Sigurd Kolsrud: Forskjell mellom sideversjoner
mIngen redigeringsforklaring |
m (hbr) |
||
(3 mellomliggende versjoner av 3 brukere er ikke vist) | |||
Linje 20: | Linje 20: | ||
I 1915 gifte han seg med Dorthea Enebak (1890-1981) frå [[Rovde kommune|Rovde]] på [[Sunnmøre]]. Kona var dotter av gardbrukar Knut O. Enebak og Karen f. Redse. Kolsrud og kona fekk fire søner; to av dei vart framståande vitskapsfolk som far sin. [[Knut Kolsrud (1916-1989)|Knut Kolsrud]] (1916-89) vart ein kjend etnolog, medan broren [[Marius Kolsrud]] (1919-2007) var professor i teoretisk fysikk. | I 1915 gifte han seg med Dorthea Enebak (1890-1981) frå [[Rovde kommune|Rovde]] på [[Sunnmøre]]. Kona var dotter av gardbrukar Knut O. Enebak og Karen f. Redse. Kolsrud og kona fekk fire søner; to av dei vart framståande vitskapsfolk som far sin. [[Knut Kolsrud (1916-1989)|Knut Kolsrud]] (1916-89) vart ein kjend etnolog, medan broren [[Marius Kolsrud]] (1919-2007) var professor i teoretisk fysikk. | ||
Familien budde på [[Vålerenga (strøk)|Vålerenga]] til 1922, då dei flytta til [[Stabekk (Bærum)|Stabekk]] i Bærum. I 1934 kjøpte Sigurd Kolsrud ein villa i [[Møllers vei (Bærum)|Møllers vei]] på [[Ramstad (Bærum)|Ramstad]]. Medan dei budde i Bærum, var Dorthea Kolsrud aktiv i lokalpolitikken og husflidssamskipnaden i bygda. | Familien budde på [[Vålerenga (strøk)|Vålerenga]] til 1922, då dei flytta til [[Stabekk (Bærum)|Stabekk]] i Bærum. I 1934 kjøpte Sigurd Kolsrud ein villa i [[Møllers vei (Bærum)|Møllers vei]] på [[Ramstad (Bærum)|Ramstad]]. Medan dei budde i Bærum, var [[Dorthea Kolsrud]] aktiv i lokalpolitikken og husflidssamskipnaden i bygda. | ||
== Kjelder og litteratur == | == Kjelder og litteratur == | ||
* {{hbr1-1|pf01036392129420|Sigurd Kolsrud}}. | |||
*{{folketelling|pf01052766001853|Sigurd Kolsrud|1891|Østre Toten}} | |||
*{{folketelling|pf01037052001143|Sigurd Kolsrud|1900|Løten herred}} | *{{folketelling|pf01037052001143|Sigurd Kolsrud|1900|Løten herred}} | ||
*{{folketelling|pf01036392129420|Sigurd Kolsrud|1910|Kristiania kjøpstad}} | *{{folketelling|pf01036392129420|Sigurd Kolsrud|1910|Kristiania kjøpstad}} | ||
Linje 41: | Linje 43: | ||
[[Kategori:Fødsler i 1888]] | [[Kategori:Fødsler i 1888]] | ||
[[Kategori:Dødsfall i 1957]] | [[Kategori:Dødsfall i 1957]] | ||
{{nn}} |
Sideversjonen fra 8. aug. 2017 kl. 08:31
Sigurd Kolsrud (fødd 31. oktober 1888 i Østre Toten, død 10. desember 1957) var språkforskar. Frå 1923 til han døydde hadde han nynorskprofessoratet ved Universitetet i Oslo. I 1936 vart Kolsrud òg styrar av Norsk målførearkiv.
Bakgrunn
Han vaks opp i Østre Toten, som son av lærar Knut Kolsrud (1861-1937) og Berte Maria f. Bakke. Faren var opphaveleg frå Valdres, men vart i 1884 tilsett som lærar ved Smitborg skole i Balkegrenda på Toten. Teologen og kyrkjehistorikaren Oluf Kolsrud var ein eldre bror av Sigurd Kolsrud.
I 1899 fekk faren arbeid ved Løken skole i Løten, og familien flytta dit. Sigurd Kolsrud gjekk millomskulen og gymnaset i Hamar, der han tok latinartium i 1907.
Språkforskar
Hausten 1907 byrja han å lese filologi i Kristiania. Han vart snart målmann og medlem av Pønskarlaget, eit forum for norsklyndte studentar ved universitetet. Kolsrud var òg aktiv i Studentmållaget. Folketeljinga for 1910 syner at han budde i Nordahl Bruns gate 3.
I desember 1913 tok han hovudfagseksamen med den særs gode karakteren 1,6. Oppgåva hadde tittelen Heidmarksmaalet 1315-1560. Kjeldekritisk innleiding. Etter eit studieopphald i Uppsala vart han i 1916 tilsett ved Riksarkivet, og i 1923 følgde han etter Marius Hægstad i nynorskprofessoratet i Kristiania.
Som vitskapsmann skreiv Kolsrud mellom anna om dei norske målføra, særleg austlandsmåla. I bladet Den 17de Mai formidla han kunnskap til ålmenta om faget sitt og aktuelle emne. Som leiar av Norsk målførearkiv (1936-57) og Norsk Ordbok (1931-41) var han ein sentral person i granskinga av norsk talemål.
Ekteskap og born
I 1915 gifte han seg med Dorthea Enebak (1890-1981) frå Rovde på Sunnmøre. Kona var dotter av gardbrukar Knut O. Enebak og Karen f. Redse. Kolsrud og kona fekk fire søner; to av dei vart framståande vitskapsfolk som far sin. Knut Kolsrud (1916-89) vart ein kjend etnolog, medan broren Marius Kolsrud (1919-2007) var professor i teoretisk fysikk.
Familien budde på Vålerenga til 1922, då dei flytta til Stabekk i Bærum. I 1934 kjøpte Sigurd Kolsrud ein villa i Møllers vei på Ramstad. Medan dei budde i Bærum, var Dorthea Kolsrud aktiv i lokalpolitikken og husflidssamskipnaden i bygda.
Kjelder og litteratur
- Sigurd Kolsrud i Historisk befolkningsregister.
- Sigurd Kolsrud i folketelling 1891 for Østre Toten fra Digitalarkivet
- Sigurd Kolsrud i folketelling 1900 for Løten herred fra Digitalarkivet
- Sigurd Kolsrud i folketelling 1910 for Kristiania kjøpstad fra Digitalarkivet
- «Sigurd Kolsrud» i Hvem er Hvem 1948
- Eskeland, Ivar: I strid for norsk mål : Noregs mållag 1906-1956. Oslo : Noregs mållag, 1956. Mal:Bokhylla
- «Sigurd Kolsrud» i Store norske leksikon
- Venås, Kjell: Sigurd Kolsrud, Oslo 2005.