Forside:Stemshaug

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk

ØSTLANDET • SØRLANDET • VESTLANDET • MIDT-NORGE • NORD-NORGE
Møre og Romsdal • Sør-Trøndelag • Nord-Trøndelag
(Sunnmøre) • Romsdal • Nordmøre • Fosen • Orkdalen • Strinda • Gauldalen • Stjørdalen • Innherad • Namdalen
EideSunndalTingvollGjemnesAverøyKristiansundSurnadalRindalSmølaAUREHalsa
TustnaAureStemshaug

Om Stemshaug
Stemshaug er ei bygd i Aure kommuneNordmøre. Bygda svarar til Stemshaug sokn. Stemshaug kommune vart oppretta i 1914, og vart i 1965 innlemma i Aure.

Namnet er tatt frå matrikkelgarden Stemshaug.   Les mer ...

 
Smakebitar fra artiklar
Anders Skipnes (1883-1979) var ein fiskarbonde, lokalpolitikar og lyrikar frå Skipneset i Aure kommuneNordmøre. I 1908 vart han gift med Nella Feren frå Leksvika, og i 1909 tok han over heimgarden Skipnes. Han flytta etter kvart til Trondheim, der han døydde. Anders fekk den fyrste motorbåten sin i 1910; han vart døypt «Fiskaren». Elles dreiv Anders med blant anna sal av klippfisk. Anders Skipnes var ein aktiv lyrikar, og skreiv mange dikt og songar. Han er mellom anna forfattar av «Heimbygda Stemshaug».   Les mer …

Ola Stemshaug (født 20. januar 1936 i Stemshaug, død 27. august 2013 i Trondheim) var språkforsker. Stemshaug ble cand.philol. i 1965 med fagkretsen norsk og nordisk språk, historie og geografi. Han var førsteamanuensis ved Norges Teknisk Naturvitenskapelige Universitet i Trondheim og statens navnekonsulent for Midt-Norge. Han var gift med Marit Stemshaug. Navnegransking var ett av spesialfelta til Stemshaug. Han er særlig kjent for verka Namn i Noreg, Norsk personnnamnleksikon og Norsk stadnamnleksikon, det siste redigert sammen med Jørn Sandnes. Norske innbyggjarnemningar i overført tyding (2002) handler om hvordan innbyggernavn som rørosing og setesdøl stundom får en ekstra betydning.   Les mer …

«Heimbygda Stemshaug» er ein bygdesong skriven av Anders Skipnes. Songen kan syngjast på to melodiar: «Det ligger et land» eller «De nære ting». Songteksten tek oss med på ei vandring gjennom det området som frå 1914 til 1965 var Stemshaug kommune. Det blir gjeve skildringar av historie, natur, folke- og næringsliv.   Les mer …

«Fjordamerra» på utstilling i Geitbåtmuseet.
Foto: Olve Utne
«Fjordamerra» er ein kyrkjebåt frå Årvågsfjorden i AureNordmøre som vart bygd i 1842. Båten, ein tverrskotta geitbåt av aurgjeldstypen med sju par årar, stod i mange år ute under eit provisorisk tak på Trøndelag folkemuseum - Sverresborg, men har seinare vorte flytta til GeitbåtmuseetEngjan i Valsøyfjord i Halsa kommune på Nordmøre. Nybygde kopiar av «Fjordamerra» inkluderer «Fjordamerra» (1996), som vart bygd av Gunnar Eldjarn og Arne Terje Sæther på oppdrag for Aure historielag, og «Halsabrura», som vart bygd av og for Geitbåtmuseet i 1997.   Les mer …

Minnesteinen ved Stemshaug kyrkje er reist til minne om dei to personane frå gamle Stemshaug kommune som fall i kamp under 2. verdskrigen. Steinen vart sett opp i samband med frigjeringsjubileet i 1995, og er lokalisert i nærleiken av Stemshaug kyrkje.   Les mer …

 
Eksterne ressursar
Forside:Stemshaug/Eksterne ressursar
 
Kategoriar for Stemshaug
ingen underkategorier
 
Andre artiklar