Østlandsk reisning: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
(Under arbeid. Sikkerhetslagring)
 
m (Robot: Endrer mal: Thumb høyre)
 
(39 mellomliggende versjoner av 5 brukere er ikke vist)
Linje 1: Linje 1:
<onlyinclude>{{Thumb|Eivind Berggrav ung.jpg|Eivind Berggrav, Østlandsk reisnings fyrste formann (ukjend fotograf).}}'''[[Østlandsk reisning]]''' var ein språkpolitisk organisasjon som gjekk inn for eit sterkare innslag av folkemålet i riksmål og større rom for austlandske bøyingsformer i nynorsknormalen. Det var med andre ord ei språkpolitisk linje som sidan har vore kjend som [[samnorsk]]. I vidare forstand kan ein sjå Østlandsk reisning som ein framstøyt for regional, sosial og kulturell sjølvhevding, med uttala brodd både mot eit danskfundert riksmål dyrka av urbane eliter, og mot det som vart oppfatta som vestlandsdominansen i norskdomsrørsla. Organisasjonen var i verksemd i åra 1916-1926, og lykkast i å øve innverknad på rettskrivingsreforma i 1917, som fekk svært «radikale» valfrie former i båe skriftspråka.


{{Under arbeid}}
1920-åra har vore rekna som ein stille periode i språkhistoria, men etter språkforskaren [[Ernst Håkon Jahr]] er dette ei mistyding. I tiåret etter fyrste verdskrig vart mange av dei språkpolitiske slaga utkjempa i kommunane, på lokalplanet, og fekk derfor ikkje merksemd i den riksdekkjande pressa. Østlandsk reisning var innblanda i mange lokale språkkampar på Austlandet, som talsmenn for dei som ønskte ei meir talemålsnær rettskriving.</onlyinclude><ref>Jahr 1978, baksida.</ref>
'''[[Østlandsk reisning]]''' var ein språkpolitisk organisasjon som gjekk inn for eit sterkare innslag av folkemålet i riksmål og større rom for austlandske bøyingsformer i nynorsknormalen. Det var med andre ord ei språkpolitisk linje som vart kjend som [[samnorsk]]. Organisasjonen var i verksemd i åra 1916-1926, og lykkast i å øve innverknad på rettskrivingsreforma i 1917, som fekk svært «radikale» valfrie former i båe skriftspråka.  


Tiltaket starta som ei samarbeidsnemnd mellom dei frilynte ungdomslaga på det sentrale og sørlege Austlandet. Ungdomsrørsla her heldt ein viss fråstand til målrørsla, i motsetnad til ungdomslaga andre stader i landet og sentralorganisasjonen [[Noregs ungdomslag]]., som slutta hugheilt opp om landsmålet, også organisatorisk gjennom [[Noregs mållag]]. I vidare forstand kan ein sjå Østlandsk reisning som ein framstøyt for regional, sosial og kulturell sjølvhevding, med uttala brodd både mot eit danskfundert riksmål dyrka av urbane eliter, og mot det som vart oppfatta som vestlandsdominansen i norskdomsrørsla.
== Tre kjende namn i framgrunnen ==
Tiltaket starta som ei samarbeidsnemnd mellom dei frilynte ungdomslaga på det sentrale og sørlege Austlandet. Ungdomsrørsla her heldt ein viss fråstand til målrørsla. Det skilde dei ut frå ungdomslaga andre stader i landet og sentralorganisasjonen [[Noregs Ungdomslag]], som slutta hugheilt opp om landsmålet, også organisatorisk gjennom [[Noregs mållag]].  
   
   
Østlandsk reisning hadde tre markante framgrunnsfigurar. Det var cand. theol. [[Eivind Berggrav]], som den gongen var styrar for amtsskulen på [[Fetsund]], svogeren [[Didrik Arup Seip]], språkhistorikar og nyutnemnd professor, og [[Halvdan Koht]], professor i historie. Av desse var det fyrstnemnde som gjorde opptakten.  
Østlandsk reisning hadde tre markante framgrunnsfigurar. Det var cand. theol. [[Eivind Berggrav]], som den gongen var styrar for [[amtsskole|amtsskulen]] på [[Fetsund]], svogeren [[Didrik Arup Seip]], språkhistorikar og nyutnemnd professor, og [[Halvdan Koht]], professor i historie. Av desse var det fyrstnemnde som gjorde opptakten.


==  Stifting og styre ==
{{Thumb|Alf Frydenberg.jpg|Alf Frydenberg, seinare fylkesmann i [[Vest-Agder]] og [[Hedmark]], var sentral i Østlandsk reisning. Frydenberg var frå Romedal, ei av flatbygdene på Hedmarken.}}Berggrav hadde brukt tittelen Østlandsk reisning på eit hefte basert på ein serie foredrag som han hadde halde i ungdomslag på Austlandet. Ei av stemnene han hadde tala på, arrangert av [[Romerike Ungdomsforbund]] på [[Minnesund|Minne]] i [[Eidsvoll]] den 25. juni 1916, blir særskilt nemnt som opptakt til organisasjonsdanninga.<ref>Jf. Berggravs artikkel om dette [http://www.samnorsk.no/oestlandsk-reisning/oestlandsk-reisning-berggrav-jensen på nettsidene til Landslaget for språklig samling]</ref> I oktober same året kalla Romerike Ungdomsforbund på nytt inn til eit møte på [[Jessheim]], der Berggrav, Seip og Koht skulle vere hovudtalarar. Spesielt inviterte var representantar for andre frilynte ungdomslag på Austlandet. Det galdt både lag som var tilslutta og som stod utanfor Noregs ungdomslag. Heile 500 personar var til stades på dette møtet, der Østlandsk reisning vart stifta den 8. oktober 1916.


==  Skipinga og styre ==
Møtet vedtok eit program og valde ei samarbeidsnemnd med Berggrav som leiar og Koht som nestleiar. I nemnda sat elles Seip, sokneprest [[Erling Grønland]], [[Ullensaker]], lektor [[Torgeir Krogsrud]], Oslo (opphavleg frå [[Brandbu]]) og to representantar frå kvar av dei følgjande «fylkeslag» (distriktslag) av ungdomsrørsla:
 
Berggrav hadde brukt tittelen Østlandsk reisning på eit hefte basert på ein serie foredrag som han hadde halde i ungdomslag på Austlandet. Ei av stemnene han hadde tala på, på [[Minne]] i [[Eidsvoll]] sommaren 1916, blir særskilt nemnt som opptakt til organisasjonsdanninga.<ref>Jf. Berggravs artikkel om dette [http://www.samnorsk.no/oestlandsk-reisning/oestlandsk-reisning-berggrav-jensen på nettsidene til Landslaget for språklig samling]</ref> I oktober same året kalla [[Romerike Ungdomsforbund]] inn til eit møte på [[Jessheim]], der Berggrav, Seip og Koht skulle vere hovudtalarar. Spesielt inviterte var representantar for andre frilynte ungdomslag på Austlandet. Det galdt både lag som var tilslutta og som stod utanfor Noregs ungdomslag. Heile 500 personar var til stades på dette møtet, der Østlands reisning vart stifta.
 
Møtet vedtok eit program og valde ei samarbeidsnemnd med Berggrav som leiar og Koht som nestleiar. I nemnda sat elles Seip, sokneprest [[Erling Grønland]], lektor [[Torgeir Krogsrud]] og to representantar frå kvar av dei følgjande fylkes/distriktslag av ungdomsrørsla:


*Romerike Ungdomsforbund (Eivind Berggrav og husmor Wilhelmine Aanrud)
*Romerike Ungdomsforbund (Eivind Berggrav og husmor Wilhelmine Aanrud)
*[[Vestfold Ungdomsforbund]] (bankdirektør Hj. Trolldalen og heradskasserar I.C.Pindsle)
*[[Vestfold Ungdomsforbund]] (bankdirektør Hj. Trolldalen, [[Andebu]], og heradskasserar I.C.Pindsle, [[Sandar]])
*[[Eidsiva ungdomslag]] (Østfold): (folkehøgskulestyrar [[O. Funderud]] og lærar G. Natterud)
*[[Eidsiva ungdomslag]] (Østfold): (folkehøgskulestyrar [[O. Funderud]], [[Mysen]], og lærar G. Natterud, [[Båstad]])
*[[Fylkeslaget Varden (Solør og Odal)]] (bonde Arne Næss og amtsskulestyrar Nils Sivertsen)
*[[Fylkeslaget Varden (Solør og Odal)]] (bonde Arne Næss, [[Brandval]], og amtsskulestyrar Nils Sivertsen, [[Skarnes]])
 
Seinare kom nye medlemslag til, deriblant fylkeslaga for høvesvis [[Ringerike]] og [[Østoppland]] ([[Hedemarken]]), og ei rekkje enkeltlag frå [[Hadeland]] og andre stader.


Av andre markante enkeltpersonar som var tilknytta Østlandsk reisning, kan nemnast den seinare fylkesmann i [[Vest-Agder]] [[Alf Frydenberg]] og skole- og museumsmannen [[Håvard Skirbekk]], som også vart leiar i den organisasjonen som tok over etter Østlandsk reising.
Seinare kom nye medlemslag til, deriblant dei nyskipa fylkeslaga for høvesvis [[Ringerike]] og [[Østoppland]] ([[Hedmarken]]). Fire enkeltlag frå [[Hadeland]] var direkte innmeldt, og det same galdt [[Hurdal kristelige ungdomsforening]].


Av andre markante enkeltpersonar som var tilknytta Østlandsk reisning, kan nemnast departementssekretær, seinare fylkesmann i [[Vest-Agder]] og [[Hedmark]] [[Alf Frydenberg]], opphavleg frå [[Romedal]], og skole- og museumsmannen [[Håvard Skirbekk]]. Båe dei to vart sidan leiarar i den organisasjonen som tok over etter Østlandsk reising.


== Program og ideologi ==
== Program og ideologi ==
På stiftingsmøtet vart følgjande program vedteke:
På stiftingsmøtet vart følgjande program vedteke:


Linje 33: Linje 30:
*Vi mener at vi på denna måten jamne veien til et sams norsk mål. På østlandsgrunn, og bare der, kan landsmål og riksmål møtes.»<ref>Her sitert frå nettsidene til Landslaget for språklig samling  [http://www.samnorsk.no/oestlandsk-reisning samnorsk.no]</ref>
*Vi mener at vi på denna måten jamne veien til et sams norsk mål. På østlandsgrunn, og bare der, kan landsmål og riksmål møtes.»<ref>Her sitert frå nettsidene til Landslaget for språklig samling  [http://www.samnorsk.no/oestlandsk-reisning samnorsk.no]</ref>


Språket i programmet, som her er attgjeve i original med unntak av at aa er bytt ut med å, viser tydeleg den leia Østlandsk reisning ønskte å gå i språkutviklinga. Organisasjonen gjekk inn for former som til dømes drøm, strøm og flom jamstilt med draum, straum og flaum i landsmålet. I riksmålet gjekk dei inn for bruk av tre kjønn (ei ku, kua istdf. en ko, koen) og utprega østlandske folkemålsformer som (h)åssen, har skøti osv. Dei lykkast langt på veg å få gjennomslag for dette i og med rettskrivingsreformen i 1917. Østlandsk reisning øvde direkte innverknad i arbeidet med denne reformen. Mellom anna lykkast det dei å få sin mann Didrik Arup Seip med i Statens rettskrivningskommissis, ved å vende seg direkte til regjeringa om dette.  
Språket i programmet, som her er attgjeve i original med unntak av at aa er bytt ut med å, viser tydeleg den leia Østlandsk reisning ønskte å gå i språkutviklinga. Organisasjonen gjekk inn for former som til dømes drøm, strøm og flom jamstilt med draum, straum og flaum i landsmålet. I riksmålet gjekk dei inn for bruk av tre kjønn (ei ku, kua istdf. en ku, kuen) og utprega østlandske folkemålsformer som (h)åssen, har skøti osv. Dei lykkast langt på veg å få gjennomslag for dette i og med rettskrivingsreforma i 1917. Østlandsk reisning øvde direkte innverknad arbeidet med denne reforma. Mellom anna lykkast det dei å få sin mann Didrik Arup Seip med i Statens rettskrivningskommission.


Sosialisten og venstrenasjonalisten Halvdan Koht gav i 1921 ei vidare ideologisk grunngjeving for si tilslutning som det er grunn til å tru kunne underskrivast av mange innan Østlandsk reisning:
Sosialisten og venstrenasjonalisten Halvdan Koht gav i 1921 ei vidare ideologisk grunngjeving for si tilslutning som det er grunn til å tru kunne underskrivast av mange innan Østlandsk reisning:
Linje 39: Linje 36:
:«Vi må sette all evna vår inn på å reise eit samfund som ikkje lenger har rom for klassestrid, men der alt folke er med i broderleg samarbeid. Dette er eit ekonomisk, eit sosialt, eit politisk program. Men målprogramme er med, det òg. For vi vil reise eit norsk mål som skal samle arbeidaren med bonden, bonden med bymannen. Og folkemåle skal beint fram være ei hjelp i dette samlings-arbeide.
:«Vi må sette all evna vår inn på å reise eit samfund som ikkje lenger har rom for klassestrid, men der alt folke er med i broderleg samarbeid. Dette er eit ekonomisk, eit sosialt, eit politisk program. Men målprogramme er med, det òg. For vi vil reise eit norsk mål som skal samle arbeidaren med bonden, bonden med bymannen. Og folkemåle skal beint fram være ei hjelp i dette samlings-arbeide.


:Det dei kaller «Østlandsk Reisning» har si gjerning å gjøre i den store folkereisinga og folkesamlinga. Det er vitnemåle um at austlendingen no for ålvor vil være med i norsk mål-reising, og vi torer trygt helse han hjarteleg velkomen. For vi veit at han er bade sernorsk og rotnorsk, og vi kann være stå på at han vil være samnorsk.»<ref>Tale i [[Bondeungdomslaget i Kristiania]] 1921, her sitert frå [http://www.samnorsk.no/oestlandsk-reisning/austlandsk-og-norsk samnorsk.no]</ref>
:Det dei kaller «Østlandsk Reisning» har si gjerning å gjøre i den store folkereisinga og folkesamlinga. Det er vitnemåle um at austlendingen no for ålvor vil være med i norsk mål-reising, og vi torer trygt helse han hjarteleg velkomen. For vi veit at han er bade sernorsk og rotnorsk, og vi kann være stå [sic! stø?] på at han vil være samnorsk.»<ref>Tale i [[Bondeungdomslaget i Kristiania]] 1921, her sitert frå [http://www.samnorsk.no/oestlandsk-reisning/austlandsk-og-norsk samnorsk.no]</ref>


== Aktivismen ==
{{Thumb|Østlandsk reisning årsmøte 1923.jpg|Frå årsmøtet på Eidsvold Værk i 1923 (ukjend fotograf).}}Østlandsk reisning fekk stor oppslutning om eit «Opprop om norsk rettskrivning» frå 1917, der dei tala for stor fridom i val av skriftform. Dei fekk underskrifter på oppropet av mange landskjende personar, deriblant [[Fridtjof Nansen]], [[Hagbard Emanuel Berner|H.E. Berner]], [[Abraham Berge]], [[Hans Aanrud]], biskop [[Otto Jensen]], [[Peter Egge]], [[Rasmus Stauri]], [[Kai Møller]], [[Sven Moren]], [[H. Eitrem]], [[Henrik Sørensen]], [[Olaf Norli]], [[Haakon Garaasen]] og [[August Western]].


== Aktivitet ==
Ei anna av flaggsakene for organisasjonen vart innføring av austlandske målformer i skulen, både i folkeskulen og i dei høgre skuleslaga. Østlandsk reisning var særleg oppteken av det nye [[Eidsvoll landsgymnas|landsgymnaset på Eidsvoll]] (opna i 1922). I medlemsbladet ''[[Østaglett]]'' vart dette uttrykt slik:
:«Eidsvoll-skolen må la det østlandske måltilfanget få komma til sin rett både i landsmålet og riksmålet. Bygger ein landsgymnaset på ein annan grunn, kommer det itte til å makte oppgava si. Det vil skapa strid – i staden for samling, fred og godt arbeid.»


Østlandsk reisning fekk stor oppslutnad om eit «Opprop om norsk rettskrivning» frå 1917, der dei tala for stor fridom i val av skriftform. Dei fekk underskrifter oppropet av mange landskjende personar, deriblant [[Fridtjof Nansen]], [[H.E. Berner]], [[Abraham Berge]], [[Hans Aanrud]], biskop [[Otto Jensen]], [[Peter Egge]], [[Rasmus Stauri]], [[Kai Møller]], [[Sven Moren]], [[H. Eitrem]], [[Henrik Sørensen]], [[Olaf Norli]], [[Haakon Garaasen]] og [[August Western]].
Berggrav sat sjølv i forstandarskapet for gymnaset, og fleirtalet der sympatiserte med Østlandsk reisning. Det innstilte sin mann Torgeir Krogsrud som rektor. Men departmentet overkøyrde forstandarskapet og tilsette i staden den konservative landsmålsmannen [[Johan Fredrik Voss]].


Ei anna av flaggsakene for organisasjonen vart innføring austlandsk målform ved det nye [[landsgymnaset på Eidsvoll]] (opna i 1922). I medlemsbladet [[Østaglett]] vart dette uttrykt slik: «Eidsvoll-skolen må la det østlandske måltilfanget få komma til sin rett både i landsmålet og riksmålet. Bygger ein landsgymnaset på ein annan grunn, kommer det itte til å makte oppgava si. Det vil skapa strid – i staden for samling, fred og godt arbeid.» Berggrav sat sjølv i forstandarskapet for gymnaset, og fleirtalet der sympatiserte med Østlandsk reisning. Det innstilte på sin mann Torgeir Krogsrud som rektor. Men departmentet overkøyrde forstandarskapet og tilsette i staden den konservative landsmålsmannen [[J. Fredrik Voss]].
Østlandsk reisning utgav fyrst eit blad med same namn (i 1918 og 1919 i alt fire nummer). Frå oktober 1920 kom månadsbladet ''Østaglett'', fyrst med Torgeir Krogsrud som redaktør og frå 1923 var det Alf Frydenberg.


Østlands Reisning utgav fyrst eit blad med same namn (i 1918 og 1919 i alt fire nummer ). Frå oktober 1920 kom månadsbladet Østaglett, fyrst med Torgeir Krogsrud som redaktør og frå 1923 var det Alf Frydenberg.
== Omorganisering, nedlegging,  nydanning ==
{{Thumb|Østlandsmåla fram Jahr.jpg|Ernst Håkon Jahr ga i 1978 ut boka «Østlandsmåla fram!» (Universitetsforlaget), basert på hovudoppgåva hans i nordisk. Dette er truleg den mest omfattande studien av Østlandsk reisning.}}I 1921 vart Østlandsk reisning omforma frå å vere ei samarbeidsnemnd og folkerørsle til å bli ein retteleg organisasjon. Det vart oppretta eit styre på fem årssmøtevalde medlemmer. Samarbeidsnemnda vart omgjort til eit råd med representasjon frå dei tilslutta ungdomslaga. Det var nå seks fylkeslag og fire enkeltlag, som i alt hadde 10 000 enkeltmedlemmer.  


I det fyrste styret sat desse:
*Eivind Berggrav, formann
*Hjalmar Trolldalen, nestformann
*D.A. Seip
*Lærar Lars Larsen, Ringerike


== Omorganisering, nedlegging,  nydanning ==
Fem år seinare vart Østlandsk reisning nedlagt, eller rettare sagt omgjort til ein ungdomsorganisasjon med eit noko utvida program under namnet [[Østlandsk ungdomsfylking]]. Det skjedde på årsmøtet på [[Hamar]] i juni 1926. Det vart valt nytt styre, og nye leiarar kom i framgrunnen. Det framgår ikkje av kjeldene som er nytta her om det var nokon strid om nedlegginga og nydanninga. Men D.A. Seip skriv om dette i ettertid: «Det var naturlig at ungdommen omkring i lagene hadde ledelsen slik som arbeidet skulle legges an. Det var ikkje lenger rimelig å bevare en organisasjon med rent språklig program.»<ref>Seip, D.A. 1958, side 105  
I 1921 vart Østlandsk reisning omforma frå å vere ein samarbeidsnemnd og ei folkerørsle til å bli ein retteleg organisasjon. Det vart oppretta eit styre på fem årssmøtevalde medlemmer. Samarbeidsnemnda vart omgjort til eit råd med representasjon frå dei tilslutta ungdomslaga. Det var seks fylkeslag (distriktslag) og fire enkeltlag, som i alt hadde 10 000 enkeltmedlemmer.
 
Fem år seinare vart Østlandsk reisning nedlagt, eller rettare sagt omgjort til ei ungdomsorganisasjon med eit noko utvida program under namnet [[Østlandsk ungdomsfylking]]. Det skjedde på årsmøtet på [[Hamar]] i juni 1926. Det vart valt nytt styre, og nye leiarar kom i framgrunnen. Det framgår ikkje av kjeldene som er nytta her om det var nokon strid om nedlegginga og nydanninga. Men D.A. Seip skriv om dette i ettertid: «Det var naturlig at ungdommen omkring i lagene hadde ledelsen slik som arbeidet skulle legges an. Det var ikkje lenger rimelig å bevare en organisasjon med rent språklig program.»<ref>Seip, D.A. 1958, side 105  
</ref>
</ref>


== Kjelder og litteratur ==
== Kjelder og litteratur ==
 
*[http://www.samnorsk.no/oestlandsk-reisning Artiklar om Østlandsk reisning av Berggrav og Koht på nettstaden til Landslaget for språklig samling, samnorsk.no]
* Artiklar om Østlandsk reisning av Berggrav og Koht på nettstaden til Landslaget for språklig samling [samnorsk.no http://www.samnorsk.no/oestlandsk-reisning]
*Frydenberg, Alf: «Østlandsk reisning», i ''Romerikstun, Årbok for Romerike historielag VII'', 1970.
*Jahr, Ernst Håkon: ''Østlandsk reisning : utgreiing om ei språkpolitisk rørsle'', hovedoppgave i nordisk - Universitetet i Oslo, 1976.
*Jahr, Ernst Håkon (red.): ''Østlandsk reisning 1916-1926''. Forlaget Novus, Oslo 1974.
*Jahr, Ernst Håkon: ''Østlandsmåla fram! : ei bok om rørsla Østlandsk reisning'', Tromsø 1978.
*Langeland, Asbjørn: ”Østlandsk reisning – målsaka i de frilynte ungdomslaga på Østlandet” i Språknytt 4/2007, [http://www.sprakrad.no/Toppmeny/Publikasjoner/Spraaknytt/Arkivet/Spraknytt-2007/Spraknytt-42007/Ostlandsk-reisning/ digitalisert utgåve på Språkrådets nettsider.]
*Langeland, Asbjørn: ”Østlandsk reisning – målsaka i de frilynte ungdomslaga på Østlandet” i Språknytt 4/2007, [http://www.sprakrad.no/Toppmeny/Publikasjoner/Spraaknytt/Arkivet/Spraknytt-2007/Spraknytt-42007/Ostlandsk-reisning/ digitalisert utgåve på Språkrådets nettsider.]
*Seip, Didrik Arup: ”Østlandsk reisning” i Årbok for Romerike Historielag III. 1958.
*Seip, Didrik Arup: «Østlandsk reisning» i ''Årbok for Romerike Historielag III''. 1958.
Østlandsk reisning nedlagt i 1926
 


== Referansar ==
== Referansar ==
<references/>
<references/>
{{Språkskifte i norske kommunar 1892-2013}}
[[Kategori:Språkorganisasjoner]]
[[Kategori:Den frilynte ungdomsrørsla]]
[[Kategori:Østlandet]]
[[Kategori:Etableringer i 1916]]
[[Kategori:Opphør i 1926]]
{{F2}}{{ikke koord}}
{{nn}}

Nåværende revisjon fra 4. mar. 2024 kl. 14:55

Eivind Berggrav, Østlandsk reisnings fyrste formann (ukjend fotograf).

Østlandsk reisning var ein språkpolitisk organisasjon som gjekk inn for eit sterkare innslag av folkemålet i riksmål og større rom for austlandske bøyingsformer i nynorsknormalen. Det var med andre ord ei språkpolitisk linje som sidan har vore kjend som samnorsk. I vidare forstand kan ein sjå Østlandsk reisning som ein framstøyt for regional, sosial og kulturell sjølvhevding, med uttala brodd både mot eit danskfundert riksmål dyrka av urbane eliter, og mot det som vart oppfatta som vestlandsdominansen i norskdomsrørsla. Organisasjonen var i verksemd i åra 1916-1926, og lykkast i å øve innverknad på rettskrivingsreforma i 1917, som fekk svært «radikale» valfrie former i båe skriftspråka.

1920-åra har vore rekna som ein stille periode i språkhistoria, men etter språkforskaren Ernst Håkon Jahr er dette ei mistyding. I tiåret etter fyrste verdskrig vart mange av dei språkpolitiske slaga utkjempa i kommunane, på lokalplanet, og fekk derfor ikkje merksemd i den riksdekkjande pressa. Østlandsk reisning var innblanda i mange lokale språkkampar på Austlandet, som talsmenn for dei som ønskte ei meir talemålsnær rettskriving.[1]

Tre kjende namn i framgrunnen

Tiltaket starta som ei samarbeidsnemnd mellom dei frilynte ungdomslaga på det sentrale og sørlege Austlandet. Ungdomsrørsla her heldt ein viss fråstand til målrørsla. Det skilde dei ut frå ungdomslaga andre stader i landet og sentralorganisasjonen Noregs Ungdomslag, som slutta hugheilt opp om landsmålet, også organisatorisk gjennom Noregs mållag.

Østlandsk reisning hadde tre markante framgrunnsfigurar. Det var cand. theol. Eivind Berggrav, som den gongen var styrar for amtsskulenFetsund, svogeren Didrik Arup Seip, språkhistorikar og nyutnemnd professor, og Halvdan Koht, professor i historie. Av desse var det fyrstnemnde som gjorde opptakten.

Stifting og styre

Alf Frydenberg, seinare fylkesmann i Vest-Agder og Hedmark, var sentral i Østlandsk reisning. Frydenberg var frå Romedal, ei av flatbygdene på Hedmarken.

Berggrav hadde brukt tittelen Østlandsk reisning på eit hefte basert på ein serie foredrag som han hadde halde i ungdomslag på Austlandet. Ei av stemnene han hadde tala på, arrangert av Romerike UngdomsforbundMinne i Eidsvoll den 25. juni 1916, blir særskilt nemnt som opptakt til organisasjonsdanninga.[2] I oktober same året kalla Romerike Ungdomsforbund på nytt inn til eit møte på Jessheim, der Berggrav, Seip og Koht skulle vere hovudtalarar. Spesielt inviterte var representantar for andre frilynte ungdomslag på Austlandet. Det galdt både lag som var tilslutta og som stod utanfor Noregs ungdomslag. Heile 500 personar var til stades på dette møtet, der Østlandsk reisning vart stifta den 8. oktober 1916.

Møtet vedtok eit program og valde ei samarbeidsnemnd med Berggrav som leiar og Koht som nestleiar. I nemnda sat elles Seip, sokneprest Erling Grønland, Ullensaker, lektor Torgeir Krogsrud, Oslo (opphavleg frå Brandbu) og to representantar frå kvar av dei følgjande «fylkeslag» (distriktslag) av ungdomsrørsla:

Seinare kom nye medlemslag til, deriblant dei nyskipa fylkeslaga for høvesvis Ringerike og Østoppland (Hedmarken). Fire enkeltlag frå Hadeland var direkte innmeldt, og det same galdt Hurdal kristelige ungdomsforening.

Av andre markante enkeltpersonar som var tilknytta Østlandsk reisning, kan nemnast departementssekretær, seinare fylkesmann i Vest-Agder og Hedmark Alf Frydenberg, opphavleg frå Romedal, og skole- og museumsmannen Håvard Skirbekk. Båe dei to vart sidan leiarar i den organisasjonen som tok over etter Østlandsk reising.

Program og ideologi

På stiftingsmøtet vart følgjande program vedteke:

  • «Østlandsk reisning, er å vekke østlendingen til nasjonalt å kjenne og ære sig sjøl.
  • Vi må bli gla i bygdene våre, verne om all arv ifrå fedrene, i arbeidsliv, i husliv, i sed og i tale.
  • Vi må reise tanken om at morsmålet her øst er fullgod norsk tale, så ingen trenger knote, enten det nå er «riksmål» eller «landsmål». Østlendingen skal kjenne det som ei ære og ei glede å eie og bruke målet sitt, hime og i by'n like godt.
  • Vi mener at vi på denna måten jamne veien til et sams norsk mål. På østlandsgrunn, og bare der, kan landsmål og riksmål møtes.»[3]

Språket i programmet, som her er attgjeve i original med unntak av at aa er bytt ut med å, viser tydeleg den leia Østlandsk reisning ønskte å gå i språkutviklinga. Organisasjonen gjekk inn for former som til dømes drøm, strøm og flom jamstilt med draum, straum og flaum i landsmålet. I riksmålet gjekk dei inn for bruk av tre kjønn (ei ku, kua istdf. en ku, kuen) og utprega østlandske folkemålsformer som (h)åssen, har skøti osv. Dei lykkast langt på veg å få gjennomslag for dette i og med rettskrivingsreforma i 1917. Østlandsk reisning øvde direkte innverknad på arbeidet med denne reforma. Mellom anna lykkast det dei å få sin mann Didrik Arup Seip med i Statens rettskrivningskommission.

Sosialisten og venstrenasjonalisten Halvdan Koht gav i 1921 ei vidare ideologisk grunngjeving for si tilslutning som det er grunn til å tru kunne underskrivast av mange innan Østlandsk reisning:

«Vi må sette all evna vår inn på å reise eit samfund som ikkje lenger har rom for klassestrid, men der alt folke er med i broderleg samarbeid. Dette er eit ekonomisk, eit sosialt, eit politisk program. Men målprogramme er med, det òg. For vi vil reise eit norsk mål som skal samle arbeidaren med bonden, bonden med bymannen. Og folkemåle skal beint fram være ei hjelp i dette samlings-arbeide.
Det dei kaller «Østlandsk Reisning» har si gjerning å gjøre i den store folkereisinga og folkesamlinga. Det er vitnemåle um at austlendingen no for ålvor vil være med i norsk mål-reising, og vi torer trygt helse han hjarteleg velkomen. For vi veit at han er bade sernorsk og rotnorsk, og vi kann være stå [sic! stø?] på at han vil være samnorsk.»[4]

Aktivismen

Frå årsmøtet på Eidsvold Værk i 1923 (ukjend fotograf).

Østlandsk reisning fekk stor oppslutning om eit «Opprop om norsk rettskrivning» frå 1917, der dei tala for stor fridom i val av skriftform. Dei fekk underskrifter på oppropet av mange landskjende personar, deriblant Fridtjof Nansen, H.E. Berner, Abraham Berge, Hans Aanrud, biskop Otto Jensen, Peter Egge, Rasmus Stauri, Kai Møller, Sven Moren, H. Eitrem, Henrik Sørensen, Olaf Norli, Haakon Garaasen og August Western.

Ei anna av flaggsakene for organisasjonen vart innføring av austlandske målformer i skulen, både i folkeskulen og i dei høgre skuleslaga. Østlandsk reisning var særleg oppteken av det nye landsgymnaset på Eidsvoll (opna i 1922). I medlemsbladet Østaglett vart dette uttrykt slik:

«Eidsvoll-skolen må la det østlandske måltilfanget få komma til sin rett både i landsmålet og riksmålet. Bygger ein landsgymnaset på ein annan grunn, kommer det itte til å makte oppgava si. Det vil skapa strid – i staden for samling, fred og godt arbeid.»

Berggrav sat sjølv i forstandarskapet for gymnaset, og fleirtalet der sympatiserte med Østlandsk reisning. Det innstilte på sin mann Torgeir Krogsrud som rektor. Men departmentet overkøyrde forstandarskapet og tilsette i staden den konservative landsmålsmannen Johan Fredrik Voss.

Østlandsk reisning utgav fyrst eit blad med same namn (i 1918 og 1919 i alt fire nummer). Frå oktober 1920 kom månadsbladet Østaglett, fyrst med Torgeir Krogsrud som redaktør og frå 1923 var det Alf Frydenberg.

Omorganisering, nedlegging, nydanning

Ernst Håkon Jahr ga i 1978 ut boka «Østlandsmåla fram!» (Universitetsforlaget), basert på hovudoppgåva hans i nordisk. Dette er truleg den mest omfattande studien av Østlandsk reisning.

I 1921 vart Østlandsk reisning omforma frå å vere ei samarbeidsnemnd og folkerørsle til å bli ein retteleg organisasjon. Det vart oppretta eit styre på fem årssmøtevalde medlemmer. Samarbeidsnemnda vart omgjort til eit råd med representasjon frå dei tilslutta ungdomslaga. Det var nå seks fylkeslag og fire enkeltlag, som i alt hadde 10 000 enkeltmedlemmer.

I det fyrste styret sat desse:

  • Eivind Berggrav, formann
  • Hjalmar Trolldalen, nestformann
  • D.A. Seip
  • Lærar Lars Larsen, Ringerike

Fem år seinare vart Østlandsk reisning nedlagt, eller rettare sagt omgjort til ein ungdomsorganisasjon med eit noko utvida program under namnet Østlandsk ungdomsfylking. Det skjedde på årsmøtet på Hamar i juni 1926. Det vart valt nytt styre, og nye leiarar kom i framgrunnen. Det framgår ikkje av kjeldene som er nytta her om det var nokon strid om nedlegginga og nydanninga. Men D.A. Seip skriv om dette i ettertid: «Det var naturlig at ungdommen omkring i lagene hadde ledelsen slik som arbeidet skulle legges an. Det var ikkje lenger rimelig å bevare en organisasjon med rent språklig program.»[5]

Kjelder og litteratur

Referansar

  1. Jahr 1978, baksida.
  2. Jf. Berggravs artikkel om dette på nettsidene til Landslaget for språklig samling
  3. Her sitert frå nettsidene til Landslaget for språklig samling samnorsk.no
  4. Tale i Bondeungdomslaget i Kristiania 1921, her sitert frå samnorsk.no
  5. Seip, D.A. 1958, side 105


Spraakskifte.png Østlandsk reisning er del av
prosjektet Språkskifte i norske kommunar 1892-2013
som er komme i stand i samband med Språkåret 2013.
Artiklane i denne serien er tilgjengelege i denne kategorien.