Myri (Bykle gnr 12/1)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Myri
Holen 5.jpg
Loptet frå Myri. Dette er same huset som me har teikning av i bolken om Holen.
Foto: Leonhard B. Jansen (2004).
Alt. namn: Myri Holen
Rydda: Fyre 1350
Utskilt: 1624
Stad: Nordbygdi
Sokn: Bykle
Fylke: Agder
Kommune: Bykle
Gnr.: 12
Bnr: 1
Type: Gardsbruk

Myri var det opphavlege hovudbølet på Holen i Bykle kommune. Store delar av innmarka på dette bruket var flat og meir eller mindre myrlendt. Rett sør for tunet var det dessutan ei djup myr, som rett og slett vart kalla Myri, så namnet gav seg sjølv.

Når me trur at dette bruket er den eldste verestaden på garden har fleire grunnar. For det fyrste hadde Myri eit lopt frå 1600-talet, medan Der uppe vanta slike klenodiar. For det andre reknar me med at Auver Auversson, som var odelsmannen då garden vart dela, om han aldri så mykje hadde pantsett bruket sitt, naturleg ville velje å verta sitjande på det gamle hovudbølet.

Auver Auversson døydde ein gong mellom 1708 og 1711 (sjå bolken om den udela garden). Dinest sat enka hans med bruket ei stund, og då dottera gifte seg, vart det ho og mannen hennes som overtok. Avdi han gifte seg omatt etter at Asgjerd var borte, og vart sitjande med eigedomen, set me opp han fyrst av dei to ektemakane, endå det i utgangspunktet var hennes gard:

  • Folke Tarjeisson Byklum, f ca 1683, d 1753
g 1. 1712 m Asgjerd Auversdotter Holen, f ca 1683, d 1722. Born:
  • Hallvard, f ca 1713, d 1721
  • Auver, f 1715, g 1. 1746 m Gunhild Ånundsdtr. Tveiten, g 2. 1765 m Gunhild Torleivsdtr. Byklum, sjå nedanfor
  • Åshild, f 1719, g 1742 m Jon Olavsson Tveiten, sjå Nordtveiti, jfr nedanfor
g 2. 1723 m Margit Tarjeisdtr. Straume, d 1746, ikkje born.
g 3. 1751 m e Gudbjørg Ormsdtr. Tveiten, ikkje born.

Folke Tarjeisson kom frå Austistog. Faren var Tarjei Folkesson, kva mora heitte veit me ikkje (jfr Valle VI, 36). Men sonen var heime hjå foreldra i 1711, og då altså endå ikkje gift til Holen.

I 1716-17 ser det ut til at eit ektepar som heitte Tarjei Ulvsson og Ragnhild Toresdotter var busetar hjå Folke og Asgjerd. Grunnen til at me trur dette er at Folke i 1716 heimedøypte ei dotter deira, som fekk namnet Hæge. Utover dette er det lite som er kjent om desse folka, men i 1710 prøva Tarjei seg med eit odelssøksmål mot Jon Gunnulvsson Homme, som sat på eit bruk i Espetveit i Valle. Søksmålet førde ikkje fram, men det er vel truleg at han må ha hatt eitt eller anna ættesamband til den nemnde garden. Under saka vart det elles opplyst at han på den tid tenestegjorde som tambur (dvs. trommeslagar) i kaptein Offenbergs kompani i Telemark (jfr. Valle V, 272). Meir veit me ikkje om Tarjei og Ragnhild, og då kan me vende oss attende mot sjølvefolket på garden.

Asgjerd Auversdotter døydde i 1722. Ettersom ho, bortsett frå den eventuelle bortrømde soldaten, ikkje hadde sysken, fekk Folke behalde garden, då han året etter gifte seg på nytt. Når nokon som åtte noko døydde, skulle det haldast offentleg skifte, og skifte etter Asgjerd vart difor innleidd. Men avdi det tilsynelatande var noko uavklara eigedomstilhøve på garden, kunne dette skiftet inntil vidare ikkje avsluttast. Samanhengen er at Folke, eingong fyre 1720, hadde innfridd Auver Auverssons panteobligasjon til Tarjei Nesland, men ikkje sytt for det påkravde papirarbeidet, slik at han formelt sett ikkje hadde heimel til eigedomen.

Fyrst i 1735 lukkast Folke i å få ervingane etter Tarjei Nesland til å levere attende, og skrive transport på, skøytet som Auver i si tid hadde gjeve ifrå seg til panthavaren. Då kunne omsider det 12 år gamle skiftet sluttast. Der var inga gjeld, dei 3 kalveskinna i garden vart verdsette til 60 riksdalar, og lausøyren til 24 dalar. Etter dette kunne då Folke endeleg kallast sjølveigar både i namnet og i gagnet.

Som det går fram ovanfor hadde han gift seg på nytt alt i 1723. Margit Tarjeisdotter, den nye kona hans, kom frå Sygard Straume i Hylestad, og var eldste dotter av Tarjei Torleivsson Straume og kona, Birgit Taraldsdotter, fødd Langeid (jfr. Valle I, 228).

I 1740 møtte Folke fram på bygdetinget i Valle og fortalde at han hadde vore utsett for «et skarnsagtigt Menniskes Beskyldning og Udraab». Difor bad han nå om skotsmål frå tingålmugen, om dei kjende til at han nokon gong hadde gjort seg skuldig i «Løgn, Skalkagtighed eller andre slige Udyder». Sambygdingane svara at dei ikkje visste anna om Folke Holen enn «ald den Ære och Berømmelse som en ærlig Mand udj Overflødighed kand tillægges for Ærlighed, Oprigtighed og Trofasthed». Dette høyrest nokså storveges ut, men ein bør vel taka med i rekninga at folk som meinte seg å ha bruk for vitnemål om at dei var ærlege og skikkelege, jamt og støtt fekk det, om dei då ikkje var reine kjeltringar og bygdeskræmer.

Det vart ingen born i ekteskapet av Folke og Margit, og i 1746 døydde ho. Skiftet etter henne vart slutta same året, og inneheldt omlag dei same verdiane som skiftet etter Asgjerd 11 år tidlegare, bortsett frå at her nå hadde kome nokre mindre gjeldspostar til frådrag. Det mest interessante av krava kom frå sonen, Auver Folkesson, som ville ha 7 1/2 riksdalar for 5 års tenarløn, noko som vart innvilga utan pruting. Det skulle vel i og for seg også berre mangle, 1 1/2 dalar i året var nokså smålåte på denne tid.

Etter at Margit var borte gjekk Folke enkemann nokre år, men i 1751 klemde han til og gifte seg tredje venda. Nykona var Gudbjørg Ormsdotter, enka etter Ånund Hallvardsson i Heimtveiti. Ho kom opphavleg frå Systog Viki i Valle, og var dotter åt Orm Taraldsson og kona, Ingebjørg Gjermundsdotter, fødd Kvósåk (jfr. Valle IV, 280).

Eit par år etter det tredje giftemålet døydde Folke, og sonen overtok bruket:

  • Auver Folkesson Holen, f 1715, d 1768
g 1. 1746 m Gunhild Ånundsdtr. Tveiten, f 1717, d 1748. Born:
  • Asgjerd, f 1747, d 1747
  • Gunhild, f 1748, d 1748
g 2 1764 m Gunhild Torleivsdtr. Byklum, f 1726, dødsår ukj., ikkje born.

Gunhild, fyrste kona åt Auver, kom frå Heimtveiti og var dotter åt Ånund Hallvardsson Tveiten og kona, Gudbjørg Ormsdotter, fødd Viki. Ho døydde på barselseng etter berre to års ekteskap, og båe døtrene hennes døydde i spebarnsalderen. Nokre år etter dette gifte mor hennes seg med far av Auver, slik me har vore inne på ovanfor. Etter at fyrste kona var død gjekk Auver enkemann til han var bortimot 50 år, men i 1764 gifte han seg omatt med Gunhild Torleivsdotter, ei dotter åt Torleiv Asbjørnsson Røysland og kona, Margit Tallaksdotter. Desse folka budde i Austistog Byklum, og er nærare omtala der.

Auver fekk ikkje born som livde opp, og då han døydde 4 år etter at han gifte seg andre venda, var difor Åshild, syster hans, og Jon Olavsson Tveiten, mannen hennes, dei næraste til å taka over eigedomen. Dei flutte då hit frå Nordtveiti, og den nærare omtalen av dei står i bolken om det bruket.

Jon Olavsson døydde i 1789. Olav, eldste son hans, var då forlengst etablert i Nordtveiti, og det vart til at den 10 år yngre Auver overtok bruket her. Auver var gift med Turid Sigbjørnsdotter Vatnedalen, dotter åt Sigbjørn Torkjellsson Rannestad og andre kona, Torbjørg Knutsdotter, fødd Vatnedalen.

Auver og Turid dreiv bruket her til 1805, då dei bytte det bort mot Vatnedalen Der sø til Olav Larsson Bratteland. Olav var gift med Eli Sigbjørnsdotter, syster åt Turid. Hovudomtalen av dessse folka er å finne i bolken om Bratteland, medan Auver og Turid vert nærare presenterte i bolken om Vatnedalen Der sø.

Olav Larsson døydde straks dei hadde overteke Myri og flutt hit, og dei eldre av sønene hans var meir interesserte i andre gardar. Difor vart enka, Eli, sitjande med bruket her inntil yngste son deira overtok i 1823. Han var fødd i Vatnedalen, men me set han likevel opp med etternamn Bratteland, avdi hovudomtalen av foreldra hans er plassert i bolken om den garden:

  • Olav Olavsson Bratteland, f 1800, d 1864
g 1822 m Gyro Knutsdtr. Vatnedalen, f 1797, d 1868. Born:
  • Eli, f 1825, g 1847 m Ånund Olavsson Mosdøl, sjå Holenplasset, bnr 7
  • Olav, f 1827, d 1828
  • Sigrid, f 1829, utfl. til Suldal 1860, g m gbr. Bjødne Olsson Bjerga, busett Ytre Bjerga, Sand i Ryfylke, born, iallfall:
  • Olav, f 1862, sjå nedanfor
  • Olav, f 1832, 1865 plass Vedbakk under Lunden Mosdøl, seinare lagnad ukj., sjå nedanfor
  • Anne, f 1834, konf. 1849, seinare lagnad ukj.
  • Gunhild, f 1835, d 1836
  • Knut, f 1841, g 1873 m Sigrid Olavsdtr. Åverket, f 1850, busett Kasine under Gryte Søndre, gnr 50, bnr 9 i Fyresdal, 8 born, iallfall 2 livde opp:
  • Sigrid, f 1874, g m Olav Possvik, Skotfoss
  • Olav, f 1877, d 1975, g m Gunhild Olavsdtr. Åland, busett Kasine, sjå nedanfor, jfr Fyresdal gards- og ættesoge, II, 967
  • Sigbjørn, f 1842, g 1888 m Margit Olavsdtr. Berdalen, sjå Berdalen Der nede, gnr 3, bnr 1

Gyro Knutsdotter var frå Vatnedalen Der hite. Foreldra hennes var Knut Sigbjørnsson Vatnedalen og kona, Sigrid Kjetilsdotter, f Løyning.

Olav tykkjest ha hatt problem med å greie økonomien på bruket, og i 1852 gjekk det på tvangsauksjon. Han som fekk tilslaget for 420 speciedalar var Tarald Olavsson Mosdøl, men han baud på vegner av sonen Torleiv, så inntil vidare var det han som vart ståande som eigar. I eigartida hans vart Olav og Gyro verande som brukarar. Men så døydde den unge gardeigaren i 1862, faren ervde han, og overdrog eit par år seinare eigedomen til ein annan av sønene sine, som på denne tid var vaksen nok til å drive gard sjølv.

Olav og Gyro flutte då til støylen Vedbakk under Mosdøl, der Olav døydde like etterpå. I folketeljinga frå 1865 ser me at Gyro og sonen Olav, f 1832, budde der på den tid. Gyro døydde der i 1868. Kvar det sidan vart av sonen, veit me ikkje.

Også for eit par av syskena hans er den seinare lagnaden meir og mindre uviss. Anne har i det heile ikkje late seg finne etter konfirmasjonen. Sigrid trur me at me har funne att som gardkjering på Bjerga i Sand i Ryfylke i 1865, men identifikasjonen er ikkje hundre prosent sikker. Derimot er det sikkert nok at Knut etter 1873 hamna på Kasine i Fyresdal, slik det står i familielista ovanfor. I 1865 var han elles tenestekar på Snarteland i same bygda.

Ny oppsitjar her frå 1864 vart den yngste av taraldssønene frå Mosdøl:

  • Jon Taraldsson Mosdøl, f 1845, d 1872
g 1866 m Sigrid Torleivsdtr. Holen, f 1844, d 1928. Born:
  • Ingebjørg, f 1867, g 1889 m Knut Torleivsson Lunden, sjå Valle VI, 518
  • Tarald, f 1868, d 1900, ug
  • Asgjerd, f 1870, d 1899, ug

Attåt dei nemnde borna hadde Jon nyttårseftan 1865 også fått eit par tvillingar. Dei døydde båe kort etter fødselen, men rakk å få namna Pål og Birgit. Mor deira var Birgit Pålsdotter Byklum, ei dotter åt Pål Oddsson Byklum og kona, Kristi Ånundsdotter, fødd Trydal. Birgit Pålsdotter gifte seg sumaren etter med Gjermund Pålsson Rike (jfr. Valle IV, 227f).

Sigrid Torleivsdotter, som Jon gifte seg med hausten 1866, var frå Holen Der uppe. Foreldra hennes var Torleiv Hallvardsson Holen og kona, Asgjerd Hallvardsdotter, fødd Nesland.

I 1865 hadde Jon 2 hestar, 7 storfe, 15 sauer og 10 geiter. Han sådde 2 tunner bygg og sette ut 3 1/2 tunner jordeple.

Då Jon døydde i 1872, skaffa Sigrid seg løyve til å sitje i uskift bu, og sikta nok på å halde på garden til sonen vart vaksen til å taka over. Foreldra hennes leigde då bort bruket sitt Der uppe, og flutte åt Myri for å hjelpe henne. I folketeljinga for 1875 er far hennes oppført som «selveier og tillige forpagter», noko som avspeglar at han åtte Der uppe, men bruka Myri for dottera. Sigrid hadde dette året 2 kyr, 1 kvige, 2 kalvar og 5 sauer og lam. Far hennes hadde hest, 3 kyr, 1 kvige, 5 sauer og lam og 8 geiter og kje, Sånaden på bruket i 1875 var 2 1/2 tunner bygg og 6 tunner jordeple.

I 1878 sette Sigrid bort «et stykke jord, Sydgard» til Knut Gunnarsson Nesland mot ei årleg leige på 12 kr. Men etter det me kan skjøne må Sygard her berre vera eit anna namn på det gamle Holenplasset. For i fylgje det me har sett i seinare kjelder var det der Knut og Ingjerd, kona hans, budde, til dei tok ut til Amerika i 1893. Dei er difor nærare omrødde i avsnittet om Plasset. Det står også noko om dei under Sygard og 9Nesland.

Tarald Jonsson fekk meningitt og døydde i 1900, han var ugift og 32 år gamal. Systera Asgjerd hadde døytt året fyre, ho vart 29 år. Då Sigrid vart åleine på bruket, flutte systera Ingebjørg og Mikkel Olavsson Nesland, mannen hennes, som nå åtte Holen Der uppe, hit. Der uppe vart då ståande tomt. Mikkel, Ingebjørg og borna deira budde her til 14. april 1902. Denne dagen selde Sigrid bruket, og ein ny eigar flutte hit. Han var oppvaksen i Innistog Byklum, og var yngste son åt Olav Drengsson på det bruket og kona, Gunhild Knutsdotter, fødd Nesland.

Gunnar O. Byklum (1879-1939), truleg fotografert ca 1894. Bilete frå Ingebjørg Vegestog.
Gunhild O. Tveiten, fødd Nesland (1849-1938), Sigrid T. Holen (1844-1928) og Ingebjørg T. Holen, (1852-1941), bilete frå 1920-talet, hit frå Gunnar O. Holen.
  • Gunnar Olavsson Byklum, f 1879, d 1939
g 1897 m Ingebjørg Bjørgulvsdtr. Nesland, f 1872, d 1962. Born:
  • Olav, f 1897, d 1897
  • Olav, f 1899, g 1927 m Ingebjørg Olsdtr. Rygnestad, sjå nedanfor
  • Anne, f 1903, g 1923 m Knut Jonsson Nesland, sjå Vodden Nesland.
  • Bjørgulv, f 1906, g 1935 m Margit Tarjeisdtr. Tveiten, sjå Listog Byklum.
  • Gunhild, f 1909, g 1933 m Hallvard Ånundsson Tveiten, sjå Søtveiti.
  • Tarald, f 1912, d 1912
  • Tarald, f 1914, snikkar, bygningsmann, ug, d 1997, sjå Holen, gnr 15, bnr 45
  • Olav, f 1917, anl.arb., forfattar, ug, sjå Holen, gnr 15, bnr 45

Ingebjørg var frå Nesland Der heime. Ho var eldste dotter åt Bjørgulv Olavsson Nesland og kona, Anne Torleivsdotter, fødd Holen. Anne att var syster åt Sigrid Torleivsdotter, som selde garden til Gunnar, så her var det skyldskap nok til at ein kan seia at garden vart i ætta. Ingebjørg og Gunnar var også noko lite skylde, etterdi farmor hans, Ingebjørg Olavsdotter Nesland, var syster åt Knut Olavsson Nesland, som var morfar hennes. Dermed hadde ekteparet Gunhild Bjørgulvsdotter Nesland og Olav Knutsson Berdalen som sams oldeforeldre, og var altså tremenningar.

I 1910 sette Gunnar opp eit nytt fjos innåt den gamle løa på garden, som truleg var frå 1700-åra. I 1922 bygde han innåt den gamle stoga, slik at det vart nystoge og gamlestoge i to fulle høgder med ark over inngangspartiet. Grunnflata på huset vart i alt 84 m².

Kring 1915 var landsbrukslærar Thorvald Kummen frå Bygland på synfaring på garden. Etterpå skreiv han ned nokre av observasjonane sine. Me skal herme ein passasje:

Gunnar O. Byklum på nedre og Olav M. Holen på øvre garden er båe drivande bønder, som har skaffa seg hevdkjellar, og som har pløgt opp mykje av dei store myrflatane ned kring haugen. Det voks retteleg god eng i austre og ytste kanten. Nærmare elva var jorda hardare og viddene så store at dei hadde ikkje fått det i god hevd ennå, mykje voks her slikt som tobakksblom, hurreblom, skjerblom o.a. Det er godt, kraftig fôr, særleg for hestar. Kvitkløveren kom plent då det vart hevda.

Det er ein framtidsgard, men no vil dei setje ein 14 m høg stem i utlaupet nedanfor Holshølen, og då vert mest heile garden under vatn. [...] Bøndene må då rydje seg nye gardar i Støylsdalen. Det gjekk nok an å avle både korn og eple ved Kaupmannbui, trudde dei, men det leie var at det var noko nordavindhardt der oppe.

Kaupmannbui er den gjævaste av støylane til Myri Holen. Det vart aldri noko av at det vart gard her, men frå 1974 hadde Knut O. Holen, fødd 1933, fast bustad her i ei årrekkje. Foto: Olav G. Holen jr.
Denne gamle separatoren frå Myri står i dag i Holsloptet i Kyrkjebygdi med reg.nr KB0099. Slik reiskap kom i bruk i frå 1890-åra og utetter. Foto frå Setesdalsmuseet.

Den eldgamle enga bar lite og inkje. Det som var pløgd bar nok både korn, poteter og høy, berre ho vart rørd med og hevda litt. Her er lettvindt og steinlaust og maskinslått som eg ingen annan stad i dalen har sett.

Yngre skyldfolk har lite tru på at tanken om å rydje nye gardar i Støyledalen kan ha vore særleg alvorleg meint, men reknar med at han kan ha vore omrødd.

Gardsskogen hadde vore på framande hender sidan slutten av 1600-talet. I 1913 kaupte Gunnar denne, som hadde bnr 3 og var skyldsett til 93 øre, attende hjå Robert Høyer Millar. Samstundes kaupte han ein skogteig frå Tveiti, som au hadde vore i eiga av Rosenkildebrørne (gnr 12, bnr 3). Den samla kaupesummen for dei to skogteigane var 9100 kr.

Halvparten av pengane hadde Gunnar lånt hjå Svein Olsson Rygnestad i Utistog Byklum, og etter eit par år kaupte denne att omlag halve skogen til Holen hjå han for kr 1500. Denne teigen fekk bnr 5 under Holen og ei skyld på 43 øre, sidan har han vorte samanssegen med Utistog Byklum i matrikkelen. Teigen sin i Teiteskogen selde Gunnar i 1933 til systersonen, Knut O. Lyngtveit.

Gunnar hadde sag og kvernhus i Skargjesåni. Frå 1920-talet hadde han også turbin og dynamo for straumproduksjon. Då han emna på dette tiltaket sat han ein dag heime på kjøkenet og la ut om kor gjævt det skulle verta å få ljos og varme frå elva. «Jaja, ljos kunne det vel kanskje bli», meinte gamle Sigrid Torleivsdotter, som då budde i Der uppe, ho sat og lydde på rødene, «men kjem det varme frå åni, veit eg kvar den kjem ifrå!».

Gunnar sto som gardeigar til han døydde i 1939. Etter dette tok Ingebjørg foddog og skøytte bruket over til eldste sonen. I praksis hadde han nok overteke noko tidlegare. Me tek med oss dei viktigaste elementa i foddoget: Foring og røkting av 1 kyr og 4 sauer, årleg 50 kg sikta kveitemjøl og 200 kg sammale, 3 tunner jordeple og 13 kg kaffi.

Dersom dei yngre sønene skulle ynskje det, kunne dei taka over delar av eigedomen, og tilsvarande partar av føderådet. Bjørgulv skulle i så fall ha eit jordstykke på ca 10 mål kring Plasset, medan Tarald eller Lisle-Olav skulle ha eit stykke på omlag 40 mål med skog og jord kring Holsmoen, skogen på Ljotedalsstykket og beitet i hopeteigen mot Tveitebytet. Sameleis skulle Lisle-Olav eller Tarald ha Hisfjøddstøylen med mark og skog innom nærare oppgjevne deilder. Men om brørne ikkje tok desse partane i bruk og busette seg der innan 10 år, skulle dei høyra vederlagsfritt til hovudbruket. Ingen av brørne kom til å slå seg ned på dei tiltenkte partane, men Bjørgulv nytta jordet sitt på plassen som tilleggsjord til Listog, og Olav sette seg opp ei stoge på Holsmoen, som han sidan selde.

Men lat oss nå vende oss mot han som overtok garden og huslyden hans:

Ingebjørg Holen (1902–1986). Biletet er truleg teke ca 1925. Hit frå Olav G. Holen jr. via Ingebjørg Vegestog.
Olav Holen d.e. (1899–1972). Biletet er truleg teke ca 1925. Hit frå Olav G. Holen jr. via Ingebjørg Vegestog.
Familien i Myri ein gong i 1950-åra. Ståande frå venstre: Knut (1933-), Gunnar (1927-), Jorunn (1933-1971), Ingebjørg (1931-1997) og Olav (1929-). Sitjande: Far Olav (1899-1972), mor Ingebjørg (1902-1986) og farmor Ingebjørg (1872-1962). Bilete frå Gunnar O. Holen.
  • Olav Gunnarsson Holen (e.), f 1899, d 1972
g 1927 m Ingebjørg Olsdtr. Rygnestad, f 1902, d 1986. Born:
  • Gunnar, f 1928, lærar, g 1961 m Liv Åsmundsdtr. Løyland, f 1930, busett Homstean, Øvrebø, born:
  • Ingunn f 1964, g m Einar Olsen, busett Systog Løyland ( jfr Valle VI, 106)
  • Åsmund, f 1965, g m Marianne Wallin, busett Bærum
  • Astrid, f 1968, g m Yngvar Larsen, busett Vennesla
  • Olav, f 1929, lækjar, g m Kate Solveig Kjær, busett Kristiansand, jfr Valle VI, 353, born:
  • Olav Birger, f 1959, g m Inger Nilsen, busett Kristiansand
  • Solveig f 1961, g m Reidar Hauge, busett Bærum
  • Dag Magnus, f 1964, g m Kristin Svendsen, busett Kristiansand
  • Øyvind f 1969, sb m Gunn Markseth, busett Oslo.
  • Ingebjørg, f 1931, d 1997, ug, sjå Holen, gnr 15 bnr 44
  • Knut, f 1933, tvill., ug, skogsarb., busett Bykle, sjå nedanfor
  • Jorunn, f 1933, tvill., sjukepleiar, d 1971, gm Henry Risa, busett Stavanger, born;
  • Gunbjørg f 1966, busett Stavanger
  • Ole Henrik f 1969, g m Linda Øksvang, busett Stavanger.

Ingebjørg Olsdotter var frå Heimre ÅreholtiRygnestad, eldste dotter åt Olav Olsson Rygnestad og kona, Jorunn Knutsdtr., fødd Tveiten (Valle).

I 1955 sette Olav opp nytt uthus på bruket. Dei gamle uthusa vart då rivne. I 1965 selde han damrettar til I/S Øvre Otra, og 1971 flytte familien til Mosby ved Kristiansand. Olav døydde der i 1972, medan Ingebjørg vart buande til 1977, då ho flutte oppatt til Bykle saman med den uføre dottera, som også heitte Ingebjørg.

Sistnemnde hadde då skaffa seg eit hus på byggjefeltet Nedre Sarv i Kyrkjebygdi (Holen, gnr 15 bnr 44).

Gunnar Olavson i Homstean overtok eigedomen etter faren i 1972. Knut, den ugifte broren, fekk burett på støylen Kaupmannsbui på livetida, og budde der i mange år. Han er nå (hausten 2002) på bygdeheimen i Bykle. Etter at systera Ingebjørg døydde i 1997, overtok Gunnar huset hennes i Nedre Sarv saman med borna Åsmund og Astrid. Frå 2001 er Åsmund eineeigar av gardsbruket.

Då innmarka og tunet på bruket vart neddemde i 1978, hadde Gunnar og Knut rive husa, og bruka noko av stogetømmeret til å setje opp ei hytte for Knut på Kaupmannbui. Det fine gamle loftet på garden, som vert tidfesta til 1600-talet, vart selt til Bykle kommune, og står nå i Bykle sentrum, rett ovanfor Bykle hotell.

Etter det Gunnar O. Holen opplyser skal den neddemde innmarka på garden ha vore på kring 40 mål, medan utmarka, som er intakt, er på kring 8000 mål.

Olav og Ingebjørg ca 1965. Bilete frå Gunnar O. Holen.
Gunnar O. Holen og familien hans, fotografert ein gong fyrst i 1980-åra. Attanfor frå venstre: Ingun (f 1964), Astrid (f 1968) og Åsmund (f 1965). Framanfor: Liv (f Løyland 1930) og Gunnar (f 1928). Bilete utlånt av Gunnar O. Holen.

Kjelder


0941 Bykle komm.png Myri (Bykle gnr 12/1) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Holen • Neste bolk: Der uppe