Trygve Bjørgo

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk
Trygve Bjørgos gravminne på Aurdal kyrkjegard.
Foto: Ola Helge Fløene (ca. 2008)

Trygve Bjørgo (fødd 5. januar 1916 i Nord-Aurdal, død 2. mars 1997) var lyrikar, skulemann og aktiv i målrørsla. Han var fødd og oppvaksen på garden Nørdre Bjørgo på Sørskogen i Nord-Aurdal. Foreldra dreiv garden. Trygve var yngstemann i ein stor søskenflokk.

I ungdomen arbeidde han ei tid heime på garden, men søkte så vidare skulegang. Han gjekk eit år på Valdres folkehøgskule. Seinare gjekk han på privatskulen Grimeland skole i Oslo, som førde han fram til eksamen artium. Han tok språkleg-historisk embetseksamen med norsk som hovudfag ved Universitetet i Oslo 1947. I studietida var Bjørgo aktiv i Filologisk Forening, der dei mellom anna ei tid arrangerte årlege «olympiadar» for song, dikt, musikkstykke og liknande. I 1946 fekk Bjørgo sølvmedalje ved å lese eigne dikt. I 1947 var han med blant eit tjuetals studentar som gav ut Studentlyrikk.

Fyrste stillinga etter avslutta utdanning var eit lektorat ved Grimeland skole i 1948-1949. Frå 1949 var han lektor ved det nye Gudbrandsdal offentlege landsgymnasVinstra, der han vart verande til 1964. Frå om hausten det året vart han tilsett som rektor ved det nystarta Valdres gymnasFagernes.

Trygve Bjørgo var sterkt engasjert i målsaka og i anna kulturarbeid. Mellom anna var han formann i Austmannalaget, og frå 1963 til 1965 leiar i Noregs Mållag. I tida si på Vinstra var han i 10 år leiar for riksteaternemnda i Nord-Fron.

I Store norske leksikon heiter det om Bjørgo at «diktsamlingene hans er preget av sikker formsans og følsomhet både for tradisjonelle verdier og for samtidens problemer». Han bidrog også med tekster til trubaduren Ivar Simastuens LP Prestekrager og timotei (1972).

I 1961 fekk han Sunnmørsprisen.

Bibliografi

  • I minneskogen, Oslo 1952.
  • Mørker og morgon, Gyldendal 1954. (Dikt)
  • Vokstergrunn, Oslo 1961.
  • Frø i vind, Gyldendal 1968.
  • Kvit hest under hegg, Gyldendal 1972. (Dikt)
  • Auke åkeren, Norges boklag 1979. (Dikt)
  • Straumar under yta, Aschehoug 1986. (Dikt)


Representert i:

  • Valdres bygdebok: b.8: «Valdresidrett», Fagernes 1992.
  • Kongegrimen : nye norske eventyr, Dreyer 1986. (Redaktør)

Kjelder og litteratur




05 Oppland vapen.png Trygve Bjørgo er basert på en artikkel fra Forfatternett Oppland, en nettside som drives av Oppland fylkesbibliotek. Artikkelen er lagt ut under lisensen cc-by-sa. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen.
Flere artikler finnes i denne alfabetiske oversikten.