Skotholmevegen 38 (Fedje gnr 170 bnr 54)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Skotholmevegen 38
Sokn: Fedje sokn
Fylke: Vestland fylke
Kommune: Fedje kommune
Gnr.: 170
Bnr: 54
Adresse: Skotholmevegen 38

Skotholmevegen 38 er ein eigedom i Fedje kommune.

1. Tore Gismervik f. 1958 Haugesund, oppvaksen der og i Indre Arna, Bergen, elektrikar/salssjef/sjølvstendig næringsdrivande, g. 1985 m. Anne-Karin Haus f. 1959 Bergen, barnehageassistent, bustad Bergen. Ekteskapet oppløyst 2010. Dette er tomta med huset og naustet på gnr 170 bnr 5, og vart frådelt i 2002. Han fekk skøyte i 2003, og flytta sidan hit frå Bergen. Huset vart renovert i 2004 og totalrenovert i 2021. Garasjen vart bygd i 2019 på tomt bnr 64, frådelt gnr 170 bnr 5 i 2011, skøyte i 2012.

Born: a. Tord Gismervik f. 1988, elektrikar, bustad Bergen. b. Maren Gismervik f. 1991, barnehagelærar, samb. 2018 m. Jan Remy Olsen f. 1990 Fjell, mekanikar, bustad Turøyna i Fjell, Øygarden kommune. c. Brede Gismervik f. 1994, bustad Bergen.

Tore Gismervik samb. 2011 m. Hanne-Mari Gjøsæter f. 1975 frå Alta, barnehagelærar/fiskeguide. Dei driv Fedje Fiske og Bo med fisketurisme. Ho har galleri for kunstmaling.


Fedje komm.svg Skotholmevegen 38 (Fedje gnr 170 bnr 54) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Skotholmevegen 32 (Fedje gnr 170 bnr 52) • Neste bolk: Skotholmevegen 34 (Fedje gnr 170 bnr 56)