Stormark (Fedje)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
På dette kartet er det markert kor dei ulike bruka på Stormark ligg.
Hamna på Stormark i 2021 med naust og båtar.

Stormark er namnet på grenda ved sørenden av Fedje. Opphavleg vart det brukt som nemning på dei store torvmyrane som ligg sør for den gamle busetnaden på nordenden. Æskjeret har òg vore brukt som namn på denne grenda, m.a. i kyrkjebøkene før hundreårskiftet. Æskjeret er eit lite skjær som ligg søraust for Fedje. Busetnaden på Stormark kom ikkje før om lag 1885. Det skjedde då ei nyrydding av jord her med tilflytting av nye brukarar. Ein må tru at dette kom som eit resultat av opprettinga av torvdrifta i Stormark (sjå kapitlet om Fedje sine eigarar pkt 4). Det vart no laga eiga hamn her, noko som hadde vore ein mangel tidlegare, slik at brukarane fekk lett tilgjenge til havet og fiskefelta. Med dei avgrensa vilkåra for jordbruk, var det fisket som framfor alt vart levevegen her, kanskje i endå sterkare grad enn på nordenden av Fedje. Ein del fekk òg arbeid i torvbruket.

Dei første bygselkontraktane var daterte i 1884. Dei gjekk ut på rett til eit jordstykke, beite for husdyr, torv til eige bruk og lyng, tang og tare, samt plikt til frå 1 til 6 dagsverk årleg til vegarbeid. Årleg bygselavgift var sett til 10 kr. Ved folketeljinga i 1891 var det i alt 8 slike «rydningsmenn» på Stormark, som alle hadde fått tinglyst bygselkontraktar. I 1900 var talet auka til 10, og 13 i 1910. Det litt merkelege er at det var få av dei som kom frå det «gamle» Fedje. Dei fleste kom flyttande sørafrå Øygarden og vestre del av Radøy. Det kan ha samanheng med at det var havet som batt saman på den tida. Mange av nybyggjarane var i nær slekt.

Desse parsellane fekk seinare status som eigne bruk. 4 stk. vart utskilde frå 1905 til 1912, og 18 frå 1916 til 1919, då dei aller fleste brukarane her vart sjølveigarar. Det var no mogleg for dei å kjøpa bruka sine med svært gode inntekter frå fisket i krigsåra.

Då Stormark med torvmyrane vart frådelt resten av Fedje i 1878 (sjå kapitlet om Fedje sine eigarar pkt 4), vart det oppretta 3 ulike bruk. Det var gnr 172 bnr 1 og gnr 172 bnr 2, samt Moldøyna gnr 170 bnr 4. Det sistnemnde vart samanføydd med gnr 172 bnr 2 i 1917. I 1901 selde Fedje Torvkompagni heile Stormark (med dei tre nemnde bruka) til det nyoppretta selskapet Fedje Torvbruk AS for 20 000 kr. Dette selskapet gjorde ein del nyinvesteringar i større pakkhus og betre skinnegang og vogner.

Torvsalet tok seg opp etter at Fedje Torvbruk hadde teke over. «Gullalderen» for dette nye selskapet kom under den 1. verdskrigen, då det var stor etterspurnad etter torv til brensel m.a. i Bergen, pga mangelen på kol. Torv vart då eit viktig erstatningsprodukt, og torvbruket på Fedje fekk stor omsetnad. Mange folk på Fedje fekk teneste på torvbruket i denne tida, og kunne få ei god ekstrainntekt.

Ifølgje panteboka kravde brukarane frå nordenden av Fedje utskifting av sine rettar i Stormark i 1918. Ettersom talet på bruk og folk hadde auka monaleg, og torvbruket hadde intensivert sitt uttak, byrja dei å verta redde for at ressursane av torv og beite skulle ta slutt. Dei ynskte derfor å sikra seg eigne parsellar. Fedje Torvbruk meinte imidlertid at dei berre hadde bruksrett som ikkje kunne gjerast om til eigedomsrett, og sette seg imot ei slik utskifting. Imens var no krigen slutt, og med den den gunstige perioden for torvbruket. I 1920 endte det heile med at Fedje Torvbruk selde torvmyrane i Stormark til alle 58 brukarane, både ved nord- og sørenden, som hadde bruksrettar til den. Salssummen var 60 000 kr, og salet inkluderte torvhus, skinnegangar og vogner som torvbruket hadde nytta. Dette var slutten på den kommersielle torvdrifta. Fedje Torvbruk AS vart vedteke oppløyst i 1920, og endeleg sletta i 1922 ifølgje handelsregisteret i Bergen.

Når no Stormark var i brukarane si eige, vart utskiftings- og delingsforretning førebudd. Den var ferdig i 1930, då utmarka i Stormark vart delt i 56 parsellar. Overutskiftinga var endeleg avslutta i 1939.


Fedje komm.svg Stormark (Fedje) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Husøyna 28 (Fedje gnr 170 bnr 69) • Neste bolk: Stormark (Fedje gnr 172 bnr 1)