Forside:Arbeiderpartiet

Mal:Forside Politiske parti


Smakebiter fra artikler
Ivar Kleiven. Frå Årbok for Gudbrandsdalen 1954. Fotograf ukjent.
Ivar Kleiven (fødd i Vågå 10. juli 1854, død same stad 19. februar 1934) var bygdebokforfattar, folkeminnesamlar, folkeopplysningsmann, målmann, politikar, turistvert og gardbrukar. Med sine bygdebøker frå Gudbrandsdalen blir han rekna som ein av dei fremste pionerane innan denne sjangeren, ofte nemnd jamsides Lorens Berg og Jacob Aaland i denne samanhengen. Mykje i likskap med desse to var Kleiven på ei og same tid politisk radikal og tradisjonsdyrkar.Kleiven var fødd og oppvaksen på ein mindre gard i Vågå, Søre KleiviLalm. Faren Jakob Ivarsson (1803-1884) var yngre son på ein av dei større gardane i bygda (Snerle). Jakob hadde gifta seg og teke til som gardbrukar på Søre Kleivi i femtiårsalderen, om lag på den tida Ivar vart fødd. Før det hadde han livnært seg på ymse vis, mellom anna som fehandlar, jeger og fiskar. Mor til Ivar, Brit Knutsdotter (1824-1916), kom frå husmannsplassen Svarvarhaugen. Jakob og Brit gifta seg ikkje før eit par års tid etter at Ivar var fødd.   Les mer…


Lebesby kirkested i Laksefjord i 1948.
Foto: Det Norske næringsliv : 13 : Finnmark fylkesleksikon, 1952.

Stedet Lebesby (samisk Davvesiida) ligger på østsiden av Laksefjorden, omkranset av holmer og øyer. Lebesby var fram til 1944 administrasjonssenter i Lebesby kommune.

Gjennom tidene har navnet Lebesby gjennomgått mange endringer. Fra 1500-tallet finner en i svenske kilder stedet omtalt som Daveby. Siden skriver man Lybsby, Libbisby, Lysby o.s.v., til det endelige Lebesby. Det samiske navnet på stedet er Davvesiida som kan oversettes med: Den nordligste samiske boplass.   Les mer…
Skulestyrar og biblioteksjef Sigurd Balsnes
Foto: Norske skolefolk, 1952
Sigurd Balsnes (fødd 22. juli 1901 i Stårheim i Eid kommune, død 30. september 1993 i Vadheim i Høyanger kommune) var lærar, skulestyrar og biblioteksjef. Han tok eksamen ved Volda lærarskule i 1923 og tok kurs i bibliotekstell, skolehagearbeid, engelsk og skulefilm. Han var lærar i Selje i 2,5 år og lærar og skulestyrar i Vadheim krins i Høyanger i 46 år. Han var og klokkar ved Vadheim bedehuskapell og formann i skoleråd og lærerlag. Sigurd Balsnes var bibliotekinspektør i Sogn og Fjordane og biblioteksjef i Høyanger. Han var med på skipinga av fylkesbiblioteket i Sogn og Fjordane og var styremedlem i Norsk bibliotekforening i seks år. Han fekk Kongens fortjenstmedalje.   Les mer…
Per Almås
Foto: Norske skolefolk, 1952
Per Almås (Peder Georg), født 2. august 1910 på Stord, død 16. februar 1991, same stad, var lærar og snikkar. Han tok eksamen ved Volda lærarskule i 1936 og Eksamen artium i 1946. Han var overlærar ved Sogn ungdomsskule (seinare Askelund folkehøgskule) i Balestrand i 20 år frå 1936 og flytte seinare attende til Stord.   Les mer…
Rakel Støyva Apalseth
Foto: Norske skolefolk, 1952
Rakel Apalseth, født 10. januar 1902 i Breim, død 4. juni 1986 i Førde, var lærar. Ho hadde eksamen frå Volda lærarskule 1923-1924 og Den kvinnelige industriskole i Oslo 1939. Rakel var lærar i Byrkjelo krins i Breim 1924-1941, Gloppen 1941-1946 og Førde krins i Breim frå 1946. Ho var og aktiv i IOGT.   Les mer…