Mulevegen 4 (Fedje gnr 168 bnr 512)
Mulevegen 4 er ein bustadeigedom i Fedje kommune, no nytta som fritidseigedom.
Mulevegen 4 | |
---|---|
Sokn: | Fedje sokn |
Fylke: | Vestland fylke |
Kommune: | Fedje kommune |
Gnr.: | 168 |
Bnr: | 512 |
Adresse: | Mulevegen 4 |
1. Anders Bergsland f. 1986 Stathelle i Bamble, lærar, g. 2018 m. Kristine Lund f. 1983 Fyresdal i Telemark. Dette er tomta med huset og uthuset på Kopper gnr 168 bnr 1, frådelt i 2014. Skøyte same året. Huset vart renovert i 2015. Naustet ligg på bnr 513, frådelt gnr 168 bnr 1 i 2014, også skøyte då. Anders dreiv med sauer, og starta i 2017 Fedje landhandleri i lokale på ferjekaien (sjå Stuberg gnr 168 bnr 19-23). Dei flytta til Fyresdal.
Barn: a. Klara Bergsland f. 2017.
2. Evy Drange f. 1962 Haugesund, oppvaksen Auklandshamn i Sveio (jf Sveiob. I s 331), fagleiar, samb. 2012 m. Kjell Hjønnevåg f. 1964 Moksheim i Haugesund, sjåfør, bustad Vormedal på Karmøy. Skøyte 2018 på bnr 512 og bnr 513, som vert nytta som fritidseigedom.
Evys born frå es. m. Kjell Tore Våge f. 1956, flytta til Lillesand: a. Lisbeth Drange f. 1985, førstetollinspektør, bustad Sandnes. b. Irene Våge f. 1987, vernepleiar, samb. 2021 m. Stian Olsen Espedal f. 1984 Bergen, salsansvarleg, bustad Søfteland i Os, Bjørnafjorden kommune. c. Jørgen Våge f. 1992, siviløkonom, samb. 2020 m. Monika Hiort f. 1992 Stavanger, ingeniør, bustad Sandnes.
Mulevegen 4 (Fedje gnr 168 bnr 512) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no. Sjå også: Forside • Bakgrunn • Litt allmennsoge om Fedje • Forord • Lesarrettleiing • Forkortingar og ordtydingar • Short introduction in English • Kjelder • Litteratur Førre bolk: Kopper 18 (Fedje gnr 168 bnr 479) • Neste bolk: Kopper 10 (Fedje gnr 168 bnr 522) |