Forside:Akershus fylke

Mal:Forside Akershus


Smakebiter fra artikler
Grevehjelm og krone, slik det var føreskrive i forordninga om Grevernis Privilegier. Merk dei elleve «trallene» (bøylene)i visiret.
Lensadel er ei nemning for adelege personar som har godseigedomar i (helst arveleg) forlening og ymse særrettar i vederlag for truskap og tenester overfor lensherren (kongen). Det germanske ordet len har etymologisk same rot som det norske lån, og tilsvara det latinske feudum (lensgods). Meir spesifikt var lensadel nytta som nemning på den nye, høgadelege standen av grevar og friherrar (baronar) som kong Christian V instituerte i Danmark og Noreg med to forordningar av 25. juni 1671. Eit hovudføremål med dette var å styrke det nye einevaldsregimet i høve til den gamle høgadelen. Med heimel i desse forordningane vart det oppretta i alt åtte grevskap og eit større tal baroni i dobbeltmonarkiet i tida som følgde. Grevskapa og baronia vart tillagde kongelege godssamlingar i arveleg forlening. To av grevskapa og eitt baroni vart oppretta i Noreg, dvs. grevskapa Larvik og Jarlsberg og baroniet Rosendal.   Les mer…


Skulestyrar og biblioteksjef Sigurd Balsnes
Foto: Norske skolefolk, 1952
Sigurd Balsnes, født 22. juli 1901 i Stårheim i Eid kommune, død 30. september 1993, Vadheim i Høyanger kommune var lærar, skulestyrar og biblioteksjef. Han tok eksamen ved Volda lærarskule i 1923 og tok kurs i bibliotekstell, skolehagearbeid, engelsk og skulefilm. Han var lærar i Selje i 2,5 år og lærar og skulestyrar i Vadheim krins i Høyanger i 46 år. Han var og klokkar ved Vadheim bedehuskapell og formann i skoleråd og lærerlag. Sigurd Balsnes var bibliotekinspektør i Sogn og Fjordane og biblioteksjef i Høyanger. Han var med på skipinga av fylkesbiblioteket i Sogn og Fjordane og var styremedlem i Norsk bibliotekforening i seks år. Han fekk Kongens fortjenstmedalje.   Les mer…
Per Almås
Foto: Norske skolefolk, 1952
Per Almås (Peder Georg), født 2. august 1910 på Stord, død 16. februar 1991, same stad, var lærar og snikkar. Han tok eksamen ved Volda lærarskule i 1936 og Eksamen artium i 1946. Han var overlærar ved Sogn ungdomsskule (seinare Askelund folkehøgskule) i Balestrand i 20 år frå 1936 og flytte seinare attende til Stord.   Les mer…
Rakel Støyva Apalseth
Foto: Norske skolefolk, 1952
Rakel Apalseth, født 10. januar 1902 i Breim, død 4. juni 1986 i Førde, var lærar. Ho hadde eksamen frå Volda lærarskule 1923-1924 og Den kvinnelige industriskole i Oslo 1939. Rakel var lærar i Byrkjelo krins i Breim 1924-1941, Gloppen 1941-1946 og Førde krins i Breim frå 1946. Ho var og aktiv i IOGT.   Les mer…
Drosjeholdeplassen i Sandvika - på hjørnet av det som i dag heter Kinoveien og Gågaten, fotografert i 1920. I bakgrunnen middelskolen - «Rønna» - som ble revet i 1962. Foto utlånt av Bærum bibliotek.
Asker og Bærum Taxi AS, Solvikveien 9 på Blommenholm, tidligere Ramstadsletta 2 på Høvik, er et av Norges største taxiselskaper. Helt siden Drammenbanen ble åpnet i 1872, hadde vognmenn med hest fraktet folk til og fra jernbanestasjonene. Virksomheten fikk konkurranse fra drosjebilene fra begynnelsen av 1920-årene. Asker og Bærum Taxi har sin opprinnelse i Bærum Drosjeeierforening, som ble etablert i Sandvika 21. april 1922 av 20 drosjeeiere, med Ole Aamodt som formann. Han hadde drevet med offentlig hesteskyssbefordring siden 1911 og brakte den første drosjebilen til Bærum i 1915.   Les mer…