Rikard Berge si handskriftsamling

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk
Delar av Rikard Berge si handskriftsamling ved Telemark Museum. Berge oppbevarte kladdebøkene i hengsla kjeksboksar frå "Sætre Kjæksfabrik".
Foto: Tor Kjetil Gardåsen (2015) / Telemark Museum
Rikard Berge si handskriftsamling er arkivet etter folkeminnegranskaren Rikard Berge. Delar av arkivmateriale vart overtatt av Fylkesmuseet for Telemark og Grenland, i dag Telemark Museum, i 1970. Samlinga inneheld unike skildringar frå historia i Telemark, og er i dag gjort søkbar gjennom Telemarkskilder ved Høgskulen i Telemark, avdeling Notodden.


Arkiva etter Rikard Berge

Det var i 1970 at Fylkesmuseet for Telemark og Grenland tok over hovuddelen av det handskrivne materialet etter Rikard Berge. Det var Halvor Landsverk, dåverande styrar ved Fylkesmuseet, som m.a. med midlar frå Norsk Kulturfond, sørga for å få kjøpt inn materialet. Eit stort kulturhistorisk stofftilfang frå Telemark var dermed sikra. Utanom det skriftlege materialet omfatta samlinga voksrull¬opptak av spelemenn og kvedarar.

Det er to hovudregister til materialet:

1. Rikard Berge sine eigne katalogar

Dei om lag 800 skrivebøkene som Berge skreiv ned i utgjer sjølve hovudmaterialet. Som den systematikaren Berge var laga han imidlertid sitt eige svært omfattande register til dette materialet. Berge sitt register til innhaldet i skrive¬bøkene er eit stikkordregister etter emne. Registeret er på kring 110 skrivebøker (katalogar), nummererte med romartal og med kvart sitt emne (sjå døme nedan¬for). På kvar bokside er det ført opp understikkord og tilvising til i kva for ei av skrivebøkene og på kva for side i boka det er å finne stoff om akkurat det emnet. For kvart stikkord kan det vere mange referansar til bøker og sider. Her er nokre av emna i katalogane:

Katalogar over stoff til bygdebøker
«Telemark og Grenland Fylkessoge», «Allmenne emne som kjem igjen i fleire bygdar», «Katalog yvi bygdesoge Vinje og Rauland», «Katalog yvi Seljord Soga», «Katalog yvi Kviteseid Soga», «Katalog yvi Molands sogo (Fyresdal og Mo)».
Katalogar over etnologiske emne
«Byggekunst», «Køyrereiskap», «Hus og heimil, ljos og ljosstell», «Norsk Bonde -maaling, (Numedal, Hallingdal, Austlandet med Øysterdalen, Gudbrandsdalen og Valdres)», «Klædebunad», «Reinleiksstell, vask o.a.», «Katalog yvi matlaging», «Katalog yvi norskt bondespel», «Katalog yvi leikir», «Norsk saum og vevnad», «Katalog yvi ølbollerim», «Huslydliv paa Island i sogetidi».
Folkloristiske emne
«Folkemedicin», «Norsk Folketru», «Naturdyrking», «Bergvette», «Vatsvette», «Mannevette», «Trolldom», «Eld- og luftvette m.m.», «Historske segnir», «Segn-ir fraa Gudbrandsdalen, Øysterdalen, Austlandet m. v.», «Katalog yvi folke-visur», «Katalog yvi gamlestev», «Katalog yvi slatterim», «Katalog yvi baansullar», «Katalog yvi bygdedikting», «Yvisyn yvi samlingar og samlarferdir».

2. Fortløpande register utarbeidd ved Institutt for folkeminnevitskap / Norsk folkeminnesamling i 1970-åra (database med register)

I 1970-åra, kort tid etter at materialet kom til Fylkesmuseet, vart dei folkloristiske delane av materialet fotostatkopierte ved Institutt for folkeminnevitskap ved Universitetet i Oslo, Blindern.

Det vart tatt tre fotostatkopiar: ein til Norsk folkeminnesamling, ein til Akademiet på Rauland, i dag Høgskulen i Telemark, avdeling Rauland, seinare overført til Lokalhistorisk arkiv i Vinje, og ein til familien etter Rikard Berge. Den siste kopien har så langt blitt oppbevart ved Fylkesmuseet. Kopiane vart lagde i konvoluttar med påskrive bok- og sidenummer. Fylkesmuseet batt seinare arka inn til større bøker for å gjere dei lettare å bruke.

I samband med kopieringa av materialet laga Velle Espeland, som sto for kopieringsarbeidet ved folkeminnesamlinga, eit fortløpande oversyn over innhaldet i bøkene. Dette er ei detaljert liste over innhaldet – side for side – i bøkene.

På 1980- og 1990-talet blei denne handskrivne fortløpande nedteikninga skrive inn i eit databaseprogram. Dette blei gjort av Margit Haukvik ved Fylkesmuseet. At dette kom over i databaseform gjorde at materialet no vart digitalt søkbart og sorterbart. Databasen inneheld dei fire emnfelta «bok nr.», «side nr.», «tittel på bok» og «innhald på side».

Databasen fyller over 13 000 innførslar, så både Velle Espeland og Margit Haukvik har gjort ein stor jobb. Saman med Berge sitt eige emneregister i dei 110 katalogane er denne databasen det viktigaste hjelpemiddelet for å finne fram i materialet, til dømes kva som er skrive ned i ei bygd, på ein gard, om eit emne osb.

Databasen er førebels lagt under arkivportalen, ei felles nettside for norske arkiv. Ein tek imidlertid sikte på å leggje databasen inn i eit eige databaseprogram og deretter leggje han inn under Telemarkskilder saman med det andre.

Innhaldet i materialet

Kladdebøkene slik dei låg i kjeksboksane.
Foto: Tor Kjetil Gardåsen (2015) / Telemark Museum.

Rikard Berge si handskriftsamling er stor og omfattande, og ingen har eit fullstendig oversyn over ho. Berge skreiv ned i skrivebøkene sine stort sett i kronologisk ordning og let dei gå inn i samlinga etter kvart som dei vart fullskrivne. Dei fleste bøkene har Berge sjølv skrivi, t.d. når han var på samlarferd til ein stad. Desse bøkene kan ha titlar som «Oppskrifter fraa Veum – Laardal 1913», «Oppskrifter fraa Øifjell, Rauland 1914 – 15» eller «Dalane (fatiggarden)». I tillegg er det bøker i materialet som er skrivne av andre og sendte til Berge, som «Uppskrifter fraa Mo av H. G. Kaldbast 1917-20», «Oppskrifter fraa Gjerstad, skrivne av Lars Skeldsø», «Oppskrifter av Nils O. Dalen, Øvre Bø, 1914 – 19» osb. Eller det er bøker der kona, Johanna Bugge Berge, har samla stoffet, som t.d. ei bok med viser, bånsullar, slåtterim, leikar og kulokkar samla inn i Gudbrandsdalen og Vågå. Elles inneheld samlinga òg anna stoff, t.d. originalmateriale i form av eldre visebøker og skillingstrykk. Geografisk går materialet langt utanfor Telemark, t.d. har han motteke skrivne bøker frå heimelsmenn i dei fleste nabofylka.

Kva slag hovudgenrar av stoff finn vi i Rikard Berge sitt materiale? Det meste er naturleg nok knytta til bygdekulturen, der han hadde sitt sterkaste interessefelt. Det er lite stoff frå t.d. by-, kyst- eller industrikulturen. Innafor bygdekulturen er det derimot fleire genrar som merkar seg ut.

I materialet fins det stoff om folkekunst, snikring, timbring, svarving, smedarbeid («Sylv, jarn, gravst, mekanik»), om handverk, som myrjarnbrenning og kunsten å lage tynsleljå, kruthornskurd og sliremakararbeid eller om folkemusikk som slåttar og stoff om spelemenn. Mykje av stoffet som er samla på reiser har dessutan karakter av kulturgeografiske registreringar der det vert opplyst at på den og den garden er det kiste måla av den og den målaren, loft skoren av den og den treskjeraren osb. Vi finn registreringar frå ein stor del av bygdene i Telemark.

Stoff om personar og ætter er samla inn som grunnlag for ættesoger. Det kan vere om Berge-ætta, eller «Bergsingane», Svalastogætta og Juve-ætta i Øyfjell. Dette materialet er vel serleg samla med tanke på ættesogedelen i bygdebøker, t.d. i bydebøkene for Vinje og Rauland. Ei av skrivebøkene har tittelen «Erindringer om merkelege begivenheder, slægter, personligheder». Her er òg bøker med avskrift frå kyrkjebøkene, t.d. for Rauland og Vinje, Grungedal og Nesland mellom 1717 og 1814. Dette personalhistoriske stoffet gir oss òg innsyn i særtrekk ved personar, som Bratt Bjørnsson som var så ørande liten, Olav Lindeviki, ein sterk og spretten kar, eller om Svein Sondovlid, som «var ein rev».

Det er nok likevel innafor den folkloristiske genren at mykje av stoffet i Rikard Berge sine nedskrifter ligg.

Katalogar og avskrifter

Utanom serien med dei nummererte skrivebøkene finst det ein eigen serie med katalogar og avskrifter. Desse kom inn til museet i 2011 og 2014 og har ein eigen nummerserie med romartal. Ved museet er desse ordna i askar med nummer frå 1 til 14. Dei inneheld avskrifter av t.d. bøker og viser, skifte, tingbøker, avskrifter frå Sophus Bugge, Moltke Moe og L. M. Lindemann sine samlingar, kladdar og manuskript til Berge sine bøker og mykje anna av ulikt slag.

Upubliserte bokmanus

Eit par upubliserte manus av Rikard Berge kan vere verd å nemne. Dette er manus til ei bok ‘’Vinje og heimbygdane’’ og manus til ‘’Norsk samlerbog af Richard Berge’’ (Båe Ask 12). ‘’Norsk samlerbog’’ er ei handbok i arbeid med museum og samlingar og inneheld mange tankar om korleis slikt arbeid bør gjerast. Manuset ‘’Vinje og heimbygdane’’ er eit manus som hadde fortent ei publisering, t.d. i ei lokalhistorisk årbok, ein skriftserie eller som ei eiga bok utgjeve av historielag eller andre.

Opptak med fonograf på voksrullar

Voksrullane frå Rikard Berge.
Foto: Tor Kjetil Gardåsen (2015) / Telemark Museum.

Kring 1912 kjøpte Berge seg fonograf med det føremål å gjere lydopptak av spelemenn og kvedarar. Frå åra mellom 1912 og 1923 fins det opptak på 233 rullar, gjerne med fleire opptak på kvar rull. Den som det er flest opptak av er spelemannen Knut Dale frå Tinn, i alt kring 100 rullar. Nokre slåttar er òg spela av Johannes Dale. Andre spelemenn er O. og Knut Fyrileiv. Kvedarar er m.a. «mor», dvs. mor til Berge, Sigrid Rikardsdotter Berge (1854-1943).

Johanna Bugge Berge sine teikningar av folkekunst

Kona til Rikard Berge, Johanna Bugge Berge, var fødd i Christiania i 1874 og var dotter av professor Sophus Bugge. Johanna og Rikard trefte einannan i Kviteseid og gifta seg i 1908. Johanna var utdanna i målarkunst, m.a. ved Den kongelige Tegneskole i Kristiania og var elev hjå Harriet Backer, Gerhard Munthe og Erik Werenskiold. I Telemark har ho mellom anna måla ei rekke portrett av amtmennar og fylkesmennar i fylkestingssalen på fylkehuset og kopiert portrett av slektene Løvenskiold, Aall og Cappelen til dei slektshistoriske romma på Søndre Brekke.

Johanna var med Rikard på samleferdene, og mens Rikard skreiv ned etter heimelsmennene sine, sat Johanna og gjorde skisser og teikningar av gjenstandar, skåp, drakt, tekstil, smiarbeid o.a. I ein handskriven katalog «Bilæt-emne» fins det registreringar av Johanna sine teikningar. Registreringa omfattar i alt 1518 nummer.

Om lag ein tredel av teikningane og akvarellane er i dag i Lokalhistorisk arkiv i Vinje kommune, dit dei vart innkjøpte saman med bøker frå Rikard Berge sitt bibliotek på 1970-talet. Ved arkivet er det laga ei liste over nummera på teikningane dei har. Ein annan tredel er i Telemark Museum, dit dei kom i 2011. Her er dei registrert og digitalt avfotograferte av museet.

Rikard Berge sine fotografi

Ein var lenge kjent med einskilde fotografi som Rikard Berge hadde tatt, men ikkje kor mykje han fotografera. I 2011 blei imidlertid Berge sitt negativarkiv levert til Telemark Museum. Bileta var på glasplate og bladfilm, og kvart negativ var nummerert og ført inn i protokollen «Bilæt-emne» under bolken «Fotografi». Til saman er det registrert 425 opptak her. Bileta er i hovudsak av hus, innbu, gjenstandar og folkekunst.

Rikard Berge sitt bibliotek

Rikard Berge hadde eit stort bibliotek. Spøkefullt blei det sagt at Berge hadde to val, anten å flytte til Kristiania der Universitetsbiblioteket låg, eller å etablere sitt eige universitetsbibliotek heime hjå seg. Han valde noko i retning av det siste.

Biblioteket låg i andre etasje i Berge sitt hus. Etter at Berge var død kom ein del av tidsskriftene til Fylkesmuseet, medan ein del bøker, m.a. samlinga av bygdebøker frå heile landet og bøker om kunsthandverk, til saman om lag 200 titlar, vart kjøpt inn til det nystarta Akademiet i Rauland, i dag i Lokalhistoriske arkiv i Vinje. Ein del av teikningane etter Johanna Bugge Berge blei kjøpte inn samtidig.

I 2012 var det ein stor bokauksjon over bøker etter Rikard Berge hjå Eek i Skien. Til auksjonen utarbeidde Eek ein katalog med alle titlane. Denne gir eit oversyn over kva Berge hadde i sitt bibliotek. Nokre av bøkene blei på auksjonen kjøpt av Telemark Museum og Vest-Telemark museum. Alt som ikkje vart selt blei etterpå gitt til Telemark Museum. Også på dette området har lokale muse og arkiv mottatt mykje etter Rikard Berge. I nokre av bøkene hadde Berge gjort eigne notatar. Desse bøkene vart avfotograferte av Telemark Museum før auksjonen, slik at denne informasjonen, med m.a. referansar til litteratur og eigne nedskrifter, er tatt vare på.

Tilgang til materialet

Handskriftsamlinga

Sjølv om handskriftsamlinga etter Rikard Berge er skanna og gjort tilgjengeleg på nett, kan det vere vanskeleg å finne fram i ho. Her er difor ei oppskrift til korleis ein kan søke seg fram til det ein leiter etter:

  1. Nesten heile handskriftsamlinga, ca. 50 000 sider frå dei 800 skrivebøkene, er skanna av Telemarkskilder. Samlinga ligg digitalt tilgjengeleg på deira nettside, og kan studerast på denne lenka.
  2. Ettersom samlinga er svært omfattande er det vanskeleg å finne fram. Då arkivet vart registrert på arkivportalen vart pdf-fila med alle stikkorda lasta opp. Denne ligg tilgjengeleg under oppføringa om Rikard Berge, og kan studerast ved å følgje denne lenka.
  3. Ettersom lista inneheld meir enn 13 000 innførslar vert skrifta svært lita. Forstørr difor dokumentet (600% høver godt), og søk ved å trykke «ctrl+f».
    1. Fyrste nummer i dokumentet er boknummer, medan det andre nummeret er sidenummer.
  4. Når du finn ei oppføring du vil studere, går du attende til Telemarkskilder si nettside og søker på boknummeret (det fyrste nummeret i dokumentet). Då skal boka du leiter etter kome opp, og du kan studere den som ei nedlastbar pdf-fil.
  5. Ved hjelp av det andre nummeret i dokumentet du har søkt i, sidenummeret, kan du leite deg fram til rett side i boka. Sidenummeret er oftast merka med farga blyant oppe i høgre hjørne i bøkene.

Fotosamlinga

Fotosamlinga etter Rikard Berge skal etter planen bli tilgjengeleg på Digitalt Museum i løpet av 2018.

Lydopptaka

Fonografen til Rikard Berge står i dag på Telemark Museum.
Foto: Tor Kjetil Gardåsen (2015) / Telemark Museum.

Lydopptaka Rikard Berge tok opp er digitalisert, men samlinga er enno ikkje publisert i sin heilheit nokon stad. Folkemusikkarkivet i Telemark har lagt ut eit par smakebitar frå samlinga. Desse finn ein på arkivet si heimeside, eller ved å trykke på desse lenkene:

Dersom ein ynskjer å lytte til fleire opptak, kan ein kontakte med folkemusikkarkivet.

Kjelder

Rikard Berges arkiv og samlingar ved Telemark Museum og på www.telemarkskilder.no  Av Tor Kjetil Gardåsen Trykt i Årbok for Telemark 2015

Eksterne lenker