Bømlo kystlag vart stifta i 1994 og har i dag 60 medlemmer. Kystlaget er eitt av 120 lokale kystlag som er organisert under Forbundet KYSTEN, med over 9500 medlemmer. Kystlaget sitt formål er å ta vare på kunnskap, handverk, historie og tradisjonar tilknytt den lokale kystkulturen.
Bømlo kystlag eig og disponerer i dag to skøyter. Den største skøyta, « Guløy» med ein 40 Hk Wichmann er hjå Riksantikvaren registrert som bevaringsverdig. Kystlaget arbeider for tida med å søkja Riksantikvaren og andre om midlar til restaurering, noko som vert eit ressurskrevande prosjekt. Les mer …
Kalvåg kystlag er eit kystlag i Kalvåg i Bremanger kommune, Vestland fylke. Laget vart stifta den 19. februar 2004 etter initiativ frå Johan Frøyen og Åge Tansøy. Kystlaget hadde frå starten 19 medlemmar, i 2014 var medlemstalet 145.
Kalvåg kystlag har fire båtar: "Nigaren", som er ein rogavl bygd i Hardanger 1928; "Femkjeipen", som er omlag 150 år gammal, brukt til fiske, som kyrkjebåt og elles til frakting av dyr mellom holmane; "Slagkjeipen", kjøpt av kystlaget i 2006, kjem opprindeleg frå Hauge; Færingen "Sevald" er gitt i gåve frå Reidun Liset Svarstad. Kalvåg kystlag er medlem av Forbundet KYSTEN. Les mer …
|