Eigedomstilhøve i Jostedalen før 1800
Eigedomstilhøve i Jostedalen før 1800 gjev eit oversyn over kven som åtte gardane i Jostedalen i Sogn og Fjordane fram til leiglendingane vart sjølveigarar. Jostedalsgardane har følgt ei temmeleg vanleg rute frå kyrkjegods i mellomalderen gjennom kongeleg gods og privatgods i tidleg nytid til sjølveige frå 1700-talet.
Oversynet gjeld berre dei matrikulerte gardane fram til overgangen til sjølveige var fullført før 1800. Det femner ikkje om den seinare matrikuleringa og overgangen til sjølveige for dei mange husmannsplassane. (For ei generell innføring, sjå Leksikon:Jordeiendomsforhold.)
Frå kyrkjegods til kongegods
I skattematrikkelen 1647 heiter det om alle gardane i Jostedalen at dei "ehr Apostelsguodtz", og bygda har truleg vorte ein del av godset til Apostelkyrkja i Bergen alt i mellomalderen. Til liks med anna apostelgods er ikkje jostedalsgardane nemnde i Bergens kalvskinn.
Med reformasjonen i 1536/37 la kongen under seg alt kyrkjeleg gods, så seinast frå dette tidspunktet har nok Jostedalen vore i kongeleg eige. Det er òg temmeleg sikkert at Jostedalen vart folketom i nedgangstida i seinmellomalderen, så Jostedalen vart av den grunn òg kongeleg eigedom. I 1664 er Jostedalen omtala som "tilforen Kongens Øde march".[1]
Då Jostedalen vart folkesett att i siste halvdel av 1500-talet, må dalen ha høyrt til Dale len. I 1565 vart Luster prestegjeld skilt ut frå Sogn len som eit eige len. Denne ordninga stod ved lag til 1614 då Dale len vart lagt under Bergenhus len.[2]
Adelsgods
I det statlege gjeldsoppgjeret etter 1660 selde kongemakta ut mykje jordegods, og det galdt òg Jostedalen. 24. januar 1664 fekk lagmann, stiftsamtmannforvaltar og adelsmann Hans Hansen Lillienskiold (1610-1681) skøyte på jostedalsgodset. Lillienskiold hadde på kort tid bygt opp ein stor formue som han fyrst og fremst plasserte i jordegods på Vestlandet. Jostedalsgodset femnde på dette tidspunktet om all jordeigedom i Jostedal prestegjeld unnateke kyrkja og prestegarden. Det låg ikkje gods korkje til kyrkja eller prestegarden.
Munthe-ætta
Åtte månader før han døydde selde Lillienskiold jostedalsgodset til Birgitte Munthe på Flahamar i Luster (skøyte 26. mars 1681). Birgitte Munthe var tante til Marie Lem (dotter til Birgittes syster Abel) som var gift med Lillienskiolds son med same namn (Hans Hansen Lillienskiold (1650-1703)).
Birgitte Munthe fekk dermed hand om alle gardane i Jostedalen. Ho var enkje etter futen Christopher Morgenstierne som tidlegare hadde skaffa seg mykje av apostelgodset i Indre Sogn. Etterkomarane deira kalla seg sidan Munthe.[3] Jostedalsgodset vart no verande i Munthe-ætta fram til brukarane sjølve kjøpte gardane.
Birgitte Munthe selde unna éin gard, Myklemyr, til prestesonen Hans Ottoson Ravn i 1682. Resten av godset gjekk til sonen Ludvig Munthe, sokneprest i Vik. Den tida Ludvig Munthe sat med godset, selde han som mor si berre unna éin gard, Bjørkehaugen, i 1691. Etter Ludvig Munthe gjekk godset udelt til sonen Christopher Munthe, sokneprest i Hafslo. Han selde ikkje unna ein einaste gard
I arveoppgjeret etter at Christopher døydde i 1754, vart jostedalsgodset delt på tre av sønene: Gerhard Munthe, Jens Munthe og Ludvig Munthe (1717-1785). Gardane vart delte slik:
Gerhard Munthe | Jens Munthe | Ludvig Munthe |
---|---|---|
Bruheim | Fossen | Sperla |
Bjørk | Bakken | Åsen |
Ytri | Elvekrok | Nedrelid |
Espe | Haugen | Kjervik |
Mjølver | Hellegård | Kreken |
Nedre Fåberg | Kruna | Li |
Øvre Fåberg | Grov | Bergset |
Snøtun | Vamberg | Ormberg |
Seinare fekk Jens Munthe òg hand om dei to Fåberg-gardane og Snøtun, den siste etter odelssøksmål.
Den fyrste som selde seg heilt ut av Jostedalen, var storebroren Ludvig Munthe. Alfred Espe har rekna ut at han selde til rimeleg takst - under 3 rdl per mark smørskyld i snitt.
Også Jens Munthe selde til rimeleg takst, om ein ser bort frå gardane han selde etter odelssøksmål. Han selde ned mot 2 rdl per mark smørskyld i snitt.
Stivaste prisen tok Gerhard Munthe. For Bjørk og Espe, som han selde i 1765 og 1770, tok han kring 9,8 rdl per mark smørskyld. Han var òg den einaste av brørne som ikkje selde seg heilt ut i si eiga levetid. Tre av gardane gjekk over til arvingane hans, som òg tok seg godt betalt. Det aller siste bruket som vart innløyst, Ytri, kosta brukaren kring 8 rdl per mark.
Overgangen til lokalt bondeeige
Det følgjande oversynet tek berre med fyrste tidspunkt gardar i Jostedalen gjekk frå eksternt eige til lokalt bondeeige. Ikkje alle gardar vart i fyrste omgang kjøpte av gardbrukaren på garden, sjølv om det var det vanlegaste. Dette er difor ikkje heilt ut overgangen til sjølveige i Jostedalen.
Gnr | Gard | År | Fyrste sjølveigar | Siste godseigar | Kjøpesum | Merknader |
---|---|---|---|---|---|---|
186/1 | Nedre Myklemyr | 1682 | Hans Ottoson Ravn | Birgitte Munthe | ? | Dei andre bruka vart selde seinare. Øyane 1994, s. 2ff |
187 | Ormberg | 1771, 10. september | Anders Andersson Ormberg | Ludvig Munthe | 210 rdl | Øyane 1994, s. 95 |
188 | Fossen | 1778, 28. juli | Knut Guttormson Ødegaard | Jens Munthe | 250 rdl | Øyane 1994, s. 118 |
189 | Sperla | 1764, 1. juni | Erik Christenson Fossehaugen | Ludvig Munthe | 180 rdl + skogavtale | Øyane 1994, s. 175 |
190 | Åsen | 1771, 10. januar | Ole Anderson Åsen | Ludvig Munthe | 550 rdl | Øyane 1994, s. 212 |
191 | Nedrelid | 1771, 10. september | Lars Halvorson Garen | Ludvig Munthe | 372 rdl | Øyane 1994, s. 255 |
192 | Bruheim | 1787, 13. oktober | Sjur Olson Breum | Hartvig Kaas Munthe og Frantz Rieck Munthe (sjå Gerhard Munthe) | ? | Øyane 1994, s. 276 |
194 | Bakken | 1778, 28. juli | Lars Sjurson Bakken | Jens Munthe | 250 rdl | Øyane 1994, s. 376 |
195 | Bjørk | 1765, 6. mars | Anders Tøgerson Bjørk | Gerhard Munthe | 560 rdl | Øyane 1994, s. 425 |
196 | Vamberg | 1778, 28. juli | Otto Larsson Vamberg | Jens Munthe | 90 rdl | Øyane 1994, s. 462 |
197 | Ytri | 1794, 3. juni | Knut Jetmundson Ytri | Peder Leganger Rumohr (sjå Gerhard Munthe) | 210 rdl | Siste leiglendingsbruk i Jostedalen. Øyane 1994, s. 4 |
198 | Kjervik | 1771, 10. september | Erik Knutson Kjervik | Ludvig Munthe | 250 rdl | Øyane 1994, s. 498 |
199 | Kreken | 1771, 10. september | Ole Henrikson Kreken | Ludvig Munthe | 260 rdl | Øyane 1994, s. 521 |
200 | Espe | 1770, 16. mars | Lars Jetmundson Espe | Gerhard Munthe | 650 rdl | Lars måtte gje frå seg garden att i 1772 til Jens Munthe etter ei odelssak, men fekk kjøpt garden av han att 28. juli 1778. Øyane 1994, s. 545 |
201 | Elvekrok | 1778, 14. april | Knut Olson Elvekrok | Jens Munthe | 40 rdl | Øyane 1994, s. 574 |
202 | Mjølver | 1787, 23. oktober | Rasmus Erikson Bergset | Frantz Wilhelm Riech Munthe og Christopher Munthe (sjå Gerhard Munthe) | 200 rdl | Andre halvparten kjøpt av Chr. Munthe 25. mai 1788. Øyane 1994, s. 597 |
202/7 | Bjørkehaugen | 1691, 6. mars | Anders Sjurson Kruna | Ludvig Munthe (1657-1708) | ? | Øyane 1994, s. 629 og 632 |
203 | Li | 1771, 10. september | Hans Olson Lien | Ludvig Munthe | 500 rdl saman Bergset | Øyane 1994, s. 668 |
204 | Nedre Fåberg | 1778, 28. juli | Lars Andersson Fåberg | Jens Munthe | ? | Øyane 1994, s. 693 |
205 | Øvre Fåberg | 1778, 28. juli | Ole Olson Fåberg | Jens Munthe | 350 rdl | Øyane 1994, s. 722 |
206 | Haugen | 1778, 28. juli | Anders Paulson Haugen | Jens Munthe | 250 rdl | Øyane 1994, s. 749 og 753 |
207 | Hellegård | 1772, 20. februar | Peder Hermundson Hellegård | Jens Munthe | 260 rdl | Øyane 1994, s. 785 |
208 | Kruna | 1757, 26. oktober | Knut Rasmusson Kruna | Jens Munthe | 300 rdl | Øyane 1994, s. 828 |
209 | Snøtun | 1778, 28. juli | Anders Pederson Snøtun | Jens Munthe | 450 rdl | Øyane 1994, s. 851 |
210 | Grov | 1758, 10. januar | Otto Olson Grov | Jens Munthe | 230 rdl | Øyane 1994, s. 875 |
211 | Bergset | 1771, 10. september | Hans Olson Lien | Ludvig Munthe | 500 rdl saman Li | Øyane 1994, s. 895 |
Notar
- ↑ Brev frå Tøger Jensson, 9.8.1664
- ↑ Fylkesleksikon, NRK Sogn og Fjordane
- ↑ «Munthe», Store Norske Leksikon
Litteratur
- Øyane, Lars E. (1994). Jostedal sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 5). Gaupne: Luster kommune, s. 686-716. (Digital utgåve, NBdigital)
- Espe, Alfred. (2002). Jostedalen. Frå istid til sjølveigartid. Jostedal: Jostedal historielag, s. 50-51.