Offisersgardar

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra «Sjefsgård»)
Hopp til navigering Hopp til søk

Offisersgardar er her nytta som nemning for gardar som styresmaktene la ut til underhald og eventuelt bustad for offiserar i Hæren på 1600-, 1700- og 1800-talet. Dei viktigaste ordningane kan samanfattast under overskriftene assignerte gardar (for tida fram til ca. 1800) og sjefsgardar (1791-ca. 1900).

Assignerte offisersgardar

Ved forordning av 28. april 1663 befalte kong Fredrik 3 at det skulle leggjast ut 1096 gardar til underhald for offiserar og menige i rytteriet ( dragonar, jf. utreiarkvarter), og dessutan 204 gardar til offiserar av infanteriet. Det låg i dette at avgiftene av gardane, etter nærare bestemte satsar, skulle gå til dei militærpersonane dei var tillagde (assignerte), som ein del av tenestegodtgjersla. Helst vart det teke offentleg gods til føremålet. Da kunne både landskylda, bygselsavgiftene og dei offentlege skattane brukast til føremålet. Måtte ein ty til privateigd gods, var det berre skattane som kunne gå til dragonunderhaldet eller offisersavlønninga.

Når kongen hadde eigedoms- og bygselretten, kunne vedkomande offiser sjølv ta i bruk ein slik assignert gard til bustad og bruk, om han så ønskte. Det forutsette etter forordninga at garden var «vacant», dvs. bygselledig.

Oversyn over desse assignerte offisersgardane finst i såkalla krigsjordebøker i Rentekammerets arkiv i Riksarkivet (realistisk ordnet avdeling og futerekneskapa).

Sjefsgardar

Frå 1791 kom ordninga med faste sjefsgardar (kapteinsgardar), det vil seie embetsgardar for kompanisjefane i Hæren ute i distrikta. Det var gardar i offentleg eige (krongods eller benefisert gods) som vart lagde ut til dette føremålet i medhald av eit kongeleg reskript av 2. september 1791. Reskriptet inneheld ei fullstendig liste over dei utlagde gardane, og gjer greie for offiserane sine rettar og plikter i høve til tidlegare bygselstakarar, til staten og eventuelt til «beneficiarius» (embetsmann som tidlegare hadde hatt inntekt av ein benefisert gard som nå vart teken til sjefsgard).

Ved hærreduksjonen 1818 vart mange sjefsgardar overflødige, trass i at også korpssjefane (bataljonssjefane) nå fekk slike gardar.

Sjefsgardsordninga vart gradvis avvikla frå midten av 1800-talet, i medhald av lov av 25. august 1848 «angaaende civile og militaire Embedsgaarde». Dei fleste gardane vart selde i løpet av 1800-talet, men somme var i bruk til ut i mellomkrigstida.

I Riksarkivet finst det mykje kjeldemateriale om sjefsgardane. Særskilt kan nemnast ein serie med mapper på de einskilde «frasolgte og beholdte» sjefsgardar under Armedepartementet frå midten av 1800-talet.

Kjelder

  • Reskript av 28. april 1663 om utlegging av gardar til rytteriet og infanterioffiserar, gjengitt i Samlinger til Det Norske Folks Sprog og Historie, bind 4, Christiania 1836 side 45-49.
  • «Rescript angaaende Bøxel-Gaarders Udnævnelse til Boelig for Compagnie-Chefferne ved den Norske Armee», 2. september 1791, gjengitt i Laurids Fogtman: Rescripter, Resolutioner og Collegialbreve… (etc.), bind VI, København 1800, s. 207–235. Digital versjonNettbiblioteket.
  • «Lov angaaende civile og militaire Embedsgaarde», i Love, Anordninger etc. 12te Bind, Christiania 1851.
  • Kiærland, Lars: «Litt om ekserserplasser, telthus og sjefsgårder…», serie i Norsk militært tidsskrift (NMT) 1934-1958: