Olaus Dahle: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
(bilete)
m (Robot: Endrer mal: Bokhylla)
 
(9 mellomliggende versjoner av 5 brukere er ikke vist)
Linje 1: Linje 1:
[[Fil:Olaus og Brita Dahle.jpg|Brita og Olaus Dahle utanfor Mundal Hotel i 1929|thumb]]
{{thumb|Olaus og Brita Dahle.jpg|Brita og Olaus Dahle utanfor Mundal Hotel i 1929.|Ukjend}}
'''[[Olaus Dahle]]''' (fødd 21. september 1847 i [[Grytten]], død 6. april 1940 i [[Fjærland]]) var lærar, målmann og hotelleigar i Sogn.
'''[[Olaus Dahle]]''' (fødd 21. september 1847 i [[Grytten]], død 6. april 1940 i [[Fjærland]]) var lærar, målmann og hotelleigar i Sogn.


==Oppvekst ==
==Oppvekst ==
Foreldra var gardbrukaren Ola Ivarson frå [[Hemsedal]] og Marit Jørgensdotter frå [[Lesja]]. Ola Ivarson hadde kjøpt garden Dale i [[Isfjorden]] i [[Grytten]] prestegjeld i 1826. Han var ven av [[Hans Nielsen Hauge]], sjølv haugianar og leiar av det kristelege livet i bygda. Dette prega òg sonen.
Foreldra var gardbrukaren Ola Ivarson frå [[Hemsedal]] og Marit Jørgensdotter frå [[Lesja]]. Ola Ivarson hadde kjøpt garden Dale i [[Isfjorden]] i [[Grytten]] prestegjeld av haugianaren [[Daniel Arnesen]] i 1826. Han var ven av [[Hans Nielsen Hauge]], sjølv haugianar og leiar av det kristelege livet i bygda. Dette prega òg sonen.


==Vangsnes og Lærdal==
==Vangsnes og Lærdal==
Linje 27: Linje 27:


==Kjelder==
==Kjelder==
*[http://digitalarkivet.no/cgi-win/WebCens.exe?slag=visbase&sidenr=5&filnamn=f01422&gardpostnr=322&personpostnr=1883&merk=1883#ovre «Olavus Olsen Dahle» i folkteljinga 1900 for Lærdal] (Digitalarkivet)
* {{hbr1-1|pf01036717001860|Olaus Dahle}}.
*[http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01036717001860 «Olaus Dahle» i folketeljinga 1910 for Balestrand] (Digitalarkivet)
*{{folketelling|pf01038293001505|Olaus Olsen|1865|Grytten prestegjeld|nn}}.
*Lothe, Anders A. (1950). ''Målreisingssoga i Sogn og Fjordane.'' Florø: Firda lærarlag m.fl., s. 196 og 481-485 ([http://urn.nb.no/URN:NBN:no-nb_digibok_2011050405016 Digital utgåve, NBdigital])
*{{folketelling|pf01037347001883|Olavus Olsen Dahle|1900|Lærdal herred|nn}}.
*Hotel Mundal. (1991). ''Hotel Mundal. 1891-1991.'' Fjærland: Hotel Mundal. ([http://urn.nb.no/URN:NBN:no-nb_digibok_2010121006020 Digital utgåve, NBdigital])
*{{folketelling|pf01036717001860|Olaus Dahle|1910|Balestrand herred|nn}}.
*[http://www.nrk.no/sf/leksikon/index.php/Olaus_Dahle Omtale i Fylkesleksikon, NRK Sogn og Fjordane]
*Lothe, Anders A. (1950). ''Målreisingssoga i Sogn og Fjordane.'' Florø: Firda lærarlag m.fl., s. 196 og 481-485. {{Nb.no|NBN:no-nb_digibok_2011050405016|nn}}.
*Hotel Mundal. (1991). ''Hotel Mundal. 1891-1991.'' Fjærland: Hotel Mundal. {{Nb.no|NBN:no-nb_digibok_2010121006020|nn}}.
*[http://www.nrk.no/sf/leksikon/index.php/Olaus_Dahle Omtale i Fylkesleksikon, NRK Sogn og Fjordane].


{{DEFAULTSORT:Dahle, Olaus}}
{{DEFAULTSORT:Dahle, Olaus}}
[[Kategori:Målfolk]]
[[Kategori:Målfolk]]
[[Kategori:Personer fra Rauma kommune]]
[[Kategori:Personer]]
[[Kategori:Personer fra Balestrand kommune]]
[[Kategori:Rauma kommune]]
[[Kategori:Personer fra Lærdal kommune]]
[[Kategori:Sogndal kommune]]
[[Kategori:Balestrand]]
[[Kategori:Lærdal kommune]]
[[Kategori:Lærere]]
[[Kategori:Lærere]]
[[Kategori:Hotelleiere]]
[[Kategori:Hotelleiere]]
[[Kategori:Fødsler i 1851]]
[[Kategori:Fødsler i 1847]]
[[Kategori:Dødsfall i 1931]]
[[Kategori:Dødsfall i 1940]]
[[Kategori:Skulehistorie i Sogn og Fjordane]]
{{nn}}

Nåværende revisjon fra 7. mar. 2024 kl. 10:27

Brita og Olaus Dahle utanfor Mundal Hotel i 1929.
Foto: Ukjend

Olaus Dahle (fødd 21. september 1847 i Grytten, død 6. april 1940 i Fjærland) var lærar, målmann og hotelleigar i Sogn.

Oppvekst

Foreldra var gardbrukaren Ola Ivarson frå Hemsedal og Marit Jørgensdotter frå Lesja. Ola Ivarson hadde kjøpt garden Dale i Isfjorden i Grytten prestegjeld av haugianaren Daniel Arnesen i 1826. Han var ven av Hans Nielsen Hauge, sjølv haugianar og leiar av det kristelege livet i bygda. Dette prega òg sonen.

Vangsnes og Lærdal

Olaus Dahle gjekk Hamar seminar og tok lærarprøva der i 1871. Same året vart han tilsett som lærar og kyrkjesongar på Vangsnes i Balestrand prestegjeld, og han vart verande i Sogn all sin dag. På Vangsnes vart han den fyrste læraren med lærarutdanning.

I løpet av tida på Vangsnes vart han kjend med unge og markante lærarar i grannebygdene, som Olav Sande, Sigurd Nesse, Anfinn Refsdal og Andreas B. Vamraak.

I 1886 vart Dahle tilsett som fyrstelærar på Lærdalsøyri og kyrkjesongar i Hauge sokn i Lærdal. Her gjorde han opptaket til Lærdal lærarlag (1894) der han var formann så lenge han var lærar i Lærdal (til 1907). To år etter vart han fyrste formann i det nyskipa Sogn lærarlag, eit ombod han hadde til 1898.

Målmann

Det er uvisst når Olaus Dahle vart målmann, men han var ein av dei fyrste som arbeidde for målsaka i Sogn. På prostilærarmøtet i Sogn i 1880 var han visedirigent og ein av åtte som støtta målsaka, og han var òg mellom dei som tok ordet for målsaka på amtslærarmøtet i 1884 som vedtok Vadheimresolusjonen. Dahle deltok både på det viktige lærarkurset i landsmål ved Sogndal folkehøgskule i 1882 og eit liknande kurs i 1885.

Han skipa ungdomslag og songkor på Vangsnes, og han vart formann i Lærdal ungdomslag. Då Bjørnstjerne Bjørnson heldt ein kjend tale mot landsmålet i Lærdal i desember 1899, var det Dahle som ordet etter føredraget og sa imot Bjørnson.

Fjærland og Hotel Mundal

I 1888 gifte Dahle seg med Brita Sjursdotter Mundal (fødd 1860-1936) frå Fjærland. Ho hadde vore hushaldar hjå bror sin, handelsmannen Mikkel S. Mundal i Fjærland. Turisttrafikken til Fjærland auka på etter 1850, og turistane tok gjerne inn hjå handelsmannen. Mikkel Mundal byrja med breføring i 1887, og i 1889 skipa 28 gardbrukarar Fjærland skydslag for å frakte turistar inn til breen.

I 1890 fekk så Olaus Dahle og svogeren ei oppmoding frå kontorsjef Olav Paulson i Nordre Bergenhus Amts Dampskibe om å byggje eit turisthotell. Paulson var glødande målmann som Dahle, og dei hadde i allfall møttest på Vadheimmøtet i 1884. Oppmodinga førte til at Olaus Dahle, kona hans Brita og brørne hennar Mikkel. S. Mundal, Per Mundal og halvbroren Johannes Mundal bygde Hotel Mundal som opna i 1891.

Olaus og Brita var dei fyrste åra sesongpendlarar mellom Lærdal der Olaus var lærar om vinteren og Fjærland der dei dreiv hotell om sommaren. I 1907 sa Olaus Dahle opp lærarposten i Lærdal, og ekteparet flytte til Fjærland. Året før hadde Dahle kjøpt eigardelen til Johannes Mundal. Dei hadde tidlegare ått ein halvpart kvar, og no vart Dahle eineeigar av hotellet.

Olaus Dahle var gjennom fleire tiår ein viktig utviklingsaktør i Fjærland og heilt sentral i oppbygginga av den moderne reiselivsnæringa i bygda. Dahle og sonen Sigurd var i 1915 sterkt medverkande til skipinga av Fjærland elektrisitetsverk. Dahle var òg ein pådrivar for å byggje vassverk og organisere turistskyssinga i Fjærland og kommunikasjonane med omverda, som rutebåt, telekommunikasjon og postsystem. Han var òg oppteken av felles marknadsføring av Fjærland og Sogn som reisemål. I 1890-åra var han sentral i skipinga av Sogns turistforening der han var fyrste formann, og som laga eit stort turistkart til landsutstillinga i Bergen i 1898.

Kjelder