Lamhaug (Fedje gnr 168 bnr 185)
Lamhaug er ein bustadeigedom i Fedje kommune.
Lamhaug | |
---|---|
Sokn: | Fedje sokn |
Fylke: | Vestland fylke |
Kommune: | Fedje kommune |
Gnr.: | 168 |
Bnr: | 185 |
Adresse: | Kalvedalen 9 |
1. Johan Husa f. 1931 (gnr 168 bnr 5-17b) d. 2011, fiskar, fiskeindustriarb., g. 1960 m. Marie Stormark f. 1925 (gnr 172 bnr 23-3e) d. 2007, pleiemedhjelpar. Skøyte 1963 på tomt frådelt gnr 168 bnr 5 same året. Huset vart bygd i 1964. Dei budde tidlegare på Stormark hjå mor til Marie. Ho flytta med dei hit.
Born: a. Jack Magne Husa f. 1962 g. 1984 m. Olaug Meidell f. 1957 Fusa, busette i Husøyna (gnr 168 bnr 250-4). b. Renate Husa f. 1968, legesekretær, g. 1988 m. Frode Nesse f. 1965 Åsane i Bergen, bygningsmann, bustad Alverstraumen, Lindås, seinare Åsane i Bergen. Ekteskapet oppløyst, hennar bustad Frekhaug i Meland, Alver kommune.
2. Evy Uthaug f. 1973 Bergen (jf Brotet gnr 168 bnr 77-1ca), kontormedarbeidar soknerådskontoret, budde før på Nygård (gnr 172 bnr 197-1), sjå der. Skøyte i 2012.
Lamhaug (Fedje gnr 168 bnr 185) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no. Sjå også: Forside • Bakgrunn • Litt allmennsoge om Fedje • Forord • Lesarrettleiing • Forkortingar og ordtydingar • Short introduction in English • Kjelder • Litteratur Førre bolk: Høgtun (Fedje gnr 168 bnr 183) • Neste bolk: Kroken (Fedje gnr 168 bnr 193) |