Chulaku (tamilsk: சுளகு) er et slags brett laget av palmeblader, som brukes til å rense korn og ris. I Norge viser Eelam-tamiler fram redskapet, blant annet gjennom dans, på kulturarrangementer som thai pongal i regi av Annai Poopathi Tamilsk Kultursenter, noe som viser dets kulturelle betydning.
Redskapet blir laget av unge palmeblader som skjæres og tørkes i solen. Etter tørking blir bladene delt i like deler og flettet sammen til en chulaku, som har en lett buet, flat form med kanter som ofte er forsterket med bambuspinner for ekstra holdbarhet. Les mer …
Ei høybåre er ein stigeliknande landbruksreiskap som blir bruka til å bera inn høy under slåttonna. Høybåra har nok særleg vorte bruka på husmannsplassar og på sjølveigande småbruk som ikkje var store nok til å ha, eller leige, hest og vogn. Høyet blir kasta ihop til rekkjer og ordna i kjemmer med riva. Så legg ein kjemmene på båra, ei for ei, til lasset er stort nok. Lasset blir gjørdt (gyrdt) med eit taug med reiphegd (trelykkje) i eine enden, og så ber to personar båra mellom seg til låven eller løa. Vel inne blir tauget teke av lasset, og ein velter båra slik at høyet legg seg på stålet. Etterpå blir høyet tradisjonelt kasta til rettes og nedtrakka. Høyet skulle vera kompakt så «høyveggen» stod loddrett utover vinteren — slik følgte ein med kor mykje av høyet som var att. Les mer …
Aebi AM 53 med kort kardang vogn Tohjulstraktoren og motorslåmaskina sitt inntog i vestlandsk jordbruk må ha ein god del av æra for at kulturlandskapet i landsdelen er halde i hevd etter at ljåen og hesteslåmaskina gjekk ut av bruk midt på 1950-talet.
Definisjon for traktor vart etter kvart maskin med roterande kraftuttak (PTO) for drift av påkobla arbeidsmaskiner. Dermed ser vi store motorslåmaskiner og små tohjulstrakturar utan å forstå kva er kva. Kraftuttaket vart mest brukt til drift av såkalla «kardangvogn», firehjulsdrift ved bruk av tilhengar, slåtteapparat, motordriven jordfres og vinsj. Ein prøvar å samle informasjon på sida om Tohjulingar og spesialmaskiner i landbruk og hagebruk.
Kring 1920 kom dei fyrste tohjulingane til landet, men fyrst etter 1945 vart det fart i sal av landbruksmaskiner med eigen forbrenningsmotor i dei brattlendte vestlandsbygdene. Firehjulstraktorane passa ikkje på smale, bratte gardsvegar. Derfor såg gardbrukarane etter andre alternativ og enda opp med tohjulstraktoren som ei løysing mellom motorslåmaskin og firehjulstraktor. Les mer …
Ei reiphegd, òg kalla hegd og reipheld, er ei lykkje eller ein ring av tre i eine enden av eit reip eller tau. Sjølve hegda er gjerne bøygd til av tre og ihopbunden i krysset. Hegda kan brukast til å tre reipet gjennom att for å halde saman ei reipslegen bør (sjå hekt og tau), eller ho kan leggast kring eit skaft eller liknande tre for å gyrde fast børa på ei høybåre, ein slede eller liknande. Les mer …
|