Forside:Arkivvesen

Sideversjon per 17. aug. 2015 kl. 08:14 av Cnyborg (samtale | bidrag)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Om Arkivvesen
Motiv frå eit arkiv.

Arkiv er institusjonar eller avdelingar innafor ei verksemd som tek vare på dokument frå verksemda. Ordet nyttast óg om sjølve samlinga av dokument, og om lokala der dei vert lagra. For historieforskinga er arkivet staden som ikkje gløymer, der vårt kollektive minne er lagra. I eit moderne arkiv tyder ikkje lenger dokument «gulna ark», men «alle fysiske spor av verksemda». Arkiva kan såleis innehalde alt frå handskrivne notat til digitale databasar. Eit arkiv kan vere aktivt, til dømes eit kommunalt arkiv der ein kan gå inn og hente fram vedtak frå seinare tid. Det kan óg vere historisk, med dokument frå ei verksemd som hører fortida til eller dokumentar som ikkje lenger er aktuelle for eigaren. Mange arkiv kombinerer dei to funksjonane, til dømes byarkiva som både har ein aktiv og ein historisk avdeling. Arkiv kan óg vere private, knytta til ein einskild person.

Arkiva har ein dobbeltrolle. På den eine sida skal dei ta vare på dokument for framtida, og det gjer ein best ved å gje så få som mogleg direkte tilgang. På den andre sida skal dei legge til rette for at dei som treng å bruke dokumenta får tilgang til dei. Ein kan tenke på det som å både vere museum, med gjenstandane i monter eller magasin og på same tid bibliotek med lesesal der brukarane sjølv kan gå gjennom dokumenta. Ny teknologi har gjort denne floka mindre utfordrande. Mange arkiv har nå digitalisert deler av samlingane, og gjer dei tilgjengelege på nett. Brukarane får då tilgang til nøyaktige avfotograferingar, medan sjølve dokumenta kan oppbevarast trygt. Eit skilje mellom arkiv og bibliotek er at arkivdokumenta som regel ikkje er publisert. Dei er ofte unike, anten i streng forstand fordi det berre finst eit eksemplar, eller fordi det handlar om ein original. Dette sett óg strengare krav til skydd for dokumenta.

Den nasjonale arkivtenesta i Noreg er organisert som Arkivverket. Det består av Riksarkivet, dei åtte statsarkiva og Samisk arkiv. Verksemda er heimla i arkivlova av 1992 (i kraft frå 1999), som mellom anna krev avlevering av arkiv frå offentlege institusjonar. Arkivverket står bak Digitalarkivet, som mellom anna har lagt ut avfotograferingar av dei fleste kyrkjebøkene.   Les mer ...

 
Smakebitar
Dagne Tveiten i vevstolen. Foto:Ukjent
NEG S8 Beregning ved veving er ei spørjeliste sendt frå Norsk etnologisk gransking i 1954 med tittel Beregning ved veving. Utsendar var Marta Hoffmann og spørjelista er ein del av arkivserien NEG Særemne.   Les mer …

Bildevevd motiv lagd på bildevevkurs i Stokke husflidslag 2012-2013.
Foto: Ellen Holtan Folkestad
(2013)
NEG 212 Hobbyen min er ei spørjeliste sendt frå Norsk etnologisk gransking i 2006 med tittel Hobbyen min. Utsendar var Norsk etnologisk gransking.   Les mer …

Hesteseletøy, tegna av Harald Kompen
Foto: Ingunn Kompen: Etnedal Husflidslag, Årbok for Valdres 2010, side 161.
NEG 77 Hesteselen er ei spørjeliste sendt frå Norsk etnologisk gransking i 1960 med tittel Hesteselen. Utsendar var estaren Helmut Hagar. Det vart i 1963 sendt ut ei eiga liste med oppfylgingsspørsmål til denne lista, NEG 97 Hesteselen - tilleggsliste.   Les mer …

Norsk Folkemuseum bygning nr. 32. Tørkehus fra Istad i Øystre Slidre kommune, omkr. 1800 til 1850.
Foto: Chris Nyborg, 2008
NEG 61 Turkestova er ei spørjeliste sendt frå Norsk etnologisk gransking i 1956 med tittel Turkestova. Utsendar var Andreas Ropeid. Denne lista er del av ein serie med 5 spørjelister om turking og turkehus. Sjå også NEG 63 Makinna, NEG 62 Kjona, NEG 60 Badstova og NEG 59 Kornturking. I tillegg vart det sendt ei liste i 1959, NEG 73 Turkeinnretningar for korn og malt.   Les mer …

Fjølfele bygd av Johannes Berven i tolvårsalderen, ca. 1911.
Foto: Olve Utne
(1995)
NEG 6 Folkelige musikkinstrument er ei av spørjelistene til Norsk etnologisk gransking. Den vart sendt ut i 1947 med tittel Folkelige musikkinstrument. Leif Løchen og Rigmor Frimannslund. Det vart i 1947 sendt ut ei eiga liste med oppfylgingsspørsmål til denne lista, NEG 6t Folkelege musikkinstrument. Svara til tilleggslista er arkivert under NEG 6 Folkelige musikkinstrument.   Les mer …

Stueinteriør med to personer som sitter i sofa. Personene er sannsynligvis Karen og Sigurd Frydenberg, og i så fall er nok bildene tatt i deres nybygde villa på Lena. Plakaten på veggen tyder på at villaen og interiør er benyttet i reklamesammenheng.
Foto: Sigurd B. Røisli/Mjøsmuseet
(1952)
NEG S30 Det norske hjemmet 1945-95 er ei spørjeliste sendt frå Norsk etnologisk gransking i 1995 med tittel Det norske hjemmet 1945-95. Utsendar var Kjetil Rolness og spørjelista er ein del av arkivserien NEG Særemne.   Les mer …
 
Kategoriar for Arkivvesen
 
Andre artiklar