Kroné (Bykle gnr 14/6)

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 13. mai 2020 kl. 06:49 av Cnyborg (samtale | bidrag) (Teksterstatting – «fylke = Aust-Agder» til «fylke = Agder»)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk
Kroné
Alt. namn: Kvernhuskroen
Rydda: 1840
Utskilt: 1863
Stad: Bykle (Kyrkjebygdi)
Sokn: Bykle
Fylke: Agder
Kommune: Bykle
Gnr.: 14
Bnr: 6
Type: Småbruk

Kroné i Bykle ligg i breidd med Juvet, Lii og Haugebakk - heilt på kanten av åjuvet ned mot Otra. Haugebakk er næraste granne på vestsida, på austsida ligg Lii.

I den gamle gards- og ættesoga les me (142) at bruket kom til ved at Pål Knutsson Berdalen kaupte det frå Uppistog ca 1840. Nå veit me heilt sikkert at Pål Knutsson aldri kaupte noko bruk, men derimot rudde og bygde han seg ein husmannsplass på denne staden, og budde her i mange år.

Pål Knutsson var frå Berdalen Der nede, og son åt Knut Asbjørnsson Stavenes på det bruket og kona Ingebjørg Pålsdotter, fødd Stavenes.

Pål K. (Berdalen) Byklum (1791-1881), også kjend som "Søte-Pål". Biletet er teke i Schartums Atelier i Larvik i 1860-åra. Det låg i fotoalbumet etter presten Peder Blom, som nå finst i samlinga til Setesdalsmuseet.
  • Pål Knutsson Berdalen, f 1791, d 1881
g 1822 m Jorunn Olavsdtr. Mosdøl, f 1796, d 1853. Born:
  • Ingebjørg, f 1822, g 1846 m Olav Hallvardsson Flateland, sjå Valle VI, 349
  • Gunhild, f 1825, d Helle, Hylestad, 1897, ug
  • Knut, f 1827, g 1. 1855 m Gunhild Gunnarsdtr. Dale, g 2. 1893 m Ingebjørg Torleivsdtr. Gjerden, sjå nedanfor
  • Tone, f 1829 g 1854 m Auver Olavsson Maurlii, sjå Myri under Gjerden, gnr 15, bnr 105
  • Olav, f 1831, d 1905, ug
  • Torleiv, f 1834, g 1872 m Ingjerd Torleivsdtr. Holen, sjå Nordstog Gjerden, gnr 15, bnr 2
  • Ingebjørg. f 1836, g 1859 m Hallvard Åsmundsson Mosdøl, sjå Heggjeslettune

Jorunn Olavsdotter var frå Evre Mosdøl, bnr 3, og dotter åt Olav Taraldsson Mosdøl og kona, Gunhild Jonsdotter.

Pål og Jorunn flutte kringom i Kyrkjebygdi som busetar fyrste 14 åra av ekteskapet sitt, men i 1835 tok dei ut til Hjelmeland. Dei var der «ein del år» står det i Bykle kultursoge (1993, 229), men me vil helst tru at det berre var to-tre. Grunnen til at me meiner dette er at me veit at han var bruksmann i Uppistog ei tid fyre han vart husmann i Kroné, og det tykkjest lite truleg at Gjermund Gunsteinsson heldt seg med bruksmann etter at han gifte seg i 1841.

I Hjelmeland vart Pål gripen av dei haugianske tankane, førde desse med seg heimatt til Bykle, og sette i gang med å skipe til kristelege samlingar i bygda. Etter framstillinga i Kultursoga å døme lyt det ha vore han som grunnla haugianismen i Bykle, og han var også ein pådrivar for skipinga av Bykle misjonsforening i 1847. Men når den sistnemnde boka gjev inntrykk av at Pål var med på å skipe Det Norske Misjonsselskap medan han budde i Hjelmeland, lyt det vera gale, for misjonsselskapet vart skipa hausten 1842, og om våren det året budde Pål og familien hans i Bykle. Dette veit me heilt sikkert ettersom Knut Pålsson då vart konfirmert frå Byklum, og me reknar med at familien då heldt til i Kroné. For den saks skuld er det vel mogeleg at Pål kan ha vore avstad til Stavanger på skipingsmøtet til Misjonsselskapet, men i så fall har han altså reist dit frå Bykle, ikkje frå Hjelmeland.

I dei kristelege møta i Bykle las dei gjerne opp vennebrev frå trusfelagar i andre bygder, og tonen i desse breva var tidt nokså sentimental. I eitt av breva til Pål, som vart opplese i eitt av møta, vart han adressert som «Kjære, søte Pål!». Dette tykte folk var så løgleg, at han vart heitande «Søte-Pål» resten av livet.

I 1851 fekk Pål tinglyst husmannskontrakt med Gjermund Gunsteinsson i Uppistog om «et stykke udmark kaldet Kvernhuskroen». Kvernhuskroen i 1851 er det same som Kroné, men med til den opphavlege plassen høyrde også ei slåtte i Høymyr i Bygdestøylane.

Me veit ikkje mykje om husa Pål fekk opp på plassen, men om stoga vart det opplyst i ei rettssak i 1898 at ho hadde ei grunnflate på 14 m², så der var ikkje romsamt. Elles var her sikkert eit lite uthus.

Etter at Pål hadde vore husmann her i vel 20 år, fekk eldste son hans kaupe plassen hjå Gjermund Uppistog, slik at det vart eit sjølveigande småbruk. Det vart skyldsett til 6 skilling, og tildela lnr 31b, sidan bnr 6. Dette var i 1863, og prisen var 55 speciar. Matrikkelnamnet vart «Kroen». Støylen i Høymyr gjekk attende til Uppistog, og var altså ikkje med i handelen, men oppsitjaren i Kroné fekk i staden ein liten støyl i Bygdestøylane, den såkalla Krostøylen, som gåve av Olav Drengsson i Innistog. Så langt komne kan me gå over til å sjå på han som kaupte plassen i 1863 og huslyden hans:

Knut P. Kroné på eit bilete frå ca 1900,som me har fått hjå Ingebjørg Vegestog.
  • Knut Pålsson Byklum, f 1827, d 1917
g 1. 1855 m Gunhild Gunnarsdtr. Dale, f 1825, d 1880. Born:
  • Knut, f 1885, til Rjukan 1905
  • Gunnar, f 1887'
  • Gunhild, f 1889, d 1890
  • Knut, f 1892
  • Gunnar, f 1897
  • Olav, f 1899, til Skien 1918
  • Ingerid, f 1905, g 1931 m Kjetil Torsson Barskår, busett Skafså, jfr. Mo bygdebok II, 488, 468
  • Jorunn, f 1860, d 1861
  • Jorunn, f 1862, d 1890, ug
  • Ingebjørg, f 1866, d 1866
  • Gunnar, f 1868, til Amerika 1893, seinare lagnad ukj.
  • Olav, f 1871, g 1917 m Eli Andresdtr. Hagen, sjå nedanfor
g 2. 1893 m Ingebjørg Torleivsdotter Gjerden, f 1849, d 1923. Born:
  • Jorunn, f 1893, g 1917 m Pål Torleivsson Gjerden, sjå Nordstog Gjerden, gnr 15, bnr 2

Gunhild, fyrste kona åt Knut, kom frå Nordstog Dale. Foreldra hennes var Gunnar Folkesson Løyland på det bruket og kona, Birgit Ånundsdotter, fødd Homme (jfr. Valle VI, 61). Ingebjørg, andre gifta, var frå Nordstog Gjerden. Foreldra hennes var Torleiv Auversson Gjerden og andre kona hans, Birgit Eivindsdotter, fødd Trydal.

Som det vil gå fram i familielista ovanfor fekk Ingebjørg berre ei dotter med Knut. Men ho hadde eit par born fyre ho gifte seg. I 1875 fekk ho sonen Knut med Knut Torleivsson Byklum (sjå Haugen, gnr 14, bnr 22). Nokre år seinare, det var i 1882, fekk ho dottera Birgit med Knut Ånundsson Byklum (sjå Lii, gnr 14, bnr 3). Både Knut Knutsson og Birgit Knutsdotter er nærare omtala i bolken om sistnemnde Haugen.

I 1865 sat Knut og Gunhild med 2 kyr, 3 sauer og 10 geiter. Dei sådde 3/4 tunne bygg og sette 3 tunner jordeple. Ti år seinare var her 2 kyr og 5 sauer, men ingen geiter. Sånaden i 1875 var den same som i 1865, og talet på dei som budde her var framleis 7. Men Knut Pålsson var avstad til Valle då teljinga vart oppteke, så han vart notert som fråverande.

At Knut laut reise or bygda for å skaffe seg arbeid, tykkjest ha vore det normale. Bruket gav ikkje nok utkome. I 1882 vart han dregen for retten for «betleri» i Bygland. Me tek inn den protokollerte forklaringa hans i retten:

7de Tiltalte Knud Paalsen Byklum, 57 Aar gl., ikke før tiltalt eller straffet for Betleri, har opryddet en Plads under Byklum, paa hvilken han har Livsfæste. Han er Enkemand med 5 Børn, af hvilke han har de 3 yngste under Forsørgelse.

Han har ofte reist ud af Bygden for at søge Arbeide, fornemmelig i Stavanger Amt [Rogaland], og nevnligen har han næsten hvert Aar haft jævnt Arbeide hos Ole Mikael Kristiansen i Haugesund, indtil for 6 Aar siden. Dette har han været nødsaget til, som saa mange andre i Bykle Sogn, da der i dette Sogn er lidet eller intet Arbeide at faa, undtagen i Aannetiden. Han gjorde Høsten 1881 en saadan Tur yil Stavanger, hvor han arbeidede hos forskjellige.

Da det var et fuldstændigt Misvæxtaar for Bykle i fjor, var det saameget nødvendigere for ham at søge ud, og da han havde 2 smaa Sønner med sig, kunde han ikke, som han ellers sædvanlig pleier at gjøre, tage over Hejerne til Vestkysten, men maatte lægge Reisen om Kristiansand. Han reiste hjemmefra i Oktober Maaned f.A,, og medhavde en Anbefalingsskrivelse fra Ordføreren i Bykle Fattigcommission, hvilken han nu fremlagde. Han erkjender at han paa Udreisen betlede og fik Mad hos 6. Vidne [Birgit G. Moi], som af dette Vidne forklaret, men benægter at have til Sædvane at betle.

Han opgiver at være i trængende Omstendigheder, men nyder ikke Understøttelse af Fattigvæsenet. Han bad tilføiet, at han i de sidste Aar har været stærkt hjemsøgt af Sygdomstilfælde i sit Hus. Hans Kone blev syg den 6. October 1879, og laa til sengs indtil hendes Død den 6. August 1880, en Datter blev syg i Begyndelsen af 1880, og er endnu meget sygelig, hans 2 Smaagutter laa i 1880 syge af Lungebetændelse, og er endnu meget sygelig. Han søgte Fattigvæsenet om Hjælp, medens hans kone og Børn laa syge, men fik kun 2 Kroner, samt Medisin til sin Kone. Selv er han sygelig og lider af Reumatisme og andre Svagheder, saa at han jevnlig har maattet søge Lægehjelp. Oplæst og vedtaget.

Retten fann denne forklaringa truverdig, og dømde mildt, og me har ingen grunn til å vurdere annleis, det meste av det Knut forklara vert stadfest gjennom andre kjelder. Likevel lyt det peikast på at det var faren, ikkje Knut sjølv, som hadde rudt plassen, og når han kunne fortelje at han var husmann med livstidfeste, så hadde det ein noko spesiell bakgrunn:

I 1878 hadde han overdrege bruket til eldstesonen, Pål, og vorte husmann for han. Truleg var siktemålet med dette å unngå å verta pålagd å selje til andre, og denne taktikken var tydelegvis vellukka, ettersom han fekk behalde eigedomen. Dei 4 dagane han fekk i lensmannsarresten etter rettssaka i 1882 gjorde snautt mykje frå eller til for situasjonen hans, og det kan ikkje vera tvil om at han sleit i tronge kår. Men endå streid han seg igjennom. Då han var 66 år gamal, gifte han seg omatt med ei 22 år yngre kvinne, og han livde til han var 90.

I 1913 skøytte han og eldstesonen saman bruket over til den nest eldste av sønene:

  • Olav Knutsson Byklum, f 1891, d 1939
g 1917 m Eli Andresdtr. Byklum, f 1882, d 1921. Born:
  • Knut, f 1918, busett Danmark etter 1949, g m Elna Elisabeth Schriver Christensen, Danmark, f 1925, son:
  • Olav Eli Schriver Krone, f 1954.

Eli Andresdotter var frå Hagen under Byklum, bnr 24. Foreldra hennes var Andres Olavsson Strandestøyl og kona, Anne Ånundsdotter, fødd Holen.

Olav sette opp ny løe for seg i 1918. Etter at han vart enkemann, heldt han og sonen fram med å bu i Kroné, og i 1937 fekk dei seg opp ny stoge. Heller ikkje denne var stor, men ho var meir enn dobbelt så stor som den gamle.

Etter at Olav døydde i 1939 var Knut det meste av tida utanbygds. Han let seg innrullere som frontkjempar for tyskarane, men deserterte frå tenesta fyrr han vart sendt i kamp, og hamna i staden i konsentrasjonsleiren Dachau, der han sat til krigsslutt. Ei tid etter krigen arbeidde han i Oslo, og der gifte han seg med ei dansk sjukesyster. Sidan flutte han med henne til Danmark, og fekk ein son. Denne, eller eventuelle etterkomarar, har me ikkje lukkast i å finne att. I 1949 selde Olav bruket sitt til Torleiv Hallvardsson Byklum i Haugebakk.

Prisen Torleiv betala for Kroné var 2500 kr. Planen hans var å nytte jorda her til slåtte attåt sitt eige bruk, så han skulle sleppe å hente høy i heia. Etter at Torleiv døydde i 1950 ervde dottera, Birgit Haugebakk, bruket. I hennes eigartid har det ikkje budd nokon her. Det står att ei løe, men stoga er rive, og sett oppatt ein annan stad.


0941 Bykle komm.png Kroné (Bykle gnr 14/6) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Juvet • Neste bolk: Haugebakk