Forside:Trønderbåter

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

KYSTKULTUR
Båtbygging • Klinkbygging • Fyr • Tradisjonsbåtregisteret

østnorske båter • sørvestlandsbåter • midtvestlandsbåter • sunnmørsbåter • geitbåter • trønderbåter • nordlandsbåter
norrøne fartøy • seglfartøy • dampfartøy • motorfartøy

Om Trønderbåter
Trønderbåtar er ein samleterm for dei ulike tradisjonsbåttypane som har lokal tilknyting til Trøndelag. Den mest ikoniske av dei er åfjordsbåten; andre typar inkluderer foldabåt, innherredsbåt og aurgjeldgeit samt ferskvassbåten stampåsbåt. I tillegg kjem ymse elvebåtar og flatbotna småbåtar, inkludert kokse/prame og kunte.   Les mer ...
 
Smakebiter
Stampåsbåt.
(2014)
Stampåsbåt er en tradisjonsbåt for Selbusjøen. Ola Mikkelsen (1780-1844) var den første som bygde disse båtene i Stampåsa i Varmdal, Selbu kommune. Olas oldebarn John Warmdal (1884-1960) bygde 10 til 16 båter, etter samme lest som sin oldefar. Han brukte to til tre uker på en båt i gjennomsnitt i vedskjulet hjemme på Stampåsa. Vedskjulet fortsette å være byggeplassen i lang tid. Gran er trevirket som oftest blir benyttet, og virke hentes lokalt. Einer benyttes som keiper og spanter. Pluggene er av furu. Stampåsbåtene er bygget for Selbusjøen og er spiss i begge ender. Kjennetegnet er en svært stødig og lettrodd farkost. Vanligst er 2-roing, med 4 årer og 4 tofter. Men det kan bygges større båter som 3-roing med 6 årer og 5 tofter.   Les mer …

Nidaros er en tradisjonell trøndersk vengbåt av åfjordstype. Vengbåtene ble mye brukt i fraktfart i Trondheimsfjorden og langs kysten. Jacob Mortenssøn Maschius’ berømte kobberstikk fra 1674 viser at vengbåtene dominerte elvebildet på Bakklandet på slutten av 1600-tallet. Nidaros ble bygget av båtbygger Einar Borgfjord og elever fra båtbyggerlinjen ved Fosen Folkehøgskole i Rissa. Båtskroget ble bygget vinteren 1997Stadsbygda. I løpet av våren 1997 ble båten bygget ferdig for åpen scene på Fosenkaia, Trondheim, slik at båtbyggerhåndverk og andre gamle håndverk knyttet til båtbygging ble demonstrert for publikum. Mye arbeid har også vært gjort på dugnad av andelseierne, blant annet bygging av båtskott i stavlaftet tømmer, henting av båtemner fra skogen, sying av storsegl, tauarbeid til rigg samt smøring av båten.   Les mer …

Ein fembøring utstilt utanfor Nordlandsmuseet i Bodø ca. 1978.
Foto: Olve Utne
Ein fembøring (nynorsk/bokmål; trulig frå norrønt byrðingr og burde kanskje helst vore skrive fembørding) er ein open, spissgatta trebåt med segl og minst fem båtrom. Denne båttypen, som hovudsaklig er ein størrelseskategori, har tradisjonelt vorte bruka i Trøndelag og Nord-Norge. Fembøringane blir tradisjonelt bygd enten som åfjordsbåtar eller nordlandsbåtar. Sjølv om fembøringane har minst fem rom, og i praksis ofte minst sju eller åtte, så har dei sjeldan meir enn fem eller seks par tollepinnar — og ofte ned til tre par i storfembøringane frå sist på 1800-talet. Dei største åfjords-storfembøringane var kring 52 fot og vart spesialbygd for lofotfisket; dei vart følgelig kalla lofotbåtar.   Les mer …

Åfjordsbåtar i Gjøahavn ved Norsk Maritimt MuseumBygdøy i Oslo kommune. Frå venstre ser vi ein færing (2½ rom, 2 par årar) og ein halvfjerming (3½ rom, 4 par årar); og lengst til høgre ein ca. 6-roms båt som kan vera ein febøring.
Foto: Olve Utne
(2009)
Ein åfjordsbåt eller åfjording er ein tradisjonell open, spissgatta ro- og seglbåt frå Fosen, Namdalen og området kring Trondheimsfjorden og Trondheimsleia. Namnet «åfjordsbåt» kjem av at den viktigaste staden der desse båtane har vorte bygd er Åfjorden i Fosen. Typiske trekk for åfjordsbåten, som på Nordmøre gjerne blir kalla grisbåt (medan helgelendingane gjerne kallar han geitbåt), er lang og grunn kjøl og rette og bratte stamnar. Åfjordsbåtane er tradisjonelt rigga med eit relativt høgt og smalt, symmetrisk råsegl. Dei største båtane kan i tillegg ha eit toppsegl.   Les mer …

Nybygd aurgjeldsfyring.
Foto: Olve Utne
(2017)
Aurgjeldsgeit eller aurgjeldgeit, òg kalla aurgjeldsbåt og rett og slett aurgjelding, er den nordligaste av dei tre geografiske hovudtypane av geitbåtane. Dei skil seg ut frå dei to andre hovudtypane ved at dei er noko smalare; dei har lengre kjøl og brattare stamnar; og dei er rigga enten med symmetrisk råsegl eller med lårsegl («geitbåtsegl»), i motsetning til søfjordingen og romsdalsgeita, som normalt allveg er rigga med lårsegl. Med unntak av dei mest alderdommelige båtane har dei gjerne fleire trekk frå dei nyare åfjordsbåtane enn andre geitbåtar har, inkludert vaterbord, rorkult (i staden for styrvol) og festbetar. I nyare tid er aurgjeldsgeita typisk for det gamle Aure prestegjeld, inkludert Rodal og Engdal og Stemshaug, så vel som Vinjefjorden innover mot Vinjeøra i Heim kommune, men i eldre tider (føre kring 1800) ser dette ut til å ha vore den tradisjonelle båttypen i store delar av Trøndelag òg.   Les mer …

Åfjordbåten kystlag er en del av Åfjordsmuseet, Åfjord kommune i Trøndelag. Organisasjonen har som mål å ta vare på tradisjonene som er knyttet til Åfjordsbåten. Laget ble stiftet 1990 og er medlem av Forbundet KYSTEN. Laget har 11 medlemmer (2012). Styreleder pr. 2022 er Terje Tørhaug. De har et anlegg i Kuringvågen, som er kjent som et meget godt ankringssted. På vinterstid ligger lokale båter i hvile ved flytebrygga, og i sommerhalvåret er det mye besøk av båtturister som overnatter. I tillegg til anlegget i Kuringvågen har kystlaget et eget verksted for båtreparasjoner.   Les mer …
 
Kategorier for Trønderbåter
 
Andre artikler