Kvensk (
bokm./
nyn.) eller
kvænsk (eldre nynorsk), kvensk
kainun kieli, er eit fellesnamn for
austersjøfinske dialektar i Nord-Noreg som er mest nærskyldt med
meänkieli (tornedalsfinsk), men òg relativt nærskyldt med standard
finsk. Blant morsmålstalarane finst det både dei som føretrekkjer å sjå på kvensk som eit eige språk og dei som føretrekkjer å sjå på språket sitt som ein variant av standard finsk. Kvensk er godkjent som eige språk av
Stortinget etter vedtak den
26. april 2005. Som skriftspråk er kvensk normert av
Kvensk språkting (etablert
2008). Kvensk har offisiell status som skriftspråk i
Porsanger kommune (Porsangin komuuni, Porsanki). Det finst elles enno ikkje noko eige forvaltningsområde for kvensk språk.
Les mer …