Store-Hisdal (Bykle gnr 20/2)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Store-Hisdal
Hisdal 4.jpg
Hisdal på bilete frå 1990-åra, som vart funne i kommunearkivet.
Stad: Hisdal
Sokn: Bykle
Fylke: Agder
Kommune: Bykle
Gnr.: 20
Bnr: 2
Type: Gardsbruk

Store-Hisdal er den eldste verestaden i Hisdal i Bykle kommune. Ein kjenner namna på alle som har budd her attende til 1750-åra, men alt på slutten av 1500-åra finn ein nemnt ein husmann Knut Hisdal, så her har altså budd folk i oppimot 400 år. Denne lange busetnadsperioden er ein tydeleg indikasjon på at Store-Hisdal må ha vore ein god stad å bu. Dette vert elles stadfest av det me får vita om den økonomiske stoda til ein del av oppsitjarane i 1700- og 1800-åra.

Den fyrste husmannen her ein får vita noko meir om heitte Bjørgulv Gunnarsson Holen, foreldra hans var Gunnar Tarjeisson Holen og kona, Astrid Knutsdotter, fødd Breive.

  • Bjørgulv Gunnarsson Holen, f 1721, d 1804.
g 1754 m Margit Rikardsdtr. Ørnefjødd, f 1734, d 1816. Born, iallfall:
  • Signe, f 1757, g 1788 m Alv Tovsson Mosdøl, sjå Holen Der uppe, gnr 12, bnr 2.

Bjørgulv og Margit kom truleg til Hisdal som nygifte i 1754. Iallfall laut dei flytje herifrå våren 1760. Dette går fram av ei rettssak frå 1762, der Bjørgulv stemnde den neste mannen på plassen, Sigurd Knutsson, avdi han var unøgd med måten Sigurd hadde fare åt på då han overtok. For hausten 1759 hadde dei kome til om at Sigurd skulle gjeva Bjørgulv 14 riksdalar for dei forbetringane han hadde gjort på plassen i den tida han hadde sete der. Men i staden for å betale ut desse pengane, hadde Sigurd kome til Hisdal og rive ned fjoset, slik at Bjørgulv og kona «blev husvilde vinterstid, og hos andre maatte søge husly»W . At dette hadde gått fyre seg slik Bjørgulv påsto, vart stadfest av vitna Auver Folkesson Holen og Torleiv Arnesson Trydal. Domen vart at Sigurd måtte punge ut med dei 14 dalarane og endå 3 til i sakskostnader, men skadeserstatning vart ikkje pålagt.

Etter at dei flutte frå Hisdal ser det ut til at Bjørgulv og familien hans mykje av tida var bruksfolk i Gjerden Der inne, gnr 15, bnr 3. Iallfall var dei der då Signe vart konfirmert i 1774, og då ho gifte seg i 1788. I åra 1789-93 var dei likevel innom i Byklum eit tak, og me meiner at dei då var bruksfolk i Uppistog, men ved folketeljinga i 1801 var dei attende i Gjerden Der inne. Då Bjørgulv døydde i 1804, var han hjå dottera og mannen hennes i Holen Der uppe.

Men me lyt attende til Hisdal. Som ovanfor fortalt overtok Sigurd Knutsson plassen våren 1760. Han kom frå Innistog Løyland, bnr 3, der far hans var gardmann og heitte Knut Åsmundsson. Mora heitte Signe Sigurdsdotter, og var fødd Løyland.

  • Sigurd Knutsson Løyland, f fyre 1714, d 1763
g 1744 m Jorunn Vigleiksdtr. Homme, f 1721, d 1763. Born:
  • Knut (e.), f 1744, g 1783 m Sigrid Auversdtr. Nomeland, sjå nedanfor
  • Vigleik, f 1747, g 1773 m Tore Olsdtr. Rygnestad f 1744, busett Søndre Rygnestad, bnr 3, sjå Valle VI, 315
  • Torbjørg, f 1751, g 1775 m Kristen Auversson Nomeland, f 1739, sjå Hisdal Haugen, bnr 3
  • Knut (y.), f 1754, g 1784 m Anlaug Lavrantsdtr. Sandnes, f 1753, busett Sandnes, Valle, bnr 2, sjå Valle III, 72
  • Hallvard, f 1757, g 1781 m Margit Olsdtr. Røysland, f 1762, busett Røysland, bnr 4, sjå Valle VI, 503, 515
  • Olav, f 1761, d 1834, ug

Jorunn Vigleiksdotter kom frå Svalestoga Homme, bnr 3, og var dotter åt Vigleik Tjøstolvsson og kona, Torbjørg Olsdotter, fødd Homme. Sonen Vigleik var 16 år då dei skifte etter faren i 1763, men i kyrkjeboka står det at det barnet som kom til i Hisdal i 1747 heitte Gunhild. Dette reknar me med er ein rein skrivefeil, og lite å leggje vekt på. At her var ein son Vigleik, som var i fødd 1747, høver med alle seinare kjelder.

Skiftet etter Sigurd syner at det sto etter måten godt til på plassen. Av buskap hadde dei 5 kyr, 1 kvige, 1 kalv, 1 stut, 12 sauer, 3 lam, 6 geiter og 2 kje. Nettoeiga var omlag 100 riksdalar. Eldstesonen fekk festebrev «for hans og arvingers levetid» hjå oppsitjarane på Dale og Løyland same året som faren døydde. At ein ungkar fekk feste ein plass var ikkje vanleg, men her var det nok skyldskapen med eigarne som slo ut. Plassleiga vart sett til 2 1/2 riksdalar for året, og kontrakta gav rett til beite og slåtter «for saa mange creaturer som pladsen kan føde», og dertil til ved og hus- og gjerdevirke.

  • Knut Sigurdsson Hisdal, f 1744, d 1828
g 1783 m Sigrid Auversdtr. Nomeland, f 1744, d 1812. Born:
  • Jorunn, f 1784, d 1785
  • Hallvard, f 1786, g 1814 m Gunvor Torleivsdtr. Trydal, sjå nedanfor

Foreldra åt Sigrid var Auver Åsmundson Nomeland og kona, Kristine Kristensdtr., fødd Ruslehaugen, som budde på bnr 7 i Nomeland, Valle. Knut Sigurdsson sto som eigar av heimebruket hennes i åra 1799 til 1802, men budde der etter alt å døme ikkje. Eigar av dette Nomeland-bruket inntil 1799 var brorson av Sigrid, som heitte Åsmund Auversson. Han budde i 1801 i Hisdal hjå Knut og Sigrid. Bror åt Sigrid, Kristen Auversson, var gift med Torbjørg Sigurdsdotter, syster åt Knut. Dei budde på grannebruket Der uppe, bnr 3.

I 1794 ser me at Knut hadde 100 riksdalar til gode på skiftet etter Olav Drengsson Byklum. Etter Knut Sigurdsson overtok sonen plassen:

  • Hallvard Knutsson Hisdal, f 1786, d 1853
g 1. 1814 m Gunvor Torleivsdtr. Trydal, f 1770, d 1838, ikkje born
g 2. 1839 m Gunvor Folkesdtr. Trydal, f 1822, d 1854. Born:
  • Gunvor, f 1840, d 1841
  • Gunvor, f 1842, g 1862 m Gunnar Pålsson Haugen, f 1836, busett Steinsland, bnr 3, sjå Valle III, 566
  • Knut (e.), f 1843, g 1862 m Gyro Torsdtr. Lunden, f 1842, sjå Trydal Der inne, bnr 1
  • Folke, f 1847, d 1856
  • Knut (y.), f 1852, d 1875, g 1874 m Borghild Tarjeisdtr. Bjørnarå, sjå nedanfor

Fyrste kona av Hallvard var dotter åt Torleiv Folkesson og kona, Hæge Olavsdotter, som sat i Trydal Der inne. Då ho gifte seg med Hallvard, var ho enke etter Torleiv Bjørgulvsson Bjørnarå.

Kone nr 2, som au heitte Gunvor og kom frå Trydal Der inne, var dotter åt Folke Øyulvsson Brokka og kona, Birgit Knutsdotter. Desse folka hadde bruka Der inne for Hallvard sidan 1825 eller derikring. Fyrste kona av Hallvard hadde ervt det bruket, og han ervde det etter henne, men ettersom han heller ville sitje som husmann i Hisdal enn som bonde i Trydal, trong dei brukar der. Store-Knut, eldste son av Hallvard Knutsson og Gunvor Folkesdotter, kom sidan til å overtaka eigedomen deira i Trydal. Ein kan lesa meir om Knut og familien hans i kapittelet om det bruket.

Bruket her i Hisdal fekk Gunvor i 1854 kaupe av bøndene på Løyland og Dale for 200 spd. Då ho døydde, seinare same året, vart det skrive over på den 7 år gamle sonen Folke. Då denne døydde, berre to år etter, vart det yngstebroren Lisle-Knut, som fekk heimel, 4 år var han då. Men ein 4 år gamal, foreldrelaus gut kunne sjølvsagt ikkje drive noko gardsbruk, og det hadde heller ikkje mora gjort etter at mannen hennes var død, så iallfall frå 1853, men kanskje endå noko tidlegare, laut dei taka inn brukarar. Etter at foreldra var borte, vaks Lisle-Knut opp hjå skyldfolka sine i Trydal.

I Vallesoga står det at den eine av sønene etter Kristen Auversson i bnr 3, Sigurd eller Åsmund, kan ha vore brukar i Store-Hisdal «i tidi frå Hallvard Knutsson flutte til Trydal og til yngste sonen var vaksen nok til å taka over» (Valle VI, 143). Men som det vil ha gått fram ovanfor budde ikkje Hallvard og Gunvor i Trydal, det er ei mistyding som Vallesoga har overteke frå den gamle gards- og ættesoga for Bykle (31). Dermed vert det heller ikkje rom for nokon lenger brukarperiode på bnr 2 i Hisdal for nokon av kristenssønene. Einkvan av dei kan kanskje likevel ha vore innom her eit bil fyrst i 1850-åra. Men det er heilt sikkert at dei båe sidan budde i Der uppe, og dei og familiane deira vert omrødde i bolken om det bruket, bnr 3.

Derimot er det heilt rett, som både Vallesoga og den gamle Bykleboka fortel, at Auver Helleiksson Glidbjørg var brukar her. Auver var son åt Helleik Kjetilsson Glidbjørg og kona, Torbjørg Auversdotter, fødd Vatnedalen. Ettersom det ser ut må Auver og kona hans ha flutt hit med det same dei hadde gift seg i 1855. Iallfall ser ein at alle borna deira vart døypte frå Hisdal, og Auver vart verande her livet ut.

  • Auver Helleiksson Glidbjørg, f 1827, d 1868
g 1855 m Borghild Eivindsdtr. Stavenes, f 1827, d 1919. Born:
  • Helleik, f 1855, d 1856
  • Dødfødd jente, 1857
  • Helleik, f 1858, g 1883 m Sigrid Tarjeisdtr. Skolås, sjå Bratteland, gnr 9, bnr 1
  • Torbjørg, f 1859, d 1882, ug, tæring
  • Åse, f 1863, g 1885 m Andres Torleivsson Strandestøyl, sjå Strandestøyl under Brotteli, jfr. Dysje, gnr 8
  • Ingebjørg, f 1866, d 1866, tvill.
  • Eivind, f 1866, d 1866, tvill.

Borghild Eivindsdotter kom frå Stigamidjom, og var dotter åt Eivind Ånundsson Stavenes og kona, Åse Tarjeisdotter Bjones.

I 1865 sat Borghild og Auver med hest, 10 kyr, 32 sauer, 10 geiter og ein gris. Dette er tvillaust den største buskapen nokon har hatt i Hisdal. Sånaden var 1 1/2 tunne bygg og 4 tunner jordeple.

Etter at Borghild vart enke kaupte ho Nordstog Bratteland av Odd Tarjeisson, og flutte dit med borna sine, truleg var det i 1874. Me har ikkje funne ut kor lenge ho livde, men iallfall var ho til stades på Bratteland under 1910-folketeljinga, så ho vart då minst 83 år.

Olav Helleiksson, bror av Auver, var også ein god del år i Hisdal med huslyden sin, frå kring 1865 og til uti 1870-åra. Sidan budde dei fleire stader, i Berdalen, Glidbjørg, Dysje og Sanden, men frå omlag 1886 hamna dei i Strandehagen i Trydal, der dei vart verande så lenge Olav livde. På denne bakgrunnen har me valt å plassere oversikta over denne familien i bolken om den sistnemnde verestaden.

Då reknar me oss ferdige med brukarfamiliane, og kan gå over til eigarane att. Som nemnt ovanfor, var det Lisle-Knut Hallvardsson Hisdal som fekk heimel til eigedomen frå 1856. I 1870 flutte han hit, og dreiv bruket ilag med grannesonen Åsmund Olavsson Hisdal og ei tenestejente som heitte Gunhild Danielsdotter Oddeskar. Dette siste har me funne opplysning om i eit ættesogemanuskript som Knut F. Trydal (y.) i Kristiansand har skrive, som me har fått ein kopi av til bruk for denne boka. Nedanfor kjem me attende til meir av innhaldet i dette manuskriptet.

Lisle-Knut rakk såvidt å gifte seg, ser me, det var i 1874, men så døydde han barnlaus året etter. I fylgje kyrkjeboka var det sukkersjuke som knekte han.

  • Knut Hallvardsson Hisdal (y.), f 1852, d 1875
g 1874 m Borghild Tarjeisdtr. Bjørnarå, f 1848, ho g 2. 1880 m Olav Olsson Åmli, sjå nedanfor. Ikkje born.

Borghild Tarjeisdotter var frå Der heime i Bjørnarå. Foreldra hennes var Tarjei Bjørgulvsson og kona, Anne Drengsdotter, fødd Lunden.

Folketeljinga frå hausten 1875 syner at enka Borghild Tarjeisdotter då budde i Hisdal. Åsmund Olavsson og Gunhild Danielsdotter, som me har nemnt ovanfor, var framleis her. Av kretur var her hest, 4 kyr, 2 ungdyr, 6 sauer og 2 geiter. Det vart sett 4 tunner poteter og sådd 1 1/2 tunner bygg.

I 1880 selde Borghild bruket. Kauparen fekk ikkje denne handelen tinglyst, men me veit at han budde i Hisdal i åra som fylgde, og ser ingen grunn til å tvile på det som står i den gamle gards- og ættesoga (38), om at han var eigar. Tinglysingskostnadene var høge, då som nå, og ikkje så få såg seg tente med å spara desse pengane.

Me har ikkje funne noko skifte etter Knut Hallvardsson, men reknar med at han etterlet seg godt med midlar attåt eigedomen. Iallfall vil tradisjonen, her attgjeve etter Leonhard Jansen, ha det til at Borghild var rik nok til å falle i kategorien «Tusendalarsenke» , og Hisdal sto ikkje i på langt nær 1000 dalar. Men tusendalarsenker var sterkt ettertrakta på ekteskapsmarknaden, må vita, og same året som ho selde Hisdal, gifte Borghild seg med Olav Olsson i Nistog Åmli i Valle, bnr 3, og fekk 5 born med han. Men Olav tykte visst midelen hennes gjekk hoste fort ut att: «Tusen daler fort forgår, men enken evig varer», kvad han. I 1894 tok han ut til Amerika, og både «enken» og borna deira vart med dit. Etter det Jansen har fått vita, budde Olav og Borghild i Hythe, Alberta, Kanada.

Han som kaupte bruket av Borghild Tarjeisdotter i 1880 heitte Torleiv Såvesson Nomeland. Han var son åt Såve Olavsson og kona, Hæge Knutsdotter, som budde på bnr 3 i den garden.

  • Torleiv Såvesson Nomeland, f 1853, d 1891
g 1876 m Gro Kjetilsdtr. Øyne, f 1849, d 1894. Born:
  • Såve, f 1877, til USA 1893
  • Kjetil, f 1879, til USA
  • Olav, f 1881, til USA(?)
  • Knut, f 1884, til USA(?)
  • Olav, f 1888, d fyre 1891
  • Olav, f 1891, d 1894

Gro Kjetilsdotter kom frå Øyne under Prestegarden i Valle, bnr 4. Foreldra hennes heitte Kjetil Auversson og Gyro Olsdotter, fødd Nomeland.

Torleiv og Gro sat i Hisdal til 1884. I det sistnemnde året overtok dei heimebruket hennes i Øyne, så då flutte dei vel dit. Dei to eldste sønene reiste til Amerika, og truleg gjorde dei to yngre same reisa (jfr. Valle IV, 423 f).

I fylgje den gamle gards- og ættesoga for Bykle (38) selde Torleiv Såvesson bruket til Olav Torleivsson Haugen, som i sin tur selde vidare til handelsmannen Søren Lund på Rysstad. Olav T. Haugen budde i Oppundhaug i Steinsland, bnr 4/5 (jfr. Valle III, 576). At han åtte Hisdal er ikkje nemnt i panteregisteret, men som me har vore inne på fleire vender, var det ikkje så uvanleg at gardhandlar ikkje vart tinglyste. Men i 1900 gjekk iallfall bruket på ein tvangsauksjon der Søren Lund fekk tilslaget for 800 kr, og auksjonsskøytet hans er tinglyst.

Hisdal Ysteri i 1910. Kvinna lengst til venstre skal vera Anne, kona til Søren Lund, og den lisle jenta ei av døtrene hennes. Dei andre personane på billetet er ikkje identifiserte. Foto: F. Køhn, hit frå samlinga ved Setesdalsmuseet.

Søren Lund sette i gang med geitostysteri i Hisdal. Fyrste sumaren var det Ludvig Gulbrandsen frå Kristiania som styrde meieriet for han. Denne mannen hadde hamna i Valle avdi han var bror åt Signe Svanholm, prestefrua (jfr Valle IV, 305). Guldbrandsen skipa til meierikurs for bygdefolk i Valle, og fekk fleire i gang med geitemeieri.

Søren Lund var ein av dei som hadde tennt på denne ideen, og starta fyrst opp i Hisdal, sidan også i Brotteli, som han kaupte i 1903. Lund dreiv geitostysteriet i Hisdal så lenge han sat med bruket, og hadde mange jenter i arbeid med mjølking og ysting om sumrane. Vinterstid budde her i denne perioden ingen.

Hausten 1912 avhenda Lund eigedomen, og salsvilkåra i den kontrakta han då skreiv, slik dei vert siterte i det ovannemnde manuskriptet av Knut F. Trydal (y.), var interessante:

Handelscontract [...] vedkommende gnr 27, bnr 6, skyld 7 øre, og slåtteteig og Hisvatn, bnr 9, skyld 3 øre for kjøbesum kr 5300. [...]

Kjøberens tilhørende høi skal Søren ha alt, og en 14 år gammel brun hest i alt for kr 800. Resten, kr 4500, betales kontant straks. Søren skal fritt ha igjen den nye stuebygning med forstue på Hisdal, der kan stå igjen i 3 år. [Kjøberen] skal fritt ha alt ysteri-inventar, indbo og sengeklæder, samt skaber og prammer på Hisvatn og i Stigahyl, samt stuen på Ystevodd. All indhøstet avling tilhører sælgeren til bortflytning Denne contract skrevet 5 Oktober 1912.

Den nye eigaren heitte Folke Knutsson. Han kom frå Der inne i Trydal, var yngste son åt Store-Knut Hallvardsson og kona, Gyro Torsdotter, fødd Lunden, og dermed også brorson åt Lisle-Knut Hallvardsson Hisdal, som døydde ifrå bruket i 1875. Folke og kona hans flutte hit våren 1913. Dermed var eigedomen attende hjå den ætta som hadde hatt han sidan 1760.

Folke K. Trydal (1888–1931), truleg ca 1903. Bilete frå Tore K. Mosdøl.
Folke og Tore (Trydal) Hisdal, brurebilete 1912, frå Ingebjørg Vegestog.
  • Folke Knutsson Trydal, f 1888, d 1931
g 1912 m Tore Jonsdtr. Brotteli, f 1892, d 1955. Born:
  • Gyro f 1913 g 1939 m gbr. Olav Tarjeisson Trydal, sjå Systog Trydal, gnr 17, bnr 2
  • Knut, f 1914, gbr. og tømrar, d i Kristiansand 1996, g 1949 m Jorunn Torleivsdtr. Dale, sjå nedanfor
  • Jon, f 1917, ind.arb., g m Solveig Kallhovd, f 1922, busett Kristiansand, born:
  • Anne Turid, f 1958, g m Per Skarpeteig, busett Grimstad
  • Margit f 1918, husmor, busett Oslo, d 1995, g m Lars Skjennum, ikkje born
  • Bjørgulv, f 1921, elektrikar, busett Kolbotn, Oppegård, g m Marta Nygård, Bykle (jfr. Nygård, gnr 12, bnr 6), born:
  • Folke, f 1956, g m Anne Liv Sandnes
  • Ånund f 1958, ug
  • Torunn, g m Kristoffer Nore
  • Knut, f 1923 d 1973, ind.arb., busett Kristiansand, g m Alfrid Enoksen, born:
  • Torhild, f 1949, g m Øystein Andersen
  • Folke, f 1958
  • Marianne, f 1959, g m Lars Ole Skeie, alle busette Kristiansand
  • Hallvard, f 1925, jernbanemann, busett Kristiansand, g m Marion Nilsen, f 1930, born:
  • Helga f 1927, sydame, husmor, busett Kristiansand, g m Arne Dovland, f 1935, born:
  • Anne Grethe, f 1961, g m Pål Guthe
  • Frank Torbjørn, f 1962, g m Camilla Agerup
  • Tove, f 1966, g m Ole Johan
  • Per Arne, f 1973
  • Gunhild f 1929, kokke, husmor, busett, Kristiansand g m Knut Kallhovd, f 1927, born:
  • Folke Olav, f 1953
  • Oddvar f 1954
  • Geir Kjetil f 1966

Tore var frå Brotteli. Jon Andresson Brotteli og kona, Margit Knutsdotter, fødd Nesland, var foreldra hennes.

Dei fylgjande avsnitta byggjer på det fyrrnemnde manuskriptet av Knut F. Trydal:

Folke dreg tomsleden over Stigahyl, medan hesten står og ventar på andre sida. Teikning av Tove Krogh 2005.
Folke og Tore med dei 7 eldste borna på tunet i Hisdal 1925. Bilete frå Ingebjørg Vegestog.

Tore og Folke heldt fram med geitostysteriet etter Søren Lund. Osten vart levert hjå handelsmannen som betaling for andre varer, som vart kaupte inn i større parti og frakta inn for vinteren. Kvar ost vart stempla, og på stempelen sto det «ÆKTE GEITOST - HISDAL YSTERI». Hesten sin hadde Folke måtta levere til Søren Lund, då han kaupte garden, og i fleire år etter at dei flutte til Hisdal, laut han difor bruke ein stut til trekkdyr. Denne hadde han sjølv ala fram, og lært opp til å draga plog og slede. Han klyvja også med han frå Stigahyl, og han kunne bera opptil 100 kg. Stuten var sterk, men sein og sta, og hadde stundom vondt for å taka seg fram avdi han var så låg at klyvmeisen tok nedi stuvar og steinar. Men etter kvart vart det råd til hest att, og då vart det lettare. Etter at den nye hesten kom til gards, tok Folke på seg å køyre varer frå Byglandsfjord. Desse reisene kunne vera heller strabasiøse, og sume stader var det så bratt at han laut tvikøyre, dvs. leggje att halve lasset i botnen av bakken og hente det i ei ny vending. Ein gong han kom heim frå varekøyring utpå ettervinteren, kom han til at isen på Stigahyl var for dårleg, og torde ikkje køyre over med hest og slede. Han tok då hesten til osen, der det ikkje var is, og let han symje over. Sjølv tok han på seg ski og drog sleden over isen, medan hesten sto og venta på andre sida.

Ei anna verksemd som gav noko inntekt var jakt og fangst, særleg snarefangst av rjuper. Det var ikkje uvanleg at Folke hadde over 600 rjuper på ein vinter, og dei var lette å få avsetnad på. Det same gjaldt skinn av rev, mår og røyskatt. Folke og sønene dreiv også mykje med reinsdyrjakt, men det var mest til matauk.

I storflaumen i 1927 reiste brua over Otra, så etter dette laut ein i pråm for å koma til Hisdal, når isen ikkje var farande. Å få opp ny bru vart difor ei viktig målsetjing for hisdalsfolket. I 1931 fekk dei stats- og fylkestilskot til dette tiltaket, og utpå hausten same året sette dei i gang. Til hjelp under arbeidet med nybrua gjorde dei seg fyrst ei provisorisk hengjebru. Til denne skaffa dei seg bruka ståltaug frå Stavenes, der dei hadde slike liggjande etter ei gamal bru dei hadde skift ut. To vaierar vart spente over elva, og på desse feste dei trandlar til å gå på. Vaierane var av ein gamal type med hampetaugverk mellom stålkordellane. Slike var gjerne nokså upålitelege avdi taugverket heldt på væta, slik at vaieren kunne vera rusta innanfrå, om han såg aldri så heil og sterk ut på utsida. Til dette kom at dei hadde lagt merke til at den eine av linene over elva hadde ein knute på seg, men dei meinte at hengjebrua nok skulle halde likevel.

Morgonen etter at dei hadde fått hengjebrua på plass, skulle grannen, Jon Olavsson på Haugen, på arbeid på nybrua. Dei var så glade for at dei kunne gå på hengjebrua over elva, for då slapp dei å taka omvegen om Stigahyl for å ro over. Men då dei kom ut på brua, rauk den eine av vaierane, og båe karane fall i Otra og drukna. Dei var båe gode symjarar, men elva gjekk flaumstor, og straumkvervlane vart for sterke for dei.

Olav Mikkelsson Lisle-Hisdal, som også arbeidde på brua, hadde gått over 10 minuttar tidlegare, og fare inni skogen for å hente ved til kaffivarme. Då han kom attende, såg han at hengjebrua hekk i berre ein vaier, og forsto at det hadde skjedd ei ulukke, endå han ingenting hadde sett eller høyrt. Det samla seg etter kvart mykje folk, og dei leita og sokna nedetter elva, men utan resultat.

Olav vart den som måtte gå dei bratte bakkane opp til Hisdal med dødsbodskapen til dei to konene, som hadde mist mennene sine. Folke vart 43 år, og Jon 32. Tore sat att med 9 born i alderen 2 til 18 år, og Ingebjørg hadde 3 born i alderen 1 til 5 år.

Trass i energisk leiting fann dei ikkje dei omkomne om hausten. Så la isen seg, og snøen kom, og fyrst i byrjinga av april året etter vart dei attfunne. Folke vart gravlagd 7. april, og Jon dagen etter. Den tragiske ulukka hadde gjort djupt inntrykk, så heile bygda møtte møtte fram til dei to gravferdene. Dei to enkene, Tore og Ingebjørg, vart båe verande i Hisdal med borna sine etter ulukka, dreiv gardsbruka vidare, og greidde seg som best dei kunne. Av Rikstrygdeverket fekk dei 240 kr i året kvar. Det var ikkje mykje, men kvar krone kom nok godt med.

Eldste sonen av Folke og Tore overtok bruket i 1949, ved det leitet då han gifte seg.

I Hisdal ein gong i andre halvdelen av 1940-åra. Framme frå venstre: Tone Jonsdotter Haugen Hisdal, Hallvard Folkesson Hisdal og Olav Torsson Trydal (som sidan reiste til Amerika). Attanfor: Tore Jonsdotter Hisdal, Alfrid Hisdal (g m Lisle-Knut), Store-Knut Folkesson og Gunhild Folkesdotter. Bilete frå Ingebjørg Vegestog.
Mor og borna ute på tunet. Frå venstre og bakover: Tore (mor), Gunhild, Gyro, Margit, Helga, Knut (Storen), Knut (Lislen), Jon, Bjørgulv og Hallvard
  • Knut Folkesson Trydal, f 1914, d 1996
g 1949 m Jorunn Torleivsdtr. Dale, f 1918, d 2000. Born:
  • Dagfinn, f 1952, bilmekanikar, busett Kristiansand, g m Ingrid Halvorsen, f 1956, born:
  • Dag Are, f 1988
  • Gudrun, f 1991
  • Torleif, f 1955, lækjar, busett Kristiansand, g m Anne-Lisbet Rotevatn, f 1953 born:
  • Espen Knut, f 1982
  • Øyvind, f 1984
  • Ingvill f 1989
  • Hanne Jorunn, f 1990

Jorunn Torleivsdotter kom frå Jore i Valle, bnr 3. Foreldra hennes var Torleiv Hallvardsson Dale og kona, Gunhild Olsdotter, fødd Bø (jfr. Valle IV 619). Etter to-tre år som gift og gardbrukar i Hisdal, selde Knut i 1952 bruket, og flutte til Heimdal i Hægeland, der han var gardbrukar og snikkar. Men som tida gjekk vart han meir snikkar og tømrar og mindre gardbrukar, og etter nokre år flutte han inn til Kristiansand, der han heldt fram i bygningsfaget til pensjonsalder.

Han som kaupte garden av Knut Folkesson heitte Knut Solberg, og budde i Oslo. Hans interesse i Hisdal var fyrst og fremst jaktterrenget. Men kort etter salet fann syskena av han som hadde selt at det var for gale å lata heimen gå ut or ætta, og difor la dei lag og tok bruket att på odel, det var i 1956. Familien sit framleis med eigedomen i sameige.


0941 Bykle komm.png Store-Hisdal (Bykle gnr 20/2) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Lisle-Hisdal • Neste bolk: Der uppe (Haugen)