Smettvevteknikken er ein gamal vevteknikk som held på å verte borte ettersom det er så få som praktiserar han no. Fjærland i Sogn var kanskje den plassen som i ei periode vov mest smettvev. Anne Britt Lotsberg (opprinneleg frå Fjærland) er ein av dei få som held tradisjonen oppe. Bortsett frå omreisande vevarar (Flamsvevinga) og i laugssystemet har veving stort sett vore kvinnene sitt arbeid. Det var særleg naudsynt attende i det sjølvforsynte bondesamfunnet å skaffe seg det meste sjølv. Og det var kvinnene som var ansvarlege for tekstilane.
Etter kvart som ein kunne få det ein trong utanfrå, vart bruken av til dømes dei vovne gjenstandane endra. Slik var det med åkle som hadde vore nyttige som sengjeteppe og som «isolasjon» på veggen – no vart dei nytta meir til «pynt». Det synte seg at i Sogn greidde dei ein periode å få i stand ei ganske stor næring innan åkleveving. Det var i Fjærland (og til dels Jølster og Balestrand) dette fann stad. Les mer …
Snippeteppe vevd på 50-tallet av Ågot Sletten. Foto: Heidi Thöni Sletten
Snippeteppe er ein vevtradisjon i Gjerstad (Aust-Agder) og nærliggande distrikt. Teppene er vevd med filler i to-skaft med smett. Som ein fusjon mellom åkletradisjonen og filleryer. Mønstertradisjonen er lik åkleet, med geometriske formar. Mønsteret består ofte av parallellogram, noko som truleg også har gjeve teppene namnet («snipp» som i sirupssnipp). Teppene var anvendelige tekstiler, og har vært nytta både på golv, vegger og oppå sengehalmen. Les mer …
Gunhild Aarflot var gardkone på Ekset – og styrte ofte garden medan mannen var vekke. Foto: Heidi Thöni Sletten (2009)
Gunhild Aarflot (fødd ca 1757, død 22. mars 1838) frå Bakken, Eikrem, Volda. Foreldra var Rasmus Larsson Eikreim og Sissel Jonsdotter. Den 28. juni 1789 gifta Gunhild Rasmusdotter Eikrem seg med Sivert Aarflot. Dei fekk fem born. Frå 1798 budde dei på Nedre Ekset i Volda. Som mange andre koner på Vestlandet måtte Gunhild styre garden medan mannen var vekke på fiske eller ute på forretningar.
Sivert Aarflot skriv om kona si i sjølvbiografien (1815):
I 1789 giftede jeg mig med en sund, driftig og i en tarvelig Huusholdning opdragen Pige Gunille Rasmusdatter Ekrem, der ei mindre end jeg blev omhyggelig for Jordforbedringens og Huusflidens Fremme.
|
| Les mer …
|