Trondheims len
Trondheims len, òg kalla Trondhjems len eller Trondheimhus len, (Trondhjemsgaard) og i ein periode frå 1530-åra til 1550-åra Steinvikholms len, var eit av dei fire hovudlena i Noreg som vart oppretta i 1503, og det bestod som len med ymse grensejusteringar fram til lenssystemet vart avvikla og erstatta med amt i 1662. Administrasjonsstaden for hovudlenet var for det meste byen Nidaros, seinare kalla Trondheim og Trondhjem. Kjerna i hovudlenet var sjølve slottslenet, og i tillegg fanst det eit varierande antal smålen som underlen.
Smålena vart ofte samanslegne i ulike, meir eller mindre kortvarige konstellasjonar, men etter kvart vart smålena tekne inn i sjølve slottslenet, slik at dette dekte heile Trøndelag, Namdalen og Nordmøre midt på 1600-talet.
Trondheims len 1503–1537
Det gamle stridsspørsmålet om kirkens privilegier blusset opp mellom erkebiskopen og høvedsmannen på Bergenhus, Jørgen Hanssøn. Da erkebiskop Erik Valkendorf forlot landet utnyttet Hanssøn derfor anledningen til å styrke Bergenhus len ved å legge under seg erkebiskopens forleninger i Trøndelag. Annekteringen ble imidlertid kortlivet; med Kristian IIs fall i 1523 falt Trøndelags len igjen under erkebiskopen i Nidaros, som nå het Olav Engelbrektsson.
Fra slutten av 1520-årene var lenene ustabile over hele landet. I løpet av få år kunne et len bli tatt og gitt, erobret og tilbakekalt, og Trondheim var ikke et unntak. Da erkebiskopen var i unåde i 1528 ble Gauldal og Sparbu gitt til en holsteiner ved navn Follert Svynn mot en årlig avgift på 40 gullgylden, mens Trøndelag og Trondheim by ble gitt til hans bror Sivert mot en avgift på 100 rhinske gylden.
Det ser imidlertid ikke ut til at de noensinne kom i besittelse av lenene i praksis, for i følge regnskapsbøkene av 1529 er det fremdeles erkebiskopen Engelbrektsson som svarer kongen for de overførte lenene. Året etter ble kongen og erkebiskopen forsont, og kongen fornyet erkebiskopens lensbrev. I 1532 ble Gauldal og Sparbu nok en gang overdratt, denne gang til en danske, Otto Stigssøn, men heller ikke dette ser ut til å ha fått noen praktiske følger. I realiteten satt Engelbrektsson som egenmektig lensherre helt frem til han ble fordrevet av reformasjonen.
I 1532 vart Erkebispegarden herja og brent av danske troppar. Erkebiskopen, som i praksis òg var lensherre og høvedsmann, trekte seg da tilbake til Steinvikholm slott, og lenet kom til å bli heitande Steinvikholms len en tid.
Den interne organiseringa av Trondheims len varierte ganske mykje. Jamtland og Romsdal beheldt for det meste statusen som eigne underlen. Elles var det mange meir eller mindre kortvarige underlen i olike kombinasjonar; blant anna kan nemnast Sparbu len, Stjørdalens len og Herjedalens len.
Erkebispegarden vart sett i brann av danske troppar i 1532, og under reformasjonen i 1537 vart Erkebispegarden overteken av dei danske myndigheitene og fungerte som administrasjonssete (1537–1658: lensherresete; 1658–60: guvernørsete; 1662– : amtmannssete) frå da og fram til bygningane vart overlatne til militæret i 1686.
Bestyreren av lenet ble kalt lensherre, befalingsmann eller høvedsmann.
Steinvikholms len 1537–1556
Høvedsmenn
- 29. januar 1540: Christopher Huitfeldt [Steinvikholm] Diplomatarium Norvegicum XIII, brev nr. 654
- 29. juni 1540: Christopher Huitfeldt høffuidzmandt paa Stenwigholm Diplomatarium Norvegicum II, brev nr. 1135 (Christopher Ottesen Huitfeldt satt i perioden 1538-1542)
- 24. juni 1545: [Tordt] Rodis høffwesmand paa Stenwigholmm Diplomatarium Norvegicum VI, brev nr. 760
- 28. september 1545: Tord Rhoedt høffuizmandt paa Stenwigholm Diplomatarium Norvegicum II, brev nr. 1144
- 22. mars 1547 : Christoffer Galle høffuidzmand paa Steinwigholm Diplomatarium Norvegicum XII, brev nr. 611
- 29. november 1551: Christoffer Galle [Steinviksholm] Diplomatarium Norvegicum XVI, brev nr. 634
- 24. oktober 1554: Effuert Bildt til Raffnholt høffuijdtzmand paa Stenwigholm Diplomatarium Norvegicum XII, brev nr. 655
- 19. juli 1555?: Effuertt Bild til Rhaffnholtt høffuidzman paa Steinuigholm Diplomatarium Norvegicum XII, brev nr. 656
- 14. november 1555: Ewertt Bild till Rhaffnholdt, Høuidzman paa Stenuigholm Diplomatarium Norvegicum XII, brev nr. 658
- 13. januar 1559: waar øffrighedt vdj Steinuigholms lehenn Effuertt Bild Diplomatarium Norvegicum IV, brev nr. 1141
Utstrekning
Dei første åra var Trondheims len eit innlandslen som først og fremst omfatta Strinda. Stjørdalen vart lagt til i 1541; Nordmør, Fosen, Gauldalen og Sparbu føre 1542; og Herjedalen ein gong føre 1549. Namdalen vart lagt til lenet permanent i 1552. Jamtland vart lagt under Trondheim i 1571.
Under høvedsmann Evert Bild vart det gjeve kongeleg løyve til å flytte administrasjonsstaden til byen og Erkebispegarden att i 1556, og lenet skifta da namn frå Steinvikholm til Trondheims len.
Kystlandskapa Romsdal, Nordmør, Fosen og Namdalen, som alle haurde til Nidaros bispedømme, låg under Bergenhus hovudlen de første åra, men vart etter kvart overførte til Trondheims hovudlen. Namdalen vart overført til Trondheim i 1532 og Nordmør (Edøy) og Fosen vart overførte i i 1540-åra. Nord-Noreg òg låg under Trondheim nokre få år på 1500-talet, men kom snart under Bergenhus att. Romsdal låg ofte under Bergenhus, men låg under Trondheim blant anna i tida 1604–1627. Frå 4. januar 1639 til 1642 låg Østerdalen, inkludert Idre og Serna, under Trondheims len òg.
Trondheims len 1556–1658
Lensherrer/befalingsmenn:
• Evert Bild til Ravnholt (1556-1564)
• Herluf Skave til Eskilstrup (1564-1568)
• Ludvig Munk til Nørlund, Lundegaard og Pederstrup (1571-1577)
• Jacob Christophersen Huitfeldt til Lillø og Berritzgaard (1577-1583)
• Christian Friis til Borreby (1583-1589)
• Ludvig Munk til Nørlund, Lundegaard og Pederstrup (1589-1596)
• Jacob Trolle til Sonerup og Brudager (1596 -1601)
• Steen Bille til Billesholm (1601-1613)
• Claus Daa til Ravnstrup og Holmegaard (1613-1620)
I 1645 vart lensområdene Jamtland og Herjedalen lagt under Sverige
• Peder Wibe til Gjerdrup (1656 til sin død 7 aug. 1658)
Trondheims län 1658–1660
I 1658 og etter at Jemtland og Herjedalen tidligere var tapt fall resten av lenet, inkludert Romsdal, inn under svensk styre gjennom guvernør Claes Nilsson Stiernsköld. Jamtland og Herjedalen vart lagt til det nye svenske lenet, som fikk namnet «Trondheims län».
Trondheims len 1660–1662
Trøndelag, Namdalen, Fosen, Nordmøre og Romsdal vart lagt under dansk styre att i 1660, og i 1662 vart Trondheims len erstatta med det fastare organiserte Trondheims stiftamt.
Kjelder
- Dybdahl, Audun og Bull, Ida: Trøndelags historie bind 2: Fra pest til poteter 1350 - 1850. Tapir akademisk forlag, Trondheim 2005.
- Imsen, Steinar: «Len» i Norsk historisk leksikon.
- «Trondheims län» på Svenska Wikipedia