Berdalen (Bykle gnr 3)

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 27. okt. 2014 kl. 14:41 av Cnyborg (samtale | bidrag) (Ny side: {{Infoboks gard | målform = nn | bgfarge = | navn = Berdalen | bilde = | bildetekst = | altnavn = | førstnevnt = | ryddet = [[Vikin...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk
Berdalen
Rydda: Vikingtida eller høgmellomalderen
Stad: Berdalen
Sokn: Bykle
Fylke: Aust-Agder
Kommune: Bykle
Gnr.: 3
Type: Gardsbruk

Berdalen er ein matrikkelgard i Bykle kommune. To-tre km nordanfor Hoslemo går ein dal austetter frå Otra-dalføret. I botnen av denne dalen renn elva Berdøla, og oppi lia på nordsida av elva ligg Berdalsgardane.

Om namnet Berdalen skriv Amund B. Larsen i Norske Gaardnavne (VIII, s.212):

Den nærmestliggende forklaring er gjennem Elvenavnet Bera; dog kan 1.ste led også være Kvindenavnet Bera, Fællesnavnet Bera, f, Hunbjørn, eller Fællesnavnet ber, n, Bær; neppe berg n.

Filologen Olav Haslemo (Stadnamn frå Bykle. Hoslemo skulekrins, h.oppgv. norsk, 1968, 62 f) meiner det er gale å setje opp elvenamnet som utgangspunkt for gardsnamnet. Han har større tru på den forklaringa som set namnet til å koma av gamalnorsk bera, f., «binne», men landar likevel på kvinnenamnet Bera som det mest sannsynlege grunnordet til fyrstelekken i namnet, «fordi vi elles helst finn [hankjønnsordet] bjørn i utmerkingsleden når det er tale om «Fællesnavnet» [...] Vi får då Berdalen som beinveges samansetning», medan elvenamnet vert sekundært i høvet til namnet på dalen elva renn igjennom. «Både ber og berg kan vi sjå bort ifrå», seier han, «og det same gjeld den tolkinga T. Nomeland har lagt fram i Bykle Gards- og ættesoge (1966, s. 221)».

Etter Nomeland skal gardsnamnet tyde «den berre dalen, berrsynt og open som han er og ikkje løynd av skog eller fjell». Dette er heilt urimeleg, meiner Haslemo, «elles i landet finn [ein ikkje ]døme på liknande namn med ei slik tyding.» Det kan heller ikkje vera rett å seia at dalen ikkje er løynd av skog, tvertom er han «godt skogsett».

Me skal her slutte oss til synsmåtane åt Haslemo. Einast skal me leggje innåt at dersom det er rett at namnet er samansett med eit personnamn, vil det plassere Berdalen som eit typisk vikingtidsnamn (dvs. frå perioden 800-1050). Ei arkeologisk undersøking (Oldsaksamlinga, topografisk arkiv, Ole Lindquist 1984) stadfester at her har vore menneskeleg aktivitet med kolbrenning og jernvinne i mellomalder og vikingtid, men fortel i og for seg ingenting om alderen på busetnaden.

Men kan då landskylda seia oss noko om alderen? I 1647 og 1723 sto garden i 1/2 hud eller 6 skinn, og var såleis sett på line med Holen, Vatnedalen, Brotteli, Bratteland (Bykle gnr 9)|]] og Breive, men noko lågare enn Hoslemo, som me har kome til må ha stått i 6 1/2 skinn.

Den nye skylda i 1838 var på i alt 1 dalar 3 ort og 10 skilling, eller 178 skilling, medan Hoslemo då sto i 148 eller omlag 1/6 lågare. Kva som ligg attom denne omvurderinga er uvisst, og det er heller ikkje godt å skjøne kvifor Berdalen i 1886-matrikkelen skaut endå meir ifrå Hoslemo med 361 øres skyld mot 276, slik at differansen nå vart på tett innpå ein fjerdepart.

Variasjonane i nyare skyld seier ikkje stort om relativ alder, dei eldre skyldsatsane er meir å byggje på. Når det gjeld Hoslemo kom me til at den garden er eldre enn 1350, og det same gjeld då sannsynlegvis også Berdalen. To omlag jamgode gardar som ligg såpass nære kvarandre vil gjerne vera nokonlunde jamgamle, og dermed landar me også for Berdalen på at rudningstida må ha vore i høgmellomalderen eller vikingtida.

Den opphavlege garden har sidan vorte dela opp i mange bruk. Mønsteret i oppdelinga skulle gå fram av den fylgjande tabellen.


Bruk og bustadtomter under gnr 3 Berdalen

Bnr Bruksnamn Skyld i øre Utskilt ifrå Matr.- år Kategori Etabl.år
4 Der uppe 2 Heile gnr 3 1665 Hovudbøle, etter 1938 utmarksteig fyre 1350
1 Der nede 54 Heile gnr 3 1723 Gardsbruk fyre 1350? seinast ca 1715
2 Myri 5 1 1874 Gardsbruk 1873
3 Juvassbeitet m m 6 1 1874 Fjelleigedom 1874
5 Hagen 9 4 1764 Gardsbruk 1764
6 Berdalsskogen 153 heile gnr 3 1838 Skog 1700
7 Jeiskeli 9 1, 4 og 5 1890 Gardsbruk fyre 1350
8 Juvassbeitet m m 14 4 og 5 1895 fjelleigedom 1895
9 Maurelien 9 5 1898 fjelleigedom 1760 ca (plass)
10 Haugen 1 2 1927 småbruk 1917
11 Øygarden 4 6 og 9 1938 Del av Jeiskeli 1938
12 Jeiskeliskogen 9 6 1938 Skog 1938
13 Nylund 8 1, 4 og 6 1938 Småbruk 1938
14 Der uppe (II) 68 4 og 6 1938 Gardsbruk 1938
16 Åsland 1 5 1939 Småbruk 1918
17 Steinsland 7 13 1943 Småbruk 1943
18 Lien 6 7 og 12 1945 Småbruk 1945
19 Nordheim 1 5 1954 Småbruk 1945
20 Nordheim 1 5 1953 Småbruk 1945
21 Solhaug (Bjones) 5 1 1954 Småbruk 1897
35 Maurheim 1 6 1965 utmarksteig med bustadtomt 1965
164 Nordli Lien 1 18 1978 Bustadtomt 1978
184 Nordli Lien II 1 18 1984 Bustadtomt 1984
247 Hagen 1 5 1999 Bustadtomt 1999
272 Maurstad II 1 35 1991 Bustadtomt 1991


0941 Bykle komm.png Berdalen (Bykle gnr 3) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder