Borghild Astrid Nilsen f. Solheim (fødd 12. desember 1914, død 6. april 2016) var reinhaldar, busett i Eidfjord i Hardanger.
Ho vaks opp i Hyen i Nordfjord, i en syskenflokk på ni. Nilsen arbeidde i 25 år som reinhaldar ved tollavdelinga på jernbanen i Bergen. Når ho ikkje var på arbeid, sat ho ofte og broderte. Til saman vart det om lag 100 bergensbunader og dukar.
Som 101-åring budde ho på Bygdaheimen i Erfjord. I høve fødselsdagen i 2015 vart ho omtala av Aftenposten, som mellom anna skreiv at «Jubilanten (sic!) er glad i å lese og følger godt med i tiden. En av hennes største gleder er sport.» Les mer …
Tomine i 1956. Foto: Frå Lindesnes bygdemuseum si samling
Tomine Torjesen Seland vart fødd på Floge-Seland (og kjend som Seland Der Nede, bnr 2) i Vigmostad 21. august 1864 og døydde på Konsmo 6. februar 1972.
Foreldra hennar var gardbrukar Torjus Johansen (1823–1892) og Johanne Jensdatter Seland (f 1830), og dei let henne døype i Vigmostad kyrkje 4. september 1864. I samme kyrkje stod ho for presten 6. oktober 1878. På Seland budde ho til ho var 104 år, då gjorde eit slag at ho måtte flytte til Konsmoheimen.
Jens Grønlien frå avisa Fædrelandsvennen vitja Tomine (då 94 år) og systera Anna på 96 i 1957. Då kom det fram at det framleis var tre andre søsken til i live. I Brooklyn budde Oline som skulle fylle 101 år 4. oktober, Gabriel som skulle fylle 87 år 14. juli budde på Vigeland i Sør-Audnedal og Tobine Johanne på 84 budde på Fjordhøy i Mandal. I intervjuet fortalde Tomine at faren Torjus kom frå nabogarden til Seland, og mora frå Bjåstad i Vigmostad. Tida hadde ikkje falle lang, ho fortalde om omgangsskulen på Iveland og Bjåstad der Knut Akland og Ånen Fiddan var lærarar og at ho las for presten Holst. Konfirmasjonsdagen hugsa ho framleis godt, og at ho trivdes på Seland sa ho dette om: «Ja, vi er jo født her i huset og kan være oss selv. Greie naboer gjør også mye. Heiefolket har nemlig fra gammelt den uskrevne lov at de skal se etter hverandre og rekke en hjelpende hand.» Les mer …
Arkitekt Kirsten Sand. Foto: Ukjent, hentet fra Vi fra NTH. De første ti kull. 1910-1919.
Kirsten Eleonore Helena Sand (født 27. november 1895 i Kristiania, død 12. mai 1996 i Tromsø) var arkitekt, i 1919 den første kvinne som ble uteksaminert ved arkitektlinjen ved NTH. Før andre verdenskrig drev hun blant annet egen praksis i Oslo, og etter krigen var hun sentral i gjenoppbyggingen av Nord-Norges brente steder, som Husbankens distriktsarkitekt i Troms. Hun var også engasjert i musikkopplæring for barn i Tromsø.Kirsten Sand ble i 1965 tildelt Kongens fortjenstmedalje i gull, og på sin hundreårsdag i 1995 ble hun æresmedlem av Norske arkitekters landsforbund. Les mer …
|