Husøyna 11 (Fedje gnr 168 bnr 322)

Husøyna 11 er ein bustadeigedom i Fedje kommune.

Husøyna 11
Sokn: Fedje sokn
Fylke: Vestland fylke
Kommune: Fedje kommune
Gnr.: 168
Bnr: 322
Adresse: Husøyna 11

1. Thore Gullaksen f. 1957 Grenda (gnr 168 bnr 143-1a), platearb., g. 1978 m. Anne Grethe Dreyer f. 1959 Måløy i Vågsøy, pleiemedhjelpar. Skøyte 1981 på tomt frådelt gnr 168 bnr 208 og gnr 168 bnr 307 same året (bnr 307 vart frådelt gnr 168 bnr 15 i 1980). Huset vart bygd i 1982. I 1995 selde dei huset og flytta til Måløy, no i Kinn kommune.

Born: a. Anett Dreyer Gullaksen f. 1979, bustad Åsane i Bergen, sjå Kremmarholmen gnr 169 bnr 136-5.2. b. Trygve Dreyer Gullaksen f. 1984 samb.m. Gunnhild Bortne f. 1984 Selje, bustad Florø.

2. Elin Øien f. 1969 Husøyna (gnr 168 bnr 246-1c), lærarvikar, barnehageassistent, g. 2013 m. Bjørn Solbakk f. 1969 Kopper (gnr 168 bnr 106-3b), verkstadarb., oljearb. Skøyte her i 1995.

Born: a. Joakim Solbakk f. 1993, bustad Bergen. b. Espen Solbakk f. 1997, maskinist, samb.m. Silje Fredriksen f. 1997 Kolås i Lindås (jf Lindåsb. III s 503), bustad Risa i Lindås, Alver kommune. c. Susann Iren Solbakk f. 1999 samb.m. Thomas Lunde frå Bergen, busette der.


Fedje komm.svg Husøyna 11 (Fedje gnr 168 bnr 322) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Flundrevågsvegen 22 (Fedje gnr 168 bnr 321) • Neste bolk: Flundrevågsvegen 13 (Fedje gnr 168 bnr 327)