Forside:Valdres

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Portal Valdres

Kart over Valdres, med den historiske vandreruta Stølsrute teikna inn.

Valdres er eit landskap i Oppland, med kommunane Nord-Aurdal, Sør-Aurdal, Øystre Slidre, Vestre Slidre, Vang og Etnedal.Dalføret femner størstedelen av nedbørsområdet for Begnavassdraget nord for Sperillen og den øvre delen av Etnedal landskapsområde med kringliggande fjellstrok. I sør finn ein Begnadalen og Hedalen. I nord er Valdresflye ein del av Jotunheimen. Valdres reknast med til Austlandet, men er òg eit grenseområde til Vestlandet. Den eldste busetninga i dalen kom vestfrå, og Valdres var lenge under Gulatingslagen. I 1153 vart dalen ein del av Stavanger bispedøme.

Den største tettstaden, og den einaste mer over 1000 innbyggjarar er Fagernes i Nord-Aurdal. Fagernes som fekk bystatus i 2007 og har drygt 1900 innbyggjarar (2018). Andre tettstader, med folketal per 2018 i parentes, er: Leira i Nord-Aurdal (873), Bagn i Sør-Aurdal (668), Aurdal i Nord-Aurdal (681), Beitostølen i Øystre Slidre (349), Slidre i Vestre Slidre (346), Røn i Vestre Slidre (283), Heggenes i Øystre Slidre (283), Moane i Øystre Slidre (230) og Bruflat i Etnedal (248).

E16 og fylkesveg 51 går gjennom Valdres. Det er bussamband frå fleire stader i dalen til Oslo, Bergen, Gjøvik og Gol. Valdresbanen gjekk til Fagernes, og vart nedlagd i 1989. Fagernes lufthamn, Leirin var den høgast liggande flyplassen i Nord-Europa, på 822 moh. Den hadde daglege avgonger til Oslo lufthavn, Gardermoen. Lufthamna vart opna i 1987, og nedlagd i 2018.



Leisterud (alt. navneform Leistrud) er ein matrikkelgard i Vestre Bagn i Sør-Aurdal. Han grensar mot Vøll og Begna i aust, Austegarde og Framgarde i vest og Torsrud og Brattrud i sør.Dei gamle hovedbøla låg på ein avsats i dalsida, på omkring 350 moh. Det vart rydda fleire garder kalla Lie der, og Liagardane er i følgje lokal tradisjon plassar som vart delt ut til seks døtrer av Leisterudbonden. Rydningen skal ha skjedd før Svartedauen. I seinmellomalderen låg garden øyde, og på 1500-talet vart han nyrydda. Skattemessig var garden opphavleg rekna som ein halvgard.

Både Leisterud og Smedsrud var kyrkjegods, tilhørande Reinli kyrkje. Ifølge jordebokea til Stavanger stift eigde kyrkja i 1626 1/2 hud i Leisterud og eit kalveskinn i Smedsrud. Begge gardar vart i 1724 kjøpt frå Sjugurd Alvsson Leistrud av prost Andreas Morland. Smedsrud vart lagt under same matrikkelnummer som Leisterud.

Aars har vore både KrF-politikar og lokalhistorikar. Med boka om Oppland KrF kombinerte han desse interessene.
Foto: Ingvar Skattebu (2010)

Ivar Aars (fødd 20. september 1932 i Oslo) er filolog og pensjonert skolemann. Aars vart i 1964 tilsett ved Valdres gymnas (seinare en del av Valdres vidaregåande skule) som lektor og arbeidde der til han gikk av med pensjon. Frå 1983 var han undervisningsinspektør. Han har òg vore engasjert i politisk arbeid (KrF), speidarrørsla og lokalhistorie i Valdres-bygdene. Aars er busett på Leira i Nord-Aurdal. Han har sidan 1963 vore gift med Ingrid Ødegaard frå Aurdal.