Forside:Historisk oppføringspraksis

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Om Historisk oppføringspraksis
Frå ein konsert på Ringve Museum under Ringve Internasjonale Sommerkurs i 1987. Jaap Schröder dirigerer.
Foto: Øyvin Dybsand
Historisk oppføringspraksis, òg ofte kalla musikk på originalinstrument, historisk informert oppføringspraksis o.a., byggjer på ideen om at musikk helst skal oppførast på instrumenttypar og med teknikk og tolking som er mest mulig likt det som var sett på som idealet i den tida musikken vart skriven. Dette er eit grunnleggande prinsipp for tidligmusikkrørsla.   Les mer ...
 
Smakebitar fra artiklar
Klavikord bygd av C. Jansen i 1763 og bruka på HemnesHelgeland.
(2014)
Eit klavikord er eit tangentinstrument med strenger der tonen blir danna av stiftar som slår mot strengen og ligg mot strengen til ein slepper tangenten att, i motsetning til piano, der hammaren slår mot strengen og dett tilbake att med ein gong. Det finst tre hovudtypar av klavikord: bunde klavikord, der strengene er dempa på eine sida og kvar streng har to eller fleire stiftar med ulike tonehøgder; ubunde klavikord, der strengene er dempa på eine sida og kvar streng har éin stift og ei tonehøgd; og cembal d'amour, som er eit ubunde klavikord der strengene er udempa på begge sider og stiften slår an strengen midt på slik at begge sidene kling med med same tonehøgd. Klavikordet, som på 1700-talet i Skandinavia ofte rett og slett vart kalla claveer, var mest populært i Skandinavia, tyskspråklige land og på Den iberiske halvøya. I Noreg var klavikordet populært frå tidlig på 1600-talet og utover til nokre tiår innpå 1800-talet.   Les mer …

Tom Tofteberg (19462001 i Oslo) var ein blokkfløytist som underviste ved daverande Institutt for musikkvitenskap ved Universitetet i Oslo og ved Norges Musikkhøgskole. Tom Tofteberg blei fødd i Oslo laurdag den 16. mars 1946 av foreldra Ingrid Andresen (1925–2014) frå Oslo og Arne Camillo Tofteberg (1923–2001) frå Borge i Østfold. Han gifta seg den 15. januar 1972 med musikk- og formingslærar Karin-Beate Mikkelsen (1947–2010) frå Oslo. Tofteberg medvirka som blokkfløytist ved mange konsertar kring i landet, inkludert saman med cembalisten/organisten Ketil Haugsand, gambespelaren Betteke Groot, fløytisten Hans-Olav Gorset og kontratenoren Carl Høgset. Tom Tofteberg dødde laurdag den 28. april 2001 og vart gravlagt tysdag den 8. mai 2001 på Grefsen kirkegård.   Les mer …

Ketil Haugsand (f. 13. juni 1947) er ein cembalist og dirigent frå Straumen i Inderøy kommuneInnherred. Ketil Are Haugsand vart fødd fredag den 13. juni 1947. Han tok utdaninga si i Trondheim og Oslo, og etterkvart i Praha og Haarlem. Seinare studerte han med Gustav Leonhardt i Amsterdam og mottok Prix d’Excellence ved konservatoriet der i 1975. Frå 1974 til 1995 underviste Ketil Haugsand ved Norges Musikkhøgskole i Oslo, og frå hausten 1994 av har han vore professor i cembalo ved Hochschule für Musik i Köln i Tyskland.   Les mer …

 
Eksterne ressursar
 
Kategoriar for Historisk oppføringspraksis
ingen underkategorier
 
Andre artiklar