Forside:1700-tallet

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Mal:Portal side

Mal:Portal fokus

Smakebiter fra artikler
Nikolaus Gjelsvik.
Nikolaus Mathias Gjelsvik (fødd den 11. april 1866 i Askvoll, Sunnfjord, død i Oslo den 14. november 1938) var jurist og norskdomsforkjempar. Han var fyrst dosent (1897), så frå 1906 til 1936 professor i rettsvitskap ved Universitetet i Oslo, og var ein framståande ekspert mellom anna i mellomfolkelege rettstilhøve. Han var rådgjevar under Karlstad-forhandlingane under unionsoppløysinga i 1905. Som norskdomsmann var Gjelsvik ein kraftfull organisator innan både målrørsla og den frilynde ungdomsrørsla, og han blir rekna som grunnleggjaren av det nynorske rettsmålet. I 1930-åra markerte Gjelsvik seg med sterkt nasjonalistisk farga standpunkt i politiske spørsmål som forsvarssaka og Grønlandssaka. Nikolaus Gjelsvik var fødd og oppvaksen på Sørgarden i grenda Gjelsvika i noverande Askvoll kommune. Denne delen var tidlegare Vevring herad i Sogn og Fjordane fylke. Garden var den største garden i bygda, og etter måten stor i vestlandsk målestokk. Foreldra til Nikolaus Gjelsvik var gardbrukarparet Øystein Eirik Olavsson (1824-1880) frå Gjelsvik og Malene Andreasdotter (1833-1880) frå Selvik. Nikolaus vart altså med eitt slag foreldrelaus som 14-åring. Han var nummer seks av ein syskenflokk på ni.   Les mer…


Lebesby kirkested i Laksefjord i 1948.
Foto: Det Norske næringsliv : 13 : Finnmark fylkesleksikon, 1952.

Stedet Lebesby (samisk Davvesiida) ligger på østsiden av Laksefjorden, omkranset av holmer og øyer. Lebesby var fram til 1944 administrasjonssenter i Lebesby kommune.

Gjennom tidene har navnet Lebesby gjennomgått mange endringer. Fra 1500-tallet finner en i svenske kilder stedet omtalt som Daveby. Siden skriver man Lybsby, Libbisby, Lysby o.s.v., til det endelige Lebesby. Det samiske navnet på stedet er Davvesiida som kan oversettes med: Den nordligste samiske boplass.   Les mer…
Skulestyrar og biblioteksjef Sigurd Balsnes
Foto: Norske skolefolk, 1952
Sigurd Balsnes (fødd 22. juli 1901 i Stårheim i Eid kommune, død 30. september 1993 i Vadheim i Høyanger kommune) var lærar, skulestyrar og biblioteksjef. Han tok eksamen ved Volda lærarskule i 1923 og tok kurs i bibliotekstell, skolehagearbeid, engelsk og skulefilm. Han var lærar i Selje i 2,5 år og lærar og skulestyrar i Vadheim krins i Høyanger i 46 år. Han var og klokkar ved Vadheim bedehuskapell og formann i skoleråd og lærerlag. Sigurd Balsnes var bibliotekinspektør i Sogn og Fjordane og biblioteksjef i Høyanger. Han var med på skipinga av fylkesbiblioteket i Sogn og Fjordane og var styremedlem i Norsk bibliotekforening i seks år. Han fekk Kongens fortjenstmedalje.   Les mer…
Per Almås
Foto: Norske skolefolk, 1952
Per Almås (Peder Georg), født 2. august 1910 på Stord, død 16. februar 1991, same stad, var lærar og snikkar. Han tok eksamen ved Volda lærarskule i 1936 og Eksamen artium i 1946. Han var overlærar ved Sogn ungdomsskule (seinare Askelund folkehøgskule) i Balestrand i 20 år frå 1936 og flytte seinare attende til Stord.   Les mer…
Rakel Støyva Apalseth
Foto: Norske skolefolk, 1952
Rakel Apalseth, født 10. januar 1902 i Breim, død 4. juni 1986 i Førde, var lærar. Ho hadde eksamen frå Volda lærarskule 1923-1924 og Den kvinnelige industriskole i Oslo 1939. Rakel var lærar i Byrkjelo krins i Breim 1924-1941, Gloppen 1941-1946 og Førde krins i Breim frå 1946. Ho var og aktiv i IOGT.   Les mer…