Walderhaug (Fedje gnr 169 bnr 101)
Walderhaug er ein bustadeigedom i Fedje kommune.
Walderhaug | |
---|---|
Sokn: | Fedje sokn |
Fylke: | Vestland fylke |
Kommune: | Fedje kommune |
Gnr.: | 169 |
Bnr: | 101 |
Adresse: | Mulevegen 80 |
1. Erling Walderhaug f. 1942 Banff i Skottland, sjå Neset, Sulo (gnr 169 bnr 66-ld), los, g. 1965 m. Ellinor Mikkelsen f. 1944 Ytre Arna i Bergen (jf Hausb. IV s 182), sjukepleiar. Skøyte 1973 på tomt frådelt Kremmarholmen gnr 169 bnr 1 og gnr 169 bnr 66 (felles utmark) same året. Huset vart bygd i 1974, dei budde tidlegare i Arna. Erling var ordførar (repr. Høgre) frå 1980 til 1995, unnateke 1990 og 1991, då han var varaordførar. Han var igjen ordførar frå 2003 til 2007.
Born: a. Trond Rosé Walderhaug f. 1965, bustad Smineset gnr 169 bnr 19-6. b. Morten Rosé Walderhaug f. 1967 d. 1978. c. Rolf Erling Rosé Walderhaug f. 1973, oljearbeidar, g. 1999 m. Reidun Nilsen f. 1973 Svena (gnr 168 bnr 232-1b), bustad Askøy.
Walderhaug (Fedje gnr 169 bnr 101) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no. Sjå også: Forside • Bakgrunn • Litt allmennsoge om Fedje • Forord • Lesarrettleiing • Forkortingar og ordtydingar • Short introduction in English • Kjelder • Litteratur Førre bolk: Kleppe (Fedje gnr 169 bnr 99) • Neste bolk: Vidnappsvegen 20 (Fedje gnr 169 bnr 118) |