Hoslemo (Bykle gnr 4-5)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk
Hoslemo
Hoslemo 1.jpg
Mot Hoslemo frå riksvegen 7.2.2006. Midt på biletet ser ein tunet i Uppigard,nedanfor skimtar ein huset til Tallak Bjørnarå.
Foto: Aanund Olsnes
Alt. namn: Holtzmon (1479)
Rydda: høgmellomalderen eller tidlegare
Stad: Hoslemo
Sokn: Bykle
Kommune: Bykle
Fylke: Aust-Agder
Gnr.: 4 og 5
Type: Gardsbruk
Den gamle brua nedanfor Hoslemo på prospektkort frå 1890-talet. Frå samlinga til Ingebjørg Vegestog.

Hoslemo ligg på vestsida av riksvegen frå Skarsmo mot Berdalsbru. Frå Hoslemo til Bykle kyrkje er vel ei mil, og i eldre tid budde det ikkje folk på denne mila. Til næraste granne, Glidbjørg, er nå kring 4 km. Frå tuna i Hoslemo kan dei ikkje sjå andre gardar. Tuna ligg kring 700 m over havet, i ei nokså bratt, solrik sørhelling. Framfor seg har dei vide furumoar, attanfor ligg fjellet. Tregrensa er ikkje langt unna.

Om gardsnamnet skriv Amund B. Larsen (NG 8, 212) som fylgjer:

Navnet synes at indeholde Gen. Ent. af hasla f., som betyder Hasselstang. Dette Ord forudsætter naturligvis ikke, at Hassel har voxet her (den naar ialfald nu ikke til Bykle); selv Stænger af en anden Træsort vilde kunne kaldes saa, naar de blev anvendt, til et Formaal, hvortil man pleiede at bruge Hasselstænger. Hvilken Betydning det her i Ent. skulde have, er dog vanskeligt at afgjøre, hvis det ikke er Elvenavn, som ofte andre Steder, se NE. S. 92. Der gaar her en Tverelv fra Vest ud i Otra.

At Larsen set namnet i samband med hasl, m, hassel, kjem nok av at det finst ei rekkje med skriftformer frå kring år 1600 og frametter der gardsnamnet vert skrive som Haslemo og variantar av dette. Men heilt overtydande tykkjest denne forklaringa ikkje utan vidare. Vel er det kanskje mogeleg at her ein gong kan ha vakse hassel, men det er nå likevel nokså hypotetisk. Om futar og andre vinkelskrivarar i dansketida kanskje har tenkt seg at namnet hadde med hassel å gjera, bør vel heller ikkje tilleggjast avgjerande vekt.

Den eldste kjende skriftforma av namnet er Holtzmon frå 1479, og som ein ser er rotvokalen i fyrelekken her o, på same måten som i det moderne namnet. Men det diplomet der denne namneforma er å finne (DN X, s. 203) gjev inntrykk av ustø skrivemåte:

«Holtzmon som ligger i Byglesonk», står det. Når diplomskrivaren har greidd å kaste om på bokstavane i -sokn, og fått det ordet til å verta -sonk, ligg det nær å tenkje at også gardsnamnet kan vera feilskrive. Men i så fall er det meir sannsynleg at konsonantane kan ha bytt plass enn at rotvokalen skulle ha vorte endra. På denne bakgrunnen tykkjest det mest truleg at rotvokalen i det opphavlege grunnordet i fyrelekken må vera o, og ikkje a.

Dette kan vera ein av grunnane til at Tarald Nomeland i den gamle gards- og ættesoga (1966, s. 221) har slege ned på hoss, n, som det mest sannsynlege grunnordet i fyrelekken hosle-. Hoss har i gamalnorsk tydinga 'merr', i nyare mål har ordet også har fått sidetydinga 'ungkretur'. I tilslutting til dette har Folke Nesland peika på at ei tyding på grunnlag av hoss vert styrkt av at den gamle driftevegen frå Bykle og over til Suldal gjekk vestetter frå Hoslemo. Her må det ha fare mangt eit hoss forbi.

Men norskfilogen Olav Haslemo har i hovudoppgåva si om stadnamn i Hoslemo-krinsen frå 1967 (67 f), avvist forklaringa åt Nomeland på språkleg grunnlag:

Språkleg let det seg ikkje gjere utan å dra inn faktorar som elles er ukjende i språkhistoria å få eit *Hossamór (<*Horsamór < *Hrossamór) til å verta Hoslemo.

Det Haslemo her seier er tvillaust rett, Nomelands hoss tek rett og slett ikkje vare på l-en i gardsnamnet. I det neste stiget i drøftinga fell Haslemo difor attende på Amund B. Larsens hassel-tolking. Den vidare grunngjevinga hans for dette er at jamvel om det ikkje veks hassel i Hoslemo i dag, «tillet ikkje det oss å dra den slutning at tresorten aldri har funnest i området», dette så mykje meir som ein konservator ved Botanisk museum faktisk har konstatert hassel endå høgre over havet i Vang i Valdres.

Denne argumentasjonen er logisk nok, men slik me ser det er det likevel noko utilfredsstillande ved å byggje namnetolkinga på at eit botanisk fenomen kanskje kan ha funnist ein gong i tida. Ei tolking som går attende på noko som utan tvil var til stades i rik mon, i dette tilfellet hoss, virkar meir tilforlateleg. Men korleis skal ein då få teke høgde for l-en i Hoslemo ?

Det let seg gjera dersom me tenkjer oss at fyrelekken i Hoslemo er samansett av to ord, hoss og le, det siste då i tydinga 'opning i gjerde'. Denne tolkinga, som fyreset ei namneutvikling *Hrossahliðsmór > *Horsahliðsmór > *Hosselemo > Hoslemo, vil etter det me kan skjøne ikkje koma i konflikt med alminneleg språkhistorisk kunnskap.

Lenger kjem me ikkje med namnet, og dermed kan me leggje den reine filologien attom oss, og gå over til meir handfast gardssoge.

Gardsbruk og bustadtomter under gnr 4 og 5 Hoslemo

Bnr Bruksnamn Skyld i øre Utskilt ifrå Matr. Kategori Etabl.
4/2 Uppigard 105 1665 hovudbøle 1350 seinast
4/1
4/9
4/10
Åsen 16 4/2 og 5/1 1858 attlagt gardsbruk, høyrer til 4/2, 4/3 og 4/8 1820 ca.
4/3 Nordigard 53 4/2 1883 gardsbruk 1874
4/4 Hoslemo skog 1 4/2 1838 skogstykke, etter 1953 berre ei tomt 1728
4/5 Haugen 6 4/2 og 4/3 1890 småbruk 1875 (plass)
4/6 Åsheim 1 4/2 1927 småbruk 1926
4/7 Øvre Åsheim 1 4/3 1927 småbruk 1926
4/8 Nordgarden 53 4/3 1929 gardsbruk 1929
4/11 Øvre Flæmoen 1 1953 småbruk 1953
4/25 Brugata 10 1 4/11 1974 bustadtomt 1974
4/33 Skogly 1 4/7 1976 bustadtomt 1960
4/55 Hagestøyl II 1 4/2 1990 bustadtomt 1990
5/1 Nigard 76 4 1825 gardsbruk 1350 seinast
5/2 Bergtun 1 5/1 1952 bustadtomt 1950
5/4 Fossheim 1 5/1 1954 bustad-/butikktomt 1942
5/7 Skogheim 1 5/1 1967 bustadtomt 1967
5/9 Bergsland 1 5/4 1969 bustadtomt 1969
5/32 Skogly 1 5/1 1988 bustadtomt 1972

Den udela garden

I dag er det ei heil grend i Hoslemo, og slik har det vore ei god stund, men lengst attende var det berre ein gard. Å døme etter storleiken på det samla gardsvaldet i dag, som er på litt over 28 000 mål, tykkjest det ha vore ein heller stor gard, men i eldre tid vart ikkje bjørkeskog, heiar og fjellvidder rekna å ha særleg verdi, og difor vart landskylda nokså låg.

Nå er det slik at me for denne garden har kleint med landskyldoppgåver eldre enn 1838. Om Uppigard veit me at skylda i 1666 og 1723 var 5 kalveskinn, men når det gjeld Nigard har me berre 1800-talsskylda og dertil ei innførsle i odelsmanntalet frå 1624, der det heiter at Åvold Knutsson i Gjerden åtte 1 1/2 kalveskinn i Hoslemo. Ettersom Nigard høyrde til Gjerden i seinare tid, er det nok sannsynleg at det var denne delen av garden Åvold åtte. Me har fleire grunnar til å meine dette, men dei kjem me attende til i Nigardsbolken. I alle høve vert konklusjonen at den gamle skylda på Hoslemo må ha vore på 6 1/2 kalveskinn, av dette 5 skinn på Uppigard og 1 1/2 på Nigard.

I 1838-matrikkelen er Nigard oppført med ei skyld på 2 ort og 8 skill, medan Uppigard då sto 1 dalar 1 ort og 20 skilling. I den nye matrikkelen frå 1888 vart Nigard sett til 77 øre, resten av Hoslemo til 2 mark 99 øre.

Mønsteret i oppdelinga av det opphavlege hovudbølet skulle gå fram av oppstillinga i tabellen ovanfor. Dei einskilde bruksnummera i oversikta kjem me til i eigne artiklar.

Når det gjeld alderen på garden, kan ein utan vidare slå fast at han iallfall lyt kunne setjast til å vera frå høgmellomalderen [dvs. fyre 1350], og kanskje endå eldre. Dette gjev seg sjølv, når ein kjenner til at han er nemnd i eit diplom frå 1479.[1] Me kjem straks attende til innhaldet i det brevet, men i samanhengen her er det alderen på kjelda som er poenget. For å spara ei lang og innfløkt grunngjeving set me på dette punktet inn eit sitat frå historikaren Jørn Sandnes, som framleis vel er den fremste spesialisten på området (Sandnes, J. og H. Salvesen: Ødegårdstid i Norge, 1978, 19):

I størstedelen av landet, og sikrere jo mer utpregede ødegårdsdistrikter det gjelder, kan det med stor sannsynlighet sluttes at en gård som er belagt første gang i skriftlig kildemateriale [eldre enn] ca 1550, også eksisterte i høgmiddelalderen

Me nemnde diplomet frå 1479, som inneheld den eldste skriftlege omtalen av Hoslemo. Brevet er eit skøyte, og fortel ikkje stort meir enn at ein Bjørn Jonsson i det nemnde året kaupte halve Hoslemo og halve Vatnedalen av ein Asbjørn Helgesson, og at prisen var «6 kyrlag». Brevet er skrive og tinglyst på Froland i Telemark, står det, og av det kan ein kanskje slutte seg til at anten seljar eller kaupar har budd i Mo. Derimot kan ein ikkje slutte at nokon av dei har halde til i Hoslemo, for det seier brevet seier ingenting om. Elles vil me tru at den Bjørn Jonsson som kaupte halve Hoslemo er same mannen som er nemnd som eigar i Byklum og Gjerden ved dette leitet, og som difor er litt omrødd i bolkane om dei gardane. Utan at det ligg fyre noko prov direkte for dette, vil me meine at garden her i 1400-åra sto folketom, og at han hadde gjort det sidan Svartedauden.

I bolken om Gjerden er det fortalt at ei Svålaug Herbjørnsdotter bytte bort noko eigedom ho hadde i Gjerden og Lunden Byklum mot tilsvarande eigedomspartar i Berg i Valle, landskyldstorleiken på desse partane vert ikkje nemnt. (Den gamle gardsog ættesoga (127) gjev opp farsnamnet åt Svålaug som Herbrandsdotter, men det er ei feillesing.) Kva tid den nemnde handelen sto går ikkje fram, men det må ha vore ei tid fyre 1587, då brevet om han vart skrive. Endå noko tidlegare var det etter same brevet ein Aslak Tarjeisson som hadde vilja taka Gjerden på odel frå Svålaug, men det hadde ho «vendt han ifrå» med å gjeva han Hoslemo. I den gamle gards- og ættesoga (127) les me at Svålaug gav Aslak neire Hoslemo i odelsløysing», men det som står i brevet er at han fekk Hoslemo. Dette kan då vera Uppigard eller Nigard, eller båe. Om Svålaug eller Aslak nokongong budde i Hoslemo, kan ingen vita sikkert. Kjelda fortel berre at dei båe åtte garden kvar sitt bil.

Likevel har me namna på eit par karar som lyt ha budd i Hoslemo mot slutten av 1500-åra. Dei heitte Tarjei og Knut Hoslemo, og i det brevet som nemner dei vert det fortalt at dei i 1596 selde 2 markebol i Byklum til Herbjørn Gunnulvsson Bjørgum ( jfr. Valle II, 43). Alfred Ryningen har ymta om at denne Herbjørn kanskje var skyld ovannemnde Svålaug Herbjørnsdotter, og så sjeldant som Herbjørnsnamnet var, tykkjest det godt truleg (jfr. Valle III, 459).

Men å plassere Tarjei og Knut Hoslemo i ættesamanheng kan berre verta på vona. Det er vel rimeleg at dei kan ha vore skylde i Byklum og Gjerden, men me kjenner for få namn frå denne tida til at me torer knyte dei i hop. Likevel kan under noko tvil nemnast ein Knut Bjørgulvsson, som vitna for soknepresten i rettssaka om kyrkjejorda i Byklum i 1624. Utanom dette veit me ingenting om han, men det er mogeleg at denne mannen kan ha budd i Hoslemo, for me har ikkje sett noko som tyder på at han heldt til nokonstad i Kyrkjebygdi, og endå var han altså så kjend at han kunne vitne om eigedomar og deilder der. Om det faktisk er rett at denne Knut var frå Hoslemo, kunne han kanskje vera identisk med den Knut-en som hadde eigedom i Byklum til sals i 1596.

Den neste kjelda som nemner folk i Hoslemo er frå 1599. Det brevet det her er tale om fortel at ein Vetle Knutsson i Hoslemo i det nemnde året pantsette halve Hoslemo «og fjerdeparten av den andre halvparten» til Torleiv [Åsmundsson] Rygnestad for 32 riksdalar (jfr. den gamle gards- og ættesoga, 168). For dette skulle han betale 3 dalar i året i rente og endå fø eit ungnaut, står det.

Me kjenner ikkje meir til Vetle Knutsson, men det som er meir interessant med den refererte passasjen, er at han kan tyde på at Hoslemo på denne tid var dela i to halvpartar, som vart rekna for separate eigedomar, slik at dei laut pantsetjast kvar for seg. Dette peikar helst i retning av at Nigard alt fyre år 1600 har vore kløyvd ifrå, og rekna som ei eining for seg sjølv. Me kjem attende til dette i bolken om Nigard.

Dermed har me kommentert det me har funne av kjeldestader eldre enn 1600 der Hoslemo er nemnt. Fyrr me går vidare tykkjest det vera på sin plass å seia noko om kjeldesituasjonen i tida som fylgjer, for den er nokså spesiell for denne garden.

Omlag alle gardbrukarar svara skatt, og når det gjeld både 1600- og 1700-talet er difor skattelistene mellom dei viktigaste kjeldene for å finne fram til oppsitjarane på gardane. Såleis er det ikkje når det gjeld Hoslemo, som kverv som eigen gard frå skattelistene etter 1630. Utpå 1640-talet dukkar garden fram att, men vert då berre oppskriven som underbruk under Byklum, utan namngjevne oppsitjarar og utan eiga landskyld. Såleis held det fram til 1723, då garden kjem inn att i skattelistene, men jamvel etter dette er det heller sjaltre med opplysningar, ettersom det berre er det eine av bruka i garden som vert registrert som eige skatteobjekt. Dette er tydelegvis Uppigard, medan Nigard på papiret ligg som ein slags plass under Gjerden ut heile 1700-talet, og ikkje vert matrikulert for seg sjølv fyrr ein gong i 1820-åra.

Dette er rart, for vel er det likt til at desse bruka stundom kan ha stått utan folk, og ein periode låg dei som nemnt som plassar eller tilleggsbruk under Byklum og Gjerden, men stundom finn ein likevel vitord om at her var folk, at eigedomane, eller delar av dei, var på handel, og at oppsitjarane åtte dei, endå skattelistene i og for seg kunne tyde på at her ikkje var nokon. Me har ikkje noko skikkeleg forklaring på dette, og kan berre ymte om at det medvite eller umedvite kan ha vorte gjort ein eller fleire feil på futekontoret, og at denne eller desse sidan har vorte ført vidare av gamal vane.

Frå 1610 og frametter til og med 1619 står det uttrykkeleg i landskattelistene at det ikkje budde nokon i Hoslemo, så då skulle me kanskje tru at det var såleis. I så fall lyt dei ovannemnde Tarjei, Knut og Vetle ha fare herifrå, eller eventuelt døytt, utan å få etterfylgjarar på garden. Båe delar er sjølvsagt i og for seg godt mogeleg, men så har me eit brev frå 1619, som er skrive på Eppeland i Åmli. Her går det fram at ein «Torckill Jørgensen boendis paa Hasslemoen udj Valle Prestegiæld» har selt ein gardpart på 2 huder i Odde i Evje. Me kan ikkje her gjeva oss til å undersøkje den sistnemnde garden nøyare, men eit raskt oppslag i den prenta skattematrikkelen frå 1647 viser at den eine av dei tre oppsitjarane der det året heitte Torkjell. Kan det ha vore same mannen som hadde vore i Hoslemo 26 år tidlegare? Men korleis det nå var eller ikkje var med dette, eit par år etter at Torkjell vert nemnd som seljar finn me ein annan gardbrukar i Hoslemo.

Denne mannen heitte Eivind Hoslemo, og er oppskriven i rubrikken for «ødegaardsmænd og husmænd» i landskattelistene frå og med 1621 til og med 1630. Sidan ser ein ikkje meir til han, og heller ikkje ser ein på langsameleg tid meir til Hoslemo som sjølvstendig gard.

Som me var inne på ovanfor det likevel grunn til å tru at Nigard var ei eining for seg sjølv alt kring år 1600. I det fylgjande skal me difor freiste å taka kvart bruk for seg, jamvel om det til å byrje med er tynt med opplysningar å finne om dei.

Referansar

  1. DN X, nr. 253.

Kjelder


0941 Bykle komm.png Hoslemo (Bykle gnr 4-5) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Maurstad (II) • Neste bolk: Uppigard Hoslemo