Forside:Moskenes kommune

ØSTLANDET • SØRLANDET • VESTLANDET • MIDT-NORGE • NORD-NORGE
Nordland • Troms • Finnmark
Helgeland • Salten • Lofoten • Vesterålen • Ofoten
RøstVærøyMoskenesFlakstadVestvågøyVågan

Om Moskenes kommune
{{{2}}}

Moskenes kommune er ein kommune på den sørlige delen av Moskenesøya i Lofoten i Nordland fylke. Kommunesenteret er fiskeværet og tettstaden Reine. Andre fiskevær inkluderer Hamnøy, Sakrisøy, Moskenes, Sørvågen, Tind og Å. Fråflytta fiskevær ved Lofotodden og på yttersida inkluderer Ånstad, Hell(e) og Refsvika. Moskenes kommune grensar til lofotkommunane Flakstad kommune i nord-nordaust og Værøy kommune over Moskstraumen i sør-sørvest. Over Vestfjorden ligg Steigen kommune i aust og Bodø kommune i søraust, begge i Salten.   Les mer ...

 
Smakebiter fra artikler
Tor Esaissen med sjølvportrett i tre og piggtråd i Galleri Krysset i Sørvågen.
Foto: Olve Utne
Tor Esaissen (f. 30. november 1936 i Trondheim) er ein bildekunstnar som i mange år har budd og arbeidd i Lofoten — sidan 1994 i sitt eige atelier og galleri, Galleri Krysset i Sørvågen i Moskenes kommune. Tor Esaissen begynte studia ved Kunstskolen i Trondheim i 1951 og fortsette ved Statens Håndverks- og Kunstindustriskole i Oslo, Statens Kunstakademi, Det Kgl. Danske Kunstakademi i København, og endelig ved Académie des Beaux-Arts i Paris i studieåret 1959/60. Frå 1960 til 1971 arbeidde Tor Esaissen i heimbyen Trondheim; først ved Katedralskolen, og seinare ved Charlottenlund realskole/ungdomsskole og Dronning Mauds Minne. I eit tiår frå midten av 1970-åra budde han i Oslo, og i 1986 flytta han til Svolvær, og vidare til Sørvågen i 1992.   Les mer …

 
Se også


 
Kategorier for Moskenes kommune
ingen underkategorier
 
Andre artikler