Kasjmirgeit med kje på Tustna. Foto: Olve Utne (2012)
Kasjmirgeit er fellesnamn for ymse geiterasar som gjev kasjmirull — ei botnull av særleg fine fiber. I Norge vart dei aller første kasjmirgeitene importert frå New Zealand av Landbrukshøgskolen (frå 2005 Universitetet for miljø- og biovitenskap) i 1993 i samband med eit forskningsprosjekt, og seinare har det vorte importert sæd frå Skottland. Norsk kasjmirlag vart stifta i Aberdeen i Skottland den 31. august 2003. Rasestandarden for norsk kasjmirgeit vart utarbeidd som ein del av eit forskningsprosjekt i perioden 2004–2008. Kasjmirgeitene har generelt god helse; dei er rolige av gemytt og har eit sterkt flokkinstinkt. Dei er relativt lett å halde inngjerda så lenge dei har eit interessant beiteområde der det er godt med mat. I tillegg til ull- og kjøttproduksjonen er landskapspleie, inkludert vedlikehald og restituering av kulturlandskap, eit viktig bruksområde for kasjmirgeitene. Les mer …
Islandsgeit ( isl. íslenska geitin, ‘den islandske geita’) eller islandsk landnåmsgeit ( isl. íslenska landnámsgeitin, ‘den islandske landnåmsgeita’) er den tradisjonelle geiterasen på Island. Ein trur at geitene er ukryssa etterkommarar etter dei geitene som landnåmsmennene tok med seg frå Skandinavia i vikingtida. Det finst kring 650 dyr (2012). Les mer …
Lappgeit. Foto: Jon Julius Sandal
Lappgeit ( sv. lappget) er ein gammal geiterase som har vorte attoppdaga i Norrland i Sverige. Dei skil seg ut frå andre skandinaviske geiterasar med at dei har litt kortare føter og ofte lengre ragg. Dei er oftast kvite. Med kring 277 alsdyr (desember 2016) blir rasen framleis rekna som kritisk truga. Blant reindriftssamar har det vore vanlig i eldre tid å mjølke reinane, og det var lite aktuelt å ha geiter. Under omlegginga frå intensiv mjølkereindrift til ekstensiv kjøttreindrift i løpet av 1800- til 1900-talet var det vanlig å skaffe seg nokon få geiter for bruk til mjølking. Ein rein gjev berre kring ein desiliter med mjølk per dag, medan ei geit gjerne gjev kring ein liter; og dessutan kunne geita mjølkast tidlig på året, medan reinkalven helst trong mjølka for seg sjølv til han vart sterk nok utpå seinsommaren. Les mer …
Ein fjording på beite på Hjerl Hede i Danmark. Foto: Tomasz Sienicki Fjording eller fjordhest er ein vestnorsk hesterase. Han blir rekna som det norske nasjonalhesten. Fjordingen er kjenneteikna med den meir eller mindre blakke fargen sin og med den såkalla ålen — ei mørk stripe frå manke til hale på kvar side av det lysare, gjerne kvite, midtfeltet av manen. Fjordingar med broten eller manglande ål blir ikkje godkjende. Tradisjonelt blir fakset klipt, slik at fjordingen får ein ståande man. Vanleg mankehøgd er kring 135–150 cm, men høgder ned i 125 og opp i 155 er ikkje uvanlege. Den blakke fargen finst i fem godkjende nyansar: brunblakk, raudblakk, ullsblakk, grå og gulblakk. Les mer …
|