Eigedomstilhøve i Jostedalen før 1800
Gardane i Jostedalen i Sogn og Fjordane har følgt ei temmeleg vanleg rute frå kyrkjegods i mellomalderen gjennom kongeleg gods og privatgods i tidleg nytid til sjølveige frå 1700-talet. Dette er eit oversyn over eigartilhøva som gjeld dei matrikulerte gardane fram til overgangen til sjølveige var fullført før 1800. Det femner ikkje om den seinare matrikuleringa og overgangen til sjølveige for dei mange husmannsplassane. (For ei generell innføring, sjå Leksikon:Jordeiendomsforhold.)
Frå kyrkjegods til kongegods
I skattematrikkelen 1647 heiter det om alle gardane i Jostedalen at dei "ehr Apostelsguodtz", og bygda har truleg vorte ein del av godset til Apostelkyrkja i Bergen alt i mellomalderen. Til liks med anna apostelgods er ikkje jostedalsgardane nemnde i Bergens kalvskinn.
Med reformasjonen i 1536/37 la kongen under seg alt kyrkjeleg gods, så seinast frå dette tidspunktet har nok Jostedalen vore i kongeleg eige. Det er òg temmeleg sikkert at Jostedalen vart folketom i nedgangstida i seinmellomalderen, så Jostedalen vart av den grunn òg kongeleg eigedom. I 1664 er Jostedalen omtala som "tilforen Kongens Øde march".[1]
Då Jostedalen vart folkesett att i siste halvdel av 1500-talet, må dalen ha høyrt til Dale len. I 1565 vart Dale prestegjeld skilt ut frå Sogn len som eit eige len. Denne ordninga stod ved lag til 1614 då Dale vart lagt under Bergenhus len.[2]
Privateigd gods
I det statlege gjeldsoppgjeret etter 1660 selde kongemakta ut mykje jordegods, og det galdt òg Jostedalen. 24. januar 1664 fekk lagmann og stiftsamtmannforvaltar Hans Hansson Lillenskiold frå Askøy skøyte på jostedalsgodset. Det femnde på dette tidspunktet om all jordeigedom i Jostedal prestegjeld unnateke kyrkja og prestegarden. Det låg ikkje gods korkje til kyrkja eller prestegarden.
Lillenskiold selde 26. mars 1681 dalen vidare til Bertha Ludvigsdotter Munthe på Flahammar i Luster, enkja etter futen Christoffer Giertsen. Gjertsen hadde tidlegare fått hand om mykje av apostelgodset i Indre Sogn. Etterkomarane deira kalla seg sidan Munthe.[3]
Bertha Munthe selde unna éin gard, Myklemyr, til prestesonen Hans Ottoson Ravn i 1682. Resten av godset gjekk til sonen Ludvig Munthe, sokneprest i Vik. Den tida Ludvig Munthe sat med godset selde han berre unna éin gard, Bjørkehaugen, i 1691. Etter Ludvig Munthe gjekk godset udelt til sonen Christopher Munthe, sokneprest i Hafslo. Han selde ikkje unna ein einaste gard, men i arveoppgjeret etter at Christopher døydde i 1754, vart jostedalsgodset delt på tre av sønene: Gerhard Munthe, Jens Munthe og Christopher Munthe. Det var i all hovudsak dei som selde unna gardane til brukarane, dei fleste i 1770-åra (sjå tabellen).
Overgangen til lokalt bondeeige
Det følgjande oversynet tek berre med fyrste tidspunkt gardar i Jostedalen gjekk frå eksternt eige til lokalt bondeeige. Ikkje alle gardar vart i fyrste omgang kjøpte av gardbrukaren på garden, sjølv om det var det vanlegaste. Dette er difor ikkje heilt ut overgangen til sjølveige i Jostedalen.
Gnr | Gard | År | Fyrste sjølveigar | Siste godseigar | Merknader |
---|---|---|---|---|---|
186/1 | Nedre Myklemyr | 1682 | Hans Ottoson Ravn | Bertha Ludvigsdotter Munthe | Overgangen til sjølveige var seinare for dei andre bruka, men eigartilhøva var lenge skiftande og kompliserte. Øyane 1994, s. 2ff |
187 | Ormberg | 1771, 10. september | Anders Andersson Ormberg | Ludvig Munthe | Øyane 1994, s. 95 |
188 | Fossen | 1778, 28. juli | Knut Guttormson Ødegaard | Jens Munthe | Øyane 1994, s. 118 |
189 | Sperla | 1764, 1. juni | Erik Christenson Fossehaugen | Ludvig Munthe | Øyane 1994, s. 175 |
190 | Åsen | 1771, 10. januar | Ole Anderson Åsen | Ludvig Christopherson Munthe | Øyane 1994, s. 212 |
191 | Nedrelid | 1771, 10. september | Lars Halvorson Garen | Ludvig Christopherson Munthe | Øyane 1994, s. 255 |
192 | Bruheim | 1787, 13. oktober | Sjur Olson Breum | Hartvig Kaas Gerhardson Munthe og Frantz Rieck Gerhardson Munte | Øyane 1994, s. 276 |
194 | Bakken | 1778, 28. juli | Lars Sjurson Bakken | Jens Christopherson Munthe | Øyane 1994, s. 376 |
195 | Bjørk | 1765, 6. mars | Anders Tøgerson Bjørk | Gerhard Munthe | Øyane 1994, s. 425 |
196 | Vamberg | 1778, 28. juli | Otto Larsson Vamberg | Jens Christopherson Munthe | Øyane 1994, s. 462 |
197 | Ytri | 1794, 3. juni | Knut Jetmundson Ytri | Peder Leganger Rumohr | Var i 1794 det siste leiglendingsbruket i Jostedalen. Øyane 1994, s. 4 |
198 | Kjervik | 1771, 10. september | Erik Knutson Kjervik | Ludvig Christopherson Munthe | Øyane 1994, s. 498 |
199 | Kreken | 1771, 10. september | Ole Henrikson Kreken | Ludvig Christopher Munthe | Øyane 1994, s. 521 |
200 | Espe | 1770, 16. mars | Lars Jetmundson Espe | Gerhard Munthe | Lars måtte gje frå seg garden att i 1772 til Jens Christopherson Munthe etter ei odelssak, men fekk kjøpt garden av han att 28. juli 1778. Øyane 1994, s. 545 |
201 | Elvekrok | 1778, 14. april | Knut Olson Elvekrok | Jens Christopherson Munthe | Øyane 1994, s. 574 |
202 | Mjølver | 1787, 23. oktober | Rasmus Erikson Bergset | Frantz Wilhelm Riech Munthe og Christopher Munthe | Andre halvparten kjøpt av Chr. Munthe 25. mai 1788. Øyane 1994, s. 597 |
202/7 | Bjørkehaugen | 1691, 6. mars | Anders Sjurson Kruna | Ludvig Christopherson Munthe | Bruket var i lokalt bondeeige frå 1691, men den fyrste brukaren som var sjølveigar, var Ole Jetmundson Bjørkehaug som kjøpte bruket 7. juni 1781. Øyane 1994, s. 629 og 632 |
203 | Li | 1771, 10. september | Hans Olson Lien | Ludvig Christopherson Munthe | Øyane 1994, s. 668 |
204 | Nedre Fåberg | 1778, 28. juli | Lars Andersson Fåberg | Jens Munthe | Øyane 1994, s. 693 |
205 | Øvre Fåberg | 1778, 28. juli | Ole Olson Fåberg | Jens Munthe | Øyane 1994, s. 722 |
206 | Haugen | 1778, 28. juli | Anders Paulson Haugen | Jens Munthe | Øyane 1994, s. 749 og 753 |
207 | Hellegård | 1772, 20. februar | Peder Hermundson Hellegård | Jens Christopherson Munthe | Øyane 1994, s. 785 |
208 | Kruna | 1757, 26. oktober | Knut Rasmusson Kruna | Jens Christopherson Munthe | Øyane 1994, s. 828 |
209 | Snøtun | 1778, 28. juli | Anders Pederson Snøtun | Jens Munthe | Øyane 1994, s. 851 |
210 | Grov | 1758, 10. januar | Otto Olson Grov | Jens Munthe | Øyane 1994, s. 875 |
211 | Bergset | 1771, 10. september | Hans Olson Lien | Ludvig Christopherson Munthe | Øyane 1994, s. 895 |
Notar
Litteratur
- Øyane, Lars E. (1994). Jostedal sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 5). Gaupne: Luster kommune, s. 686-716. (Digital utgåve, NBdigital)