Forside:Nordlandsbåter

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

KYSTKULTUR
Båtbygging • Klinkbygging • Fyr • Tradisjonsbåtregisteret

østnorske båter • sørvestlandsbåter • midtvestlandsbåter • sunnmørsbåter • geitbåter • trønderbåter • nordlandsbåter
norrøne fartøy • seglfartøy • dampfartøy • motorfartøy

Om Nordlandsbåter
Nordlandsfembøringen Grytir på veg til KYSTENs landstemne i Bodø i 2006.
Foto: Arne-Terje Sæther

Nordlandsbåt er fellesnamnet for dei tradisjonelle opne ro- og seglbåtane i Nord-Norge — frå Ytter-Namdalen og nordover til grensa mot Russland. Nordlandsbåten er, som dei fleste andre tradisjonelle båtane langs kysten, spissgatta. Han er langkjøla, meir eller mindre rakstemnt og relativt rettborda og viser lite geografisk variasjon. Historisk sett er krumstemningen den eldste typen. Han har krumma stemnar, hogde bord, karakteristiske kne som går opp i ein boge eller spiss over kjølen, skjeggkeipar og råsegl. Overgangen til saga bord kring slutten av 1700-talet førte med seg endring i forma som via nokre tildels farlige overgangstypar endte opp i den moderne nordlandsbåten med råsegl kring 1850-åra; og denne vart så lett omforma ved innføringa av sneiseglet kring slutten av 1800-talet. Innpå 1900-talet vart ein del nordlandsbåtar oppborda og utstyrt med motor, sjå for eksempel motoråttring. I dag er motoråttringen gått ut av bruk, men det blir bygd både krumstemningar, rettstemna råseglbåtar og rettstemna sneiseglsbåtar. Nordlandsbåten blir bygd i fleire størrelsar — frå toroms kjekser og opp til fembøringar som kan ha opptil seks årepar og enda fleire rom. Den største registrerte fembøringen var på 53 fot. Bindalsbåtane og ranværingsbåtane blir tradisjonelt bygd i gran, mens saltværingsbåtane tradisjonelt blir bygd i furu.   Les mer ...

 
Smakebitar fra artiklar
Ein fembøring utstilt utanfor Nordlandsmuseet i Bodø ca. 1978.
Foto: Olve Utne
Ein fembøring (nyn./bokm.; trulig frå norr. byrðingr og burde kanskje helst vore skrive fembørding) er ein open, spissgatta trebåt med segl og minst fem båtrom. Denne båttypen, som hovudsaklig er ein størrelseskategori, har tradisjonelt vorte bruka i Trøndelag og Nord-Norge. Fembøringane blir tradisjonelt bygd enten som åfjordsbåtar eller nordlandsbåtar. Sjølv om fembøringane har minst fem rom, og i praksis ofte minst sju eller åtte, så har dei sjeldan meir enn fem eller seks par tollepinnar — og ofte ned til tre par i storfembøringane frå sist på 1800-talet. Dei største åfjords-storfembøringane var kring 52 fot og vart spesialbygd for lofotfisket; dei vart følgelig kalla lofotbåtar.   Les mer …

Saltværing av eldre type: Krumstemning frå Misvær i Bodø kommune, no i samlingane til Norsk Maritimt Museum.
Foto: Olve Utne
Saltværing er den varianten av nordlandsbåtar som tradisjonelt blir bygd frå Salten og nordover. Samanlikna med ranværingane og bindalsbåtane har dei relativt mindre spring, og framskotten er gjerne meir utlagt. Generelt har båtane nordom Saltfjellet alltid vore bygd i furu, medan ranværingane og bindalsbåtane av nyare, rettstemna type normalt har vore bygd i gran. Det er usikkert kva ulikheiter det har vore mellom båtane bygd i Salten og Ofoten på den eine sida og båtane bygd nord i Troms og Finnmark på den andre, men ein tendens er at båtar som har vore brukt opp mot Finnmark gjerne har vorte borda opp med eit ekstra omfar.   Les mer …

Bårsetbåten er eit båtfunn som vart gjort i Bårsetmyra på Nord-Kvaløya i Karlsøy kommune i Troms i 1931. Båtrestane vart transportert til Tromsø Museum og rekonstruert som nirømming under leiing av Gutorm Gjessing i 1937. Ein alternativ rekonstruksjon, som sjurømming, vart gjort av Walter Meyer Pedersen og presentert som hovudoppgåve i arkeologi ved Universitetet i Tromsø i 2002. Dei to tolkningane er ganske ulike, inkludert i stamnforma. Stamnforma i den eldre rekonstruksjonen er markant krum, medan stamnforma i den nyare rekonstruksjonen har meir framspring og ein stamnkonstruksjon som liknar den vi blant anna finn i skipet og båtane frå Gokstadfunnet. Det er vanlig å rekne Bårsetbåten som «den eldste nordlandsbåten» — med krumstemningane som neste kjente ledd. Ein analyse av treverket ved Andreas Kirchhefer plasserer båten til 800-tallet og veksestaden for furua med rimelig sikkerheit til Nordland.   Les mer …

Straumbåt i Saltstraumen Museum.
Foto: Olve Utne
Ein straumbåt (lokal uttale: ["strøʊmˌbɔ.t]) er ein lokal variant av saltværingsbåten. Straumbåtane, som normalt har to fulle rom og eit halvrom i midten, og to til tre par årar, blei tradisjonelt bygd på Evensgård og KvælRøkland i Saltdal kommune for bruk i den ekstreme straumen (opptil 16 knop) i Saltstraumen i Bodø. Karakteristiske drag ved straumbåten er den grunne kjølen og relativt flatbotna skrogforma så vel som at sjølve kjølen er kort og går over, via ein knekk, i lett skrånande understemne ved skottane. Straumbåtane har ikkje tollpinnar (som lett kan knekke ved stor belastning), men naturlig vaksne heiltre-keipar. Ofte er det brukt ekstra solide hammelband av sydd dyrehud. Resultatet er ein gruntgåande båt med brei base og lite motstand under vasslinja — ein kombinasjon som er gunstig for å komme seg fram i sterk straum, men til gjengjeld usikker når både straumen og vinden er sterk.   Les mer …

Krumstemning med fem par årar (åttring) i Båthallen ved Norsk Maritimt Museum.
Foto: Olve Utne
Ein krumstemning er ein nordlandsbåt av typen som var vanlig fram til tidlig på 1800-talet, føre dei nye, meir rettstemna nordlandsbåtane vart utvikla og tok over. Krumstemningar har ein relativt runda framstamn som bøyer seg noko innover øvst; medan bakstamnen er noko mindre runda, innoverskrådd mot kjølen og utan framlutande overheng. Dei er oftast relativt langsmale og med vesentlig lågare fribord enn dei nyare nordlandsbåtane. Båtane manglar ofte vaterbord og har oftast keipar av «y-type» som er fastnagla i øvste bordet. Som på nyare nordlandsbåtar og geitbåtar, men i motsetning til åfjordsbåtar, har krumstemningane tydelige lyroddar som gjev ein runda overgang mellom øvste bordgangen og stamnane. Krumstemningane, og då særlig åttringane, fikk ord på seg for å vere utrygge i grov sjø, og den hogde konstruksjonen let seg vanskelig kombinere med industriell produksjon. Dette var to vesentlige grunnar til at den nyare nordlandsbåten med høgare fribord, vaterbord, tollpinnar og hovudsaklig saga bordgangar blei utvikla.   Les mer …

 
Eksterne ressursar

På Facebook

 
Kategoriar for Nordlandsbåter
ingen underkategorier
 
Andre artiklar