Forside:Tustna

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Aure kommune
TustnaAureStemshaug

Om Tustna
Satellittfoto av den tidlegare Tustna kommune. Tustna er den store øya kring midten og til venstre i bildet.

Tustna var den største og mest folkerike øya i den tidlegare Tustna kommune. Sidan kommunesamanslåinga den 1. januar 2006 har øya vore ein del av Aure kommune. Lokal uttale er ['thʉs:na] (N/A) med ['thʉs:n] (D). Tilstadsform blir ofte uttrykt med preposisjonen «på» + akkusativ og påstadsform ved same preposisjon + dativ:

  • «E ska på Tussna (A) næste vikkå.» (Eg skal [reise] til Tustna neste veke.)
  • «E é på Tussn (D) mykjy tå ti’n.» (Eg er på Tustna mykje av tida.)

Namnet vart oftast skrive Tusterendansk1800-talet. På nederlandske kart og bøker frå 1600-talet finst namnet i forma Toster Poster, Ooster Poster og Toester. Det er vel rimeleg å tenkje seg at Toster Poster er ei feiltolking av ei (ukjent) eldre kjelde med namn Toster Þoster. Ein antek at namnet kjem av norrønt Þústr (= ‘slegel’, ‘sliul’, ‘tust’) og at dette står i samband med Stabben på naboøya Stabblandet.   Les mer ...

 
Smakebitar
Holeopninga.
Foto: Olve Utne
Jo-Andershola (uttale: /'ju:ɑɲɛs,hɔɽɔ/, dativ /-ɲ:/), òg kalla Jo Andersso-hola, er ein heller i vesthellinga av åsryggen frå Nauthatten til Bergskallen mellom Nordheim (eldre: Nautan) og SoleimStabblandet i Aure kommuneNordmøre. Hola ligg i utmarka under Soleim, men skal ha fått namnet sitt etter ein Jo-Anders som budde i Nautan og var blant dei siste fredlause på Tustna. Han hadde fleire tilhaldsplassar og gjømmeplassar kring i utmarka på begge sidene av åsryggen, og Jo-Andershola skal ha vore ein av dei.   Les mer …

Kjerkjesteinen ved Solskjel.
Foto: Olve Utne
Kjerkjesteinen (uttale /"çerʰçestɛ:’n/ (nominativ/akkusativ), /"çerʰçestɛ:na/ (dativ)) er ein stor stein som ligg 90 meter nordom tunet på Solskjel, ved sørenden av ei opa slette, på Solskjelsøya i Aure kommuneNordmøre. Tradisjonen seier at det var brukeleg å kvile der og skifte om til kyrkjeklede på veg ut mot Hamna (620 meter nordafor), der dei gikk ombord i båtane og tok seg over Edøyfjorden, ei fjordkryssing på 2,68 nautiske mil (4,96 km), til Edøykyrkja i eldre tid. I nyare tid har vestenden av steinen vorte bortsprengt for å gje meir plass til vegen, men størsteparten står enda på plass.   Les mer …

Husa på Langholmen.
Foto: Olve Utne
Langholmen (dativ (på/frå) Langholma) er eit fråflytta fiskevær på ei langstrekt samling av tettliggjande holmar utom Golmøya i Aure kommuneNordmøre. Dei første fast busette vi veit om er registrert i kyrkjebøkene frå 1751 og framover, og dei siste fastbuande flytta frå Langholmen i 1970-åra. Været Langholmen, som opprinneleg hørte til Golma, låg under væreigarar i Kristiansund i hundre år: under Christie-familien frå 1822 til 1910, og under Hans Christian Olaus Aass frå 1910 til 1923, da Langholmen kom på lokale hender att.   Les mer …

Bedehuset «Louises Minde» er eit kristeleg forsamlingshus som vart bygd på LeiraTustna i 1923. Thore P. Leren (1855-1947) var pådrivar for å få huset reist. Huset vert bruka til kristeleg møteverksemd, basarar med meir. Det var til å byrja med strid om kva dette huset skulle brukast til. I 1922 vart det halde eit møte der det vart ordskifte ang. byggjinga av huset. Mange ungdomar ynskte at huset skulle vera eit ungdomshus, med eit breiare bruksområde enn det reint kristelege. Det vart ei splitting i bygda, noko som førde til at det etter kvart vart reist eit eige frilynt ungdomshus.   Les mer …

Fuglsnes og Litløra sett frå ViaviknesetErtvågsøya.
Foto: Olve Utne

Fuglsnes (IPA ['fʌ:ʂˌnes:ɜ], dat. ['fʌ:ʂˌnes:a]), òg skrive Fugelsnes, er ein matrikkelgardStabblandet i Aure kommuneNordmøre i Møre og Romsdal.

Garden ligg på vestsida av Imarsundet og grensar til Blomtua i sør og Hola i nord. Indre Fuglsnes låg som alsgard under bnr. 2 av Indre Fuglvågen på Ertvågsøya frå 1761 til tidleg i 1820-åra. I 1841 kjøpte Ola Johannesson Ørbog, som hadde vore gardmann på Indre Fuglsnes sidan han vart gift med enkja der i 1834, Ytre Fuglsnes av Peder Foss i Karlsvika som tilleggsjord.   Les mer …

Lagsnaustet og lagsbåten Havhesten, ein geitbåt-honnfemring.
Foto: Olve Utne
(juni 2017)
Kystlaget Geitbåtens Venner er eit kystlag med base på Tustna i Aure kommuneNordmøre. Laget vart stifta den 10. april 1991 — da med 14 tustningar som medlemmar. I ettertid har laget vakse til kring 50–60 medlemmar frå Sør- og Midt-Noreg. Laget fekk tomt på området til Kråksundet notnaust og sjøbruksmuseum, og dei har bygd eit nordmørsk stavlinenaust på 8×12 m som vart ferdigstilt i mai 1998.   Les mer …
 
Kategoriar for Tustna
 
Andre artiklar