Notbruk i Dalsfjorden – Busetnadssoga for Volda – Dalsfjorden - område BsV1 - og BsV2 mot Folkestad
Dalsfjorden har alltid vore ein «fiskerik fjord», og nærsagt alle fiskeslag har årvisst vore å kunne reknast med som eit godt tilskot til det daglege kosthaldet Så langt attende som ein kjenner til har fiske med garn, snøre, line og notbruk vore eit viktig tilskot til levevegen for folket i bygdene langs fjorden Ein veit at på grynnene langs strendene, men også ut på fjorden har det vore drege opp mang ei «middagskoke»
Fiskeplassane som Sæssdjupet, Kornbergsfluda, Løvikfluda, Vikeskallen o.a. har alltid vore å rekna med som sikre fiskeplassar. Fjorden har også vore med til å gi reide pengar mellom hendene for oppsitjarane, både til levevegen og til nyinvesteringar i hus og heim, og fornying av husa på dei små gardane langs fjorden, og sette gardbrukarane i stand til å modernisere gardsdrifta
Notbruk og «kasting» etter sei, makrell, sild og brisling kunne såleis vere ei god inntektskjelde for folket som hadde skaffa seg det rette utstyret
Etter det som Sverre Lyngnes skriv i boka «Dalsfjord, gard og ætt» var det så tidleg som i 1614 ein mann i Steinsvik som hadde «forbrote» seg og brukt kastenota på ein sundag
Notbruka i Dalsfjorden frå ca. 1900 til 1965
Dei fleste av notlaga vart avvikla grunna nedfisking av silda i Nordsjøen - og til sist den lokale silda i fjordane
- Åmelfot notlag – Notbruk i Dalsfjorden (Volda)
- Fangst notlag – Notbruk i Dalsfjorden (Volda)
- Dalebø notlag – Notbruk i Dalsfjorden (Volda)
- Steinsvik notlag – Notbruk i Dalsfjorden (Volda)
- Lyngnes notlag – Notbruk i Dalsfjorden (Volda)
- Blåsen notlag (Vika) – Notbruk i Dalsfjorden (Volda)
- Notbruk i Løvika – Notbruk i Dalsfjorden (Volda)
- Lillenes notlag – Notbruk i Dalsfjorden (Volda)
- Lissje-Nautvik notlag – Notbruk i Dalsfjorden (Volda)
- Rasmus A Aasebø (seidenot av sildegarn) – Notbruk i Dalsfjorden (Volda)
- Kornberg og Nautvik (Søkkjenot) – Notbruk i Dalsfjorden (Volda)
- Sætre notlag – Notbruk i Dalsfjorden (Volda)
- Telset og Torvik notlag – Notbruk i Dalsfjorden (Volda)
- Velsvik notlag - og anna notbrukt i Velsvik – Notbruk i Dalsfjorden (Volda)
Nemningar og terminologi
Notlag
Ei not er eit stort fiskereiskap, og det kravde store ressursar av dei som vart parthavarar i slikt reidskap Og særleg i eldre tider då produksjonen av not-tilfanget var basert på manuell spinning av tråd til manuell binding av nota Som rimeleg var måtte fleire gå saman om dette og danna då eit notlag Oppsitjarane i grannelaget hadde gjerne ei felles vik eller våg som eigna seg til notfiske, og dei fekk seg då gjerne ei not som var tilpassa desse stadane
Eit notlag måtte vanlegvis ha ein eller fleire notbåtar til disposisjon - iallefall ein notbåt og ein spelbåt og gjerne nokre færingar - og nothus til å lagre båtane, nøtene og anna reidskap
Når notlaget låg og såg etter sild, var spelbåten oftast bunden til notbåten med atterenden, slik at dei to båtane på første vink frå notbasen var klar til å ro kvar sin veg. Notbåten ut med nota og spelbåten i land med dråtten. Når notbåten hadde kasta nota i ein runding, kom han til lands med den andre dråtten, og så var det å spele nota fram på begge sider Basen såg etter sildeteikn, om silda vòd eller «yrte» eller var synleg på annan måte. Det laga seg då ofte eit brunskjen på sjøen der stimen stod tjukk. Når silda «yrte», stod ho oppe i sjøflata og ydde opp i sjøflata, så det såg ut som smått regn
Naust og hengje
Dei som eigde notbruk måtte ha høveleg plass til å lagre nota (nøtene)og båtane som høyrde til Notlaga hadde såleis både eit eller fleire naust til disposisjon. Enkelte hadde nothengje ståande separat. Nemninga kunne vere Storenotanaustet og Lissjenotanaustet. Det måtte gå raskt føre seg når nota og notbåten skulle til sjøss. Renna som båten stod i var ofte så bratt at båten skaut av garde berre ein løyste haldetauet
I sjølve notanaustet kunne vere eit stort barkekar eller støypt kar av betong. Dette var plassert slik at det var lett å føre nota til nothenget. Barkekaret kunne vere vedfyrt og barkeblandinga var vanlegvis bjørkebork, teken på eigen skog, men òg iblanda kattio og tjøre Arbeid med dette var eit skikkeleg «griseri», og nota trengde fleire turar i sjøen før ho slutta å smitte av
NOT (Fiskereidskap)
Not, fleirtal nøter, (frå islandsk nòt) er ei type fiskereidskap. Dei ulike typer nøter har det til felles at dei stenger fisken inne, at dei er laga av eit nett, bunden av tråd, med maskevidde så liten at fisken ikkje går seg fast, slik som i eit garn
Dei kan brukast på tvers av ei vik eller ein våg eller i åpent vatn, og dei vert brukt til mange ulike fiskeslag som går i stim
Nemninga «not» stammar frå gamalnorsk, og er kjendt m.a. frå Gulatingslova. Også nemninga «vad» er kjendt her.
Historikk – notbruk til alders tid
Ser ein attende i tida til eit stykke ut på 1800 talet, var det snørefisket som var det dominerande
«Heimefisket», men sildegarn og anna fastståande garnbruk kom også tidleg i bruk. Det er registrert så langt attende som på 1700-talet at fleire grender i Dalsfjord hadde eit eller fleire notlag
Etter som tida har gått har dei fleste av dei som frå åra i byrjinga av 1900 og utover - som tok del i notfiske vorte borte. Ein har likevel oppsøkt nokre av dei gjenlevande «gamlekarane» som kan fortelje om det «eventyret» som notfisket eingong var I desse samtalane har det vorte fortalt om mange «saftige» historiar som var servert mellom karane som var med dei ymse notlaga. Dette vart naturlegvis ein del av det sosiale aspektet mellom folket, og gav ei samkjensle mellom «aktørane». Mange av karane var ofte meisterlege til å ordlegge seg
Notbruka fekk i særleg grad eit oppsving i inste Dalsfjord - særleg i Steinsvik og Åmelfot - og mykje av historia vidare vil handle om notbruka her inne. Men for å få heilheita tek ein likevel med bygdene lenger ute i fjorden - frå Velsvik og innover - det som eingong var gamle Dalsfjord kommune. Gardane på Kornberg og Nautvik høyrer og til, då dei ligg ved innløpet til Dalsfjorden.
I alle tider har det vore ei eller anna notvegn på dei fleste bruka langs fjorden. Det var få som såg seg syn med å koste seg større nøter, men ei «fantenot» var det mange som hadde. Gjerne var dei så små at to naboar kunne klare å drifte dei ilag. Ein veit,- og har høyrt fortalt om desse, som vel var brukte til å «kaste» på småsei og pale. Men sjølv om det nok var ulovleg, såg ein gjerne mellom fingrane om ein i seine sumarkveldar kasta langs elveosane, og her kunne ein lett kome til å få både sjøaure, smålaks og gjerne større fisk. Ein måtte naturlegvis ikkje «rope for høgt» om slikt fiske, men ein såg heller ikkje den store synda i å ha strekt lova i lengste laget
I boka «Cronologie» eller «Tids Regning» skrive av Ole Johannes Olsen Reite, fortel han m.a. om fiske som som gjekk føre seg i Volda og fjordane rundt I oktober i 1842 fortel han at det er teke «mangfoldige» notkast på Rovdestranda, med ei stor mengde storsild og brisling. Dette «brotfisket i åra 1842-45 gjorde at mange som tok del i dette fekk pengar mellom hendene Såleis er det fortalt om eigarane på dei to bruka på Kornberg, Steffen og Karl (Steffagarden og Karlagarden), som i desse åra såg seg råd med å kjøpe seg «brukthus» på Bjørkedalen. Ljorestova/røykstova frå Steffagarden på Kornberg står idag på Volda Bygdetun på Haueleitet i Volda
Notfisket heldt fram både i åra 1846 og utetter, særleg på ettersumaren og i september. I året 1853 er det meldt om at det er teke mykje brisling på Rovdestranda og i Kilsfjord Framover mot 1900 er det jamnt gode meldingar om fangst av sild og brisling, både i Volda, Dalsfjorden og Austefjorden
Av Jakob Koppen har ein fått låne eit brev frå 1905, der far til Jakob, -Elias Martin E. Koppen f.1895 skriv til far sin, Elias Eliasson f.1868 som var i Amerika nokre år. Her fortel Elias Martin at mange i Velsvik hadde kosta seg kastenot, og at her har vore mange «dampa» og skuter - truleg har det gått føre seg eit rikt sildefiske på eller ved Velsvika, og desse båtane har henta eller fiska sild. Dei to nabogutane i Koppen - Elias og Sjur har tydelegvis fått vore med og salta 15 tynner - og tent seg kvar sine 2,12 kr.i løn
Ulike slag nottyper og nemningar
- Landnot
- Søkkjenot
- Kilenot
- Sitjenot
- Snurpenot
- Ringnot
- Stengjenot (landnot)
- Orkastenot (ei lita spesialnot/landnot til å ta passelege slumpar frå stengjenot ved levering).
- Stengjepose (merde)
I tillegg til størrelse og bruksområde, skil ein mellom nøter til ulik bruk, slik som sildenot, brislingnot, makrellnot, seinot, laksenot o.s.v.
Hampenøter med overgang til bomullsnøter
Nøtene var vanlegvis hamp eller bomullsnøter, og når dei hadde vore i sjøen og vore brukte, måtte dei hengast til turk ofte, for at det ikkje skulle gå varmgang i dei, då ville nota lett kunne ta til å rotne
Hadde dei først «bløytt not», måtte dei halde nota våt til neste kast. Ofte auste dei sjø over nota, eller dei gjorde eit såkalla «våsekast», d.v.s. ein kasta nota utan å sjå fisk
Notlengde og djupne – notstørrelse - tilpassa den mest brukte kasteplassen
Nøtene kunne vere av av ymse lengder. Dei var oftast tilpassa dei stadane ein vanlegvis kasta på Lengder på 70 famner og oppover til 155 famner har vore nemnde. Mindre nøter på frå 10-15 famner og oppver til 40-50 famner vart brukte til mindre kasting
Landnot
Ei landnot vert sett frå ein eller to båtar rundt fiskestimen. Båe endar vert fest til land, antan direkte eller med sterke tampar, drottar. Nota vert dregen til lands etter dei to tampane
Før nota har nådd til lands, og før ho stenger mot botnen kan fisken kome seg fri. Heile nota vert dregen til land, slik at fangsten kan takast hand om. Slikt fiske, gjerne kalla landnotfiske, var tidlegare ein vanleg måte for sildefiske
Søkkjenot
Søkkjenot er eit fiskereidskap som er samansett av eit tilnærma kvadratisk botnstykke, med iletau i kvart hjørne, og søkkjestein med høveleg tyngde. Nota vert manøvrert av ein båt i kvart hjørne, og vart senka ned på botnen på stader der ein visste at fisken samla seg . Særleg var dette på grynne fluder
Søkkjenot vart særleg brukt til seifiske i sumarhalvåret. Når nota var senka ned på botnen, tok ein til å «fly», d.v.s. ein hivde ut t.d.. knust blåskjel eller småsild som agn/åte. Når fisken så tok til å «vade seg innpå nota», vart nota dregen forsiktig opp med dei fire hjørnetaua i dei fire båtane, slik at nota laga seg som ein pose, og fisken var fanga. Som nemnt ovanfor, var det særleg sei som vart fanga på denne måten
Sei, konservert som «gamalsei», var i tidlegare tider utbreidd som kvardagskost i store deler av kystnorge. Søkkjenota er no avløyst av snurpenot og ringnot
Kilenot
Kilenot er ein passiv fiskereidskap som vert brukt til laksefiske
Utsette leidegarn fører laksen til opninga i fangstdelen (kilen). Når han kjem inn der, har han vanskar med å finne opninga ut og vert gåande i ring til fiskaren kjem
I elvar har ein liknande fangstmåte - flåtefiske, vorte brukt. Då er fangstposen festa under ein flåte i elva. På flåten er det vakt som tek fisken ut av nota. Dette kjenner ein til frå m.a. Numedalslågen
Sitjenot – flakenot
Ei sitjenot, eller Giljenot, står opa i sjøen. Ho vert vakta frå land
Når vakta ser at det går laks i nota, vert ho stengd, og vakta ror ut for å henta fangsten
Ofte ligg det nedsenka kvite flakar på botnen så det skal vere lettare å sjå laksen når han går inn i nota
På land er det gjerne eit høgt stillas slik at den som vaktar kan få betre oversikt
Slike nøter har gjerne vorte brukte i lakseverpe. Denne måten å fiske på blir difor også kalla fiske med flakenot. Vi veit om at denne metoden m.a. vart brukt ved Festøy, men også innover i Storfjorden fanst det fleire slike «lakseverpe». På midten av 1800 talet kom kilenota og tok over lakseverpa som fiskereidskap
Snurpenot
Med snurpenot fangar ein pelagisk stimfisk som sild, lodde, makrell og sei. Ved hjelp av to notbåtar vert nota sett i ein ring rundt stimen. I nedre kant av nota går ei snurpeline gjennom ringar. Denne lina vert så vinsja inn slik at nota vert snurpa saman til ein sekk. No kan nota halast inn i notbåtane og slik at fisken vert samla i denne sekken. Fisken kan no håvast eller pumpast inn i fiskefartøyet. Norske fiskarar fekk dei første snurpenøtene frå Amerika, og vart brukt første gong under sildefiske i 1903. Ringnot er snurpenot som vert brukt av fiskefartøy utan notbåtar. Det er slutt med bruk av bomulls- nøter for lengst. No er det svære nøter av nylon eller kunstfiber som vert operert frå fiskebåten, som er utstyrt med kraftblokk og notkveilar.
Notarbeid – her frå Åmelfot notlag
Kvar vinter seinhaustes samlast karane i notlaget på «MassaJohuset» (sjøhuset til MassaJo) for å bøte og skifte ut notlin. Dette kunne naturlegvis vere eit storarbeid om her var rive i nota
Årvisst måtte dei også ha nøtene til barking. Sjå seinare om barkekara i notanaustet
På 1950 talet vart det slutt på å barke nøtene sjølve, for då fekk ein gjort dette i Spjelkavikområdet, på dei store notbøteria der, - ved Hjellens notbøteri
Levering av sild – her frå Åmelfot notlag
Når ein leverte sild til guano vart det målt i hektoliter. Til ansjos vart silda levert i skjepper. Ei skjeppe er ca. 20 liter. Det gjekk såleis 5 skjepper pr. hektoliter
Var silda levert til agn var målet hektoliter, men den vart så lagt over på brett for ising
Før 1950 var det vanleg at båt frå Christian Bjelland kom direkte frå Stavanger for henting av sild. Dei hadde med tom-tynner og tynner med ferdig krydderblanding (krydde/salt/sukker) Ein brukte å halde til på kaia i Åmelfot og la ned kryddasilda i tynner
Ei lita historie om dette: Det hende at ei tynne med ferdigblanda krydde vart skada under transport. Då kunne bygdefolket overta kryddeblandinga gratis - og dette var naturlegvis populært
Notanaustet – her frå Åmelfot notlag
Det første notanaustet var oppsett på Vauleneset. Når dette var bygt veit ein ikkje noko sikkert om
Her var trekrokar som ein hengde kavl og grunn på, men notlinet vart hengt på små jarnkrokar
Nytt notanaust vart bygt vinteren 1951-52. Dette var oppsett på gamlenausttomta og deler av dette gjekk inn i nybygget. Størrelsen var 19 x 6,2 m. I tillegg del av gamlenaustet 15 x 2,9 m. Oppe på bitane var det rullar der nota vart ført innover på ved henging. Rullane vart sveiva for hand
Når båtane skulle inn om hausten vart nøtene lagra oppe på bitane
Notanaustet står også idag. Det vart restaurert i 2009, og her vart då skifta ein del takplater og deler av kledninga på veggane. Ståle Åmelfot f.1950 og Arvid Eidså f. 1928 var pådrivarar i dette arbeidet
Barking – her frå Åmelfot notlag
I det gamle notanaustet var det støypt eit kar for barking av nøter. Der var også ein rund «treså» på ca. 3 m³. Borken - stort sett teken på eigen skog i Åmelfot - var naturlegvis av bjørk
Blandinga kunne vere tilsett andre impregneringsstoff og gjerne kokt for å få fram den beste impregneringsstyrken
Å barke nøter var eit skikkeleg «griseri».
Kjelder og informantar
- Kvangarsnes, Hallstein f. 193?: Ingeniør og mangeårig leiar i mekanisk industri – har samla og skrive artikkelen Notbruk i Dalsfjord - i Minne frå Dalsfjord, Dalsfjord Sogelag 2011
- Minne frå Dalsfjord, Dalsfjord Sogelag 2011
- Lyngnes, Sverre 1965: DALSFJORD – Bygda - Gard og ætt https://www.nb.no/items/47e3686f63a708195385a7c7dfc75cbc?page=0
- Cronologier av Ole Reite
- Fiskebåtregisteret ved Austefjord Museum
- Busetnadssoga for Volda bd 1 + nokre tun bd 2
- Austefjord museumslag
- Herøy kystmuseum
- Høydal notlag
Lokale informantar for Notbruk i Dalsfjord
- Jakob Koppen
- Olav H. Velsvik
- Robert Welsvik
- John Thorvik
- Jon J. Kornberg
- Sverre Kvangarsnes
- Ivar A. Sætre
- Andè Sætre
- Solfrid Nautvik
- Asbjørn Åsebø
- Ola S. Løvik
- Lauritz S. Løvik
- Lars K. Løvik
- Ola K. Hjelle
- Arvid Rossetvik
- Annfred Lillenes
- Einar Furnes
- Bjarne Myklebust
- Olav Dalebø
- Jarle Dalebø
- Harald Mårstøl
- Jostein Mårstøl
- Norvald Mårstøl
- Åsta Mårstøl
- Arvid Eidså
- Rolf Eidheim,
- Arne Eidset
- Harald Eidset
- Jon M Steinsvik
- Hans J. Steinsvik
- Svein Øverberg
- Bjarne Drivdal
- Nils Jakob Drivdal
Notbruk i Dalsfjorden – Busetnadssoga for Volda – Dalsfjorden - område BsV1 - og BsV2 mot Folkestad er ein del av prosjektet Kulturminneregistrering i Volda og er lagt ut under lisensen cc-by-sa. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Artiklar i Kjeldearkivet skal ikkje endrast, bortsett frå at lenkjer kan leggjast inn. Fleire artiklar finn du i denne alfabetiske oversikten og på prosjektforsida. |