Vesttun (Fedje gnr 169 bnr 68)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Vesttun
Sokn: Fedje sokn
Fylke: Vestland fylke
Kommune: Fedje kommune
Gnr.: 169
Bnr: 68
Adresse: Vidnappsvegen 47

Vesttun er ein eigedom med forsamlingshus i Fedje kommune.

1. Fedje ungdomslag vart stifta i 1946. Det fekk overta ei brakke som tyskarane hadde bygd, og brukt som matsal under krigen. Skøyte 1952 på tomta frådelt Kremmarholmen gnr 169 bnr 2, gnr 169 bnr 15, gnr 169 bnr 16 og gnr 169 bnr 17 (felles utmark) same året. Ungdomslaget var dei første åra med i Noregs Ungdomslag, men melde seg ut og skifta namn til Fedje bygdelag i 1985, og i 2004 til Vesttun bygdelag. Huset vert kalla «Hauen», og vert brukt til arrangement for ungdom og vaksne og til utleige til private arrangement. På 1960-talet vart huset òg nytta som kinosal, med framsyningar om søndagane.


Fedje komm.svg Vesttun (Fedje gnr 169 bnr 68) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Sjøholt (Fedje gnr 169 bnr 59) • Neste bolk: Østheim (Fedje gnr 169 bnr 71)