Forside:Valdres

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Portal Valdres

Kart over Valdres, med den historiske vandreruta Stølsrute teikna inn.

Valdres er eit landskap i Oppland, med kommunane Nord-Aurdal, Sør-Aurdal, Øystre Slidre, Vestre Slidre, Vang og Etnedal.Dalføret femner størstedelen av nedbørsområdet for Begnavassdraget nord for Sperillen og den øvre delen av Etnedal landskapsområde med kringliggande fjellstrok. I sør finn ein Begnadalen og Hedalen. I nord er Valdresflye ein del av Jotunheimen. Valdres reknast med til Austlandet, men er òg eit grenseområde til Vestlandet. Den eldste busetninga i dalen kom vestfrå, og Valdres var lenge under Gulatingslagen. I 1153 vart dalen ein del av Stavanger bispedøme.

Den største tettstaden, og den einaste mer over 1000 innbyggjarar er Fagernes i Nord-Aurdal. Fagernes som fekk bystatus i 2007 og har drygt 1900 innbyggjarar (2018). Andre tettstader, med folketal per 2018 i parentes, er: Leira i Nord-Aurdal (873), Bagn i Sør-Aurdal (668), Aurdal i Nord-Aurdal (681), Beitostølen i Øystre Slidre (349), Slidre i Vestre Slidre (346), Røn i Vestre Slidre (283), Heggenes i Øystre Slidre (283), Moane i Øystre Slidre (230) og Bruflat i Etnedal (248).

E16 og fylkesveg 51 går gjennom Valdres. Det er bussamband frå fleire stader i dalen til Oslo, Bergen, Gjøvik og Gol. Valdresbanen gjekk til Fagernes, og vart nedlagd i 1989. Fagernes lufthamn, Leirin var den høgast liggande flyplassen i Nord-Europa, på 822 moh. Den hadde daglege avgonger til Oslo lufthavn, Gardermoen. Lufthamna vart opna i 1987, og nedlagd i 2018.
Aurdal stasjon. Biletet er nok teke ikkje så lenge etter opninga i 1906.
Foto: Ukjend

Aurdal er ein tettstad i Nord-Aurdal kommune i Valdres. Det bur drygt 670 menneske der (2019). Aurdal ligg ved E16 mellom Leira og Bagn, kring 13,5 kilometer søraust for Fagernes.

Stadnamnet er truleg samansett av aurr og dalr. Aurr har fleire tydingar, men i dette høvet er det nok 'grus' eller 'væske' som er det rette, og at det er elva Begna eller elvegrusen langs ho det viser til.

Fram til 1805 var staden sentrum for Aurdal prestegjeld, med Aurdal kyrkje frå 1737 som hovedkyrkje. Nær tettstaden finn ein òg Aurdal fjellkyrkje.

Frå 1906 til 1988 var det persontrafikk på Valdresbanen til Aurdal stasjon. Stasjonen brann ned i 1990-åra, og skinnegangen vart fjerna i 2002.

Litteratur og kjelder