsk-amerikanske avisvegen, at du ratt kan seja meg um du trur den utvegen nyttar, og du kunde altid gje meg upp namne paa ei avise og ein redaktør, eg kunde vende meg te. Du kan no iminste tenkje paa detta eingong, du ikkje fær sømn forr deg. – Tek eg ikkje imist er du medlem i “Det n. Saml.” saa du har longe sea faatt S. f. V.? av den grunn har eg ikkje senda deg noko “forfattareksemplar” som “Samlage” elles var lusatte nokk til aa sende meg berre 5 stk. av.

Eg har venta lengje paa aa sjaa meir fraa den interwiewinga di af han Ola i Dølen, men til idag har det vore stilt; eg skulde no “pligtskyldigst” ha skrivi eit “dølabrev” fraa Bøneslien men eg trur ikkje dæ vert av. Dæ er ikkje nogo skrive um fraa her heller – regnvære har bløytt upp og skjylt av all naturpoesi og den andre, budeipoesien den lyt slike karar som eg leggje av seg. Dæ er ellest grøerik jor for den slags poesi her iaar – unge budeior baade her og der og eg kan ikkje nekte for, at eg har umgaatt dei i all truskyldugheit baade paa ei ferd til Flatningsholmen, eit kaffelag her paa staen og ei ferd no sundag uppaa Graahøi. Men det er no berre som “gudfader” dei har bruk for meg veit du –. I fyrstningi av denne maanaen kom det tvo Kristianiamenner her som budde her i 14 dagar, skaut, fiska og spela kort og so har dæ fare ikkje mindre enn 4 geologer her isomar, den eine budde her eit par jamdøger. Men vere har vore gruselegt ulugumt for fjellfolk denne somaren – ingen kan minnast saa vaat somar, høie for ille og aakren rotnar upp og difor ser dæ ikkje gott ut med aarvegen. Av nyheiter eig eg ikkje dæ slag aa bjo – vi liver paa den gamle gjerdi baade eg, ho mor og alle dei andre paa Kleiven – Iver driv og handlar i Mostugun og tener seg fulla stappende rik, veit eg, no dei har all baneslusken aa leike med der nepaa Sell.

Ja no har du høyrt saamykje um meg og “segner fraa Vaagaa” at du lyt staa deg i langsameleg tid, vil du gjera væl aa gje meg att ei slik skure um deg, saa grin ikkje eg aat di. Antel du interviewer han Ola att eller du raakar han paa annan kristeleg vis fær du helse fraa meg.

Helsing fraa mor og meg!

Din

Ivar.

Fotnoter

  1. Avis grunnlagt av Hans Andersen Foss i 1893. Kom først ut i Grand Forks, Nord-Dakota, men vart snart flytta til Minneapolis. I åra 1895–97 var Olav Kringen redaktør.
  2. Olaus Saastad.
  3. Lang omtale av Rasmus Flo i Den 17de Mai 28. mai 1895.
  4. Peder Rygh.