Forside:Slåttonn

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Om Slåttonn
Slåttonn på Kråkstad prestegård i Ski ca 1880.
Foto: Fra Kråkstad : em bygdebok, b.1. Martin Østlid, 1929
Raking er viktig for å få lufta høyet godt og få det opp frå råmen. Bildet viser trulig raking på Røyse i Skreien, Østre Toten.
Foto: ukjent
(ca. 1910?)

Slåttonn er den intensive onna der ein slår gras og konserverer det til vinterfôr. Tradisjonelt har slåttonna vore basert på tørking av gras og andre engvekstar til høy. Sjølve slåtten vart tradisjonelt gjort med ljå. Høyet vart enten tørka som flathøy (som vart raka i hop til såter om kveldane og om vêret slo om til regn) eller hesja. Tørrhøyet vart oftast bore eller kjørt inn på låven eller i mindre løer. Ein kunne òg sette høyet i stakk. I løpet av 1800-talet vart det vanlig å bruke hesten til stadig fleire deler av slåttonna, inkludert slåing med slåmaskin, snuing av flathøy med venderive og ihopraking av graset/høyet med samlerive. Innover 1900-talet har traktoren gradvis teke over for hesten. Det har òg vore ein overgang frå høyonn til siloonn — særlig i samband med storfedrift.   Les mer ...

 
Smakebiter
Hesjing på Hals ved Sålåsundet i Aure kommune på Nordmøre.
Foto: Dena Utne
(2013)
NEG 51 Hesjer er ei spørjeliste sendt frå Norsk etnologisk gransking i 1955 med tittel Hesjer. Utsendar var Hilmar Stigum eller Nils Lid.   Les mer …

Agria 1300 R m ILO 5 HK 2T-motor 1954-mod
Motorslåmaskina sitt inntog i norsk jordbruk må ha ein god del av æra for at kulturlandskapet er halde i hevd etter at ljåen og hesteslåmaskina gjekk ut av bruk midt på 1950-talet. Dei tidlege maskinene med totaktsmotor utan turtalsregulator kunne vere ein prøvelse for køyrekarane når det var tynt med gras og motoren gjekk "magert" (for lite bensin i høve til luftmengde). Turtalet på motoren går opp, kniven i slåtteapparatet går raskare fram-og-tilbake og styrehandtaka ristar meir enn ved normal slått. Fingrane og skuldrane visnar bort grunna risting i styrehandtaka. Det var ikkje uvanleg at slåttekarane måtte matast ved bordet etter ein lang dag på slåttetegen. Dei fekk ikkje opp hendene og fingrane ville ikkje virke lenger.   Les mer …

Skorde (skordstaur) på hesjeTustnaNordmøre.
Foto: Olve Utne
Skorder er skråstilte staurar, stranger eller stokkar som først og fremst blir bruka til å stø opp hesjer og båtar; og i somme tilfelle bygningar. Skorder til hesjer, òg kalla skordstaurar, er vanligvis staurar eller stranger, og dei kan ha kløft i øverenden. I samband med hesjer er poenget å stabilisere hesja i forhold til skeivheit, for eksempel på grunn av skeiv staur eller skeiv pålegging, og vind. Båtskorder er ofte laga av sjølvvoksne emne med stamme og to greiner; eller dei kan vera laga av fjøler som er spikra saman til eit stativ med to korte føter i ytterenden. Denne sistnemnte typen blir òg kalla bordbittjo (bordbikkjer) ved Imarsundet i Aure kommuneNordmøre. Det finst òg skorder på ein del gamle bygningar, inkludert Rødven stavkyrkje i Romsdal og Kvernes stavkyrkje og Grip kyrkje på Nordmøre.   Les mer …

Reip med reiphegd.
Ei reiphegd, òg kalla hegd og reipheld, er ei lykkje eller ein ring av tre i eine enden av eit reip eller tau. Sjølve hegda er gjerne bøygd til av tre og ihopbunden i krysset. Hegda kan brukast til å tre reipet gjennom att for å halde saman ei reipslegen bør (sjå hekt og tau), eller ho kan leggast kring eit skaft eller liknande tre for å gyrde fast børa på ei høybåre, ein slede eller liknande.   Les mer …

Utsyn over «barndommens rike». Til høgre nede ved vegen ser vi Sæterbakken. Sentralt i bildet huset til bakaren. Han hadde bakeri i kjellaren og leverte ferske brød i nabolaget og vidare utover Strinda. Litt bak til venstre heimen min, Sæterhaugen.
Foto: Fjellander Widerøe (1958)
Eg voks opp på Strinda utanfor Trondheim, på ein villaeigedom frådelt Sæterbakken. Det er berre ca 8 km frå torget i Trondheim, men på slutten av 1950- og 1960-talet var dette rein landsbygd, sjå Fjellanger-Widerøe-bildet frå 1958 på lenka under. Sæterbakken var framleis i vanleg drift med mjølkeproduksjon, og den viktigaste kraftkjelda på garden var hesten, ein fjording. Eg hugsar eg spurte om – eller i alle fall fekk vete – kvifor brukaren ikkje hadde traktor, låvebrua var for bratt og krapp. For oss ungane var slåttonna ei morosam tid, særleg etter at graset var kome opp i hesjene og vi kunne springe rundt dei, krype under og gøyme oss mellom. For ikkje å nemne når høykøyringa starta – da stilte vi opp for å trakke høylasset saman, og fekk av og til sitte på ned til garden og opp att.   Les mer …

Bering av høybåre på TustnaNordmøre i juni 2012.
Foto: Hallgjerd Utne
Ei høybåre er ein stigeliknande landbruksreiskap som blir bruka til å bera inn høy under slåttonna. Høybåra har nok særleg vorte bruka på husmannsplassar og på sjølveigande småbruk som ikkje var store nok til å ha, eller leige, hest og vogn. Høyet blir kasta ihop til rekkjer og ordna i kjemmer med riva. Så legg ein kjemmene på båra, ei for ei, til lasset er stort nok. Lasset blir gjørdt (gyrdt) med eit taug med reiphegd (trelykkje) i eine enden, og så ber to personar båra mellom seg til låven eller løa. Vel inne blir tauget teke av lasset, og ein velter båra slik at høyet legg seg på stålet. Etterpå blir høyet tradisjonelt kasta til rettes og nedtrakka. Høyet skulle vera kompakt så «høyveggen» stod loddrett utover vinteren — slik følgte ein med kor mykje av høyet som var att.   Les mer …
 
Kategorier for Slåttonn
 
Andre artikler