Forside:Skulehistorie i Sogn og Fjordane

Om Skulehistorie i Sogn og Fjordane

Skulen min er eit kartleggings- og formidlingsprosjekt om skulehistorie. Målet er å samle kjelder og informasjon om skulehistoria i ein digital portal. Prosjektet starta i Sogn og Fjordane fylke i 2015. Sogn og Fjordane og Hordaland utgjer frå 2020 Vestland fylke. På sikt ønskjer vi å dekke skulehistorie i heile Vestland fylke. Det er mange ulike kjelder som fortel om skulehistoria, mellom anna katalogar, foto, gjenstandar, brev, dokument og forteljingar. Desse verdifulle materielle og immaterielle kulturminna finn ein hjå musea, arkiva, lokale organisasjonar eller andre, men ikkje alltid lett tilgjengeleg. Det er viktige kjelder til kunnskap som ikkje når ut til folk på ein god nok måte.

Fleire kulturaktørar i Noreg jobbar med å opne opp og tilgjengeleggjere kulturdata. Dette vil vi både bygge vidare på og dra nytte av i dette prosjektet. Målet er å digitalisere og tilgjengeleggjere meir materiale i dei opne nasjonale kulturdatabasane samtidig som vi i vår portal hentar ut skulestoff på tvers av fagområde.

Prosjektet vil prioritere perioden frå den første skulelova kom i 1739 til kommunesamanslåingsperioden på midten av 1960-talet. Både tilgang til kjeldemateriale og personvernsomsyn vil legge føringar for kva som vert digitalisert og formidla.   Les mer ...

 
Smakebitar
Harald J. Aarseth
Foto: Norske skolefolk (1952)
Harald J. Aarseth (fødd 28. juni 1898 i Vevring i Sunnfjord, død 23. juni 1974) var lærar.

Han var son av Jakob M. Aarseth og Olina Johnstad. Som toåring vart han i folketeljinga 1900 ført på Solberg i Vevring. I 1910 finn vi så familien i Strandgaten 154 i Bergen, der faren var kolformann sjå Nordre Bergenhus Amts Dampskibsselskab.

Etter lærareksamen var han vikar i krinsane Skorven og Rørvik (1927-28). Frå 1929 var Aarseth tilsett ved skulane Grytten og Steindal i heimbygda Vevring, i noverande Sunnfjord kommune.   Les mer …

Øvrebotnen skule.
Øvrebotnen skule er ein nedlagt folkeskule som ligg heilt nede ved Haukedalsvatnet på Øvrebotnen i Viksdalen i tidlegare Gaular kommune, frå 2020 i Sunnfjord kommune.Det vesle, kvite skulehuset vart bygd i 1892.   Les mer …

Skulehuset i Utvær, våren 2023. Et lite, hvitt hus med grønne vinduskarmer, som er bygd på svaberg helt nede ved sjøen. Huset har en støpt sokkeletasje med en dør og tre vinduer under førsteetasjen som er bygd med trepanel. Til høyre for huset står det en tank med flassende grønn maling. En gruppe på omkring 20 personer står foran huset. De er alle godt kledd og det kan se ut som det blåser.
Foto: Arnt Ola Fidjestøl
(2023)
Utvær krins var ein skulekrins i Solund kommune i Sogn. Utvær skule var det vestlegaste skulehuset i landet. Før skulehuset vart bygd, måtte ungane bu vekke for å gå på skule. I 1938/39 stilte grunneigaren tomt til råde, kommunen bygde grunnen og utværsfolket kosta skulehuset. Etter dette slapp borna på Utvær å bu vekke. Høgste elevtal var om lag 15, og det var i krigstida. Fråflytting undergrov grunnlaget for skulen på 60-talet. Frå 1961/62 gjekk borna på skule på Indrevær mesteparten av året, men dei heldt fram med vinterskule nokre år til.   Les mer …

Skulehistorie i Solund skal gi ei oversikt over skulekrinsar, skulehus, skulevegar, statistikk, kjelder og arkiv frå Solund kommune si skulehistorie. Kommunen vart skipa i 1858 under navnet Utvær. Før dette var Solund ein del av Gulen kommune. Kommunenamnet vart i 1893 endra til Sulen, og i 1920 til Solund. I 1964 vart øya Losna overført frå Gulen kommune til Solund kommune.

Solund var den første tida delt i to skuledistrikt - eitt ytre og eitt indre. Grensa gjekk gjennom Dalesundet. Dei to distrikta vart delte i roder, og i 1864 vart desse erstatta av 12 skulekrinsar. Før det kom fastskule for læraren og elevane frå hus til hus, frå gard til gard. Det var meininga at alle skulle bidra, og det vart halde skule i stover rundt om i kommunen. Talet på ungar kunne av fleire grunnar variere frå dag til dag, men i 1833 var det 204 skulepliktige born i Solund.

Fram til 1900 auka talet på krinsar sterkt, og var heilt oppe i 17. Det mest vanlege talet var 14 skulekrinsar. Men i 1897 var det berre kommunale skulehus i Hardbakke og Hersvik. Elles heldt ni til i leigde, faste skulelokale, og tre krinsar hadde framleis omgangsskule.   Les mer …

Gjengedal krins 1890-1968
Foto: Annette Langedal Holme/Sogn og Fjordane fylkeskommune (2016)

Gjengedal krins i Gloppen kommune ligg i grenda Hyen og har hatt organisert skule heilt tilbake til 1743. Krinsen vart lagt ned og ungane sendt til Hyen i 1968. Gardane Gjengedal, Mjellem, Rønnekleiv, og Ommedal høyrde til krinsen.

Ved den første skuleordninga i Gloppen kommune i 1743 var Hyefjorden og begge dalane ein krins med ein lærar Jens Olson Henden. Det viste seg at Hyen var eit så stort distrikt at det vart ordna slik at læraren skulle halde skule eit heilt år om gangen i kvar dal. Slik fekk Austredalen i Hyen (Gjengedal krins) skule berre annankvart år, men gjekk totalt like mange år som dei andre skulane i kommunen.   Les mer …

Skifjord bedehus
Foto: Sigrun Espe/Sogn og Fjordane fylkeskommune (2016)

Skifjord bedehus vart bygd i 1914 og står på garden Bjørnestad (gnr 9, bnr. 4) i Hyllestad kommune. Det vart halde skule i bedehuset for fyrste gong i 1942. Før dette vart det halde skule i ei stove på nabogarden, og før dette i ei stove på ein gard lenger ned mot fjorden. Både hovudsalen og den vesle salen på bedehuset vart brukt til undervisning. Dei fyrste åra var det ingen pultar på bedehuset, men i dei seinare åra brukte dei både pultar og langbord.

Den nye skulen i Skifjorden vart opna i 1955. Etter dette vart bedehuset brukt til skule berre dei åra det ikkje var nok plass på nyeskulen.   Les mer …
 
Kategoriar for Skulehistorie i Sogn og Fjordane
ingen underkategorier
 
Andre artiklar