Sykkylven kommune
Sykkylven kommune er ein av kommunane på Sunnmøre i Møre og Romsdal. Kommunen ligg på sørsida av Storfjorden og grensar mot Stordal i aust, Stranda i søraust og Ørsta i sørvest. Nordom Storfjorden grensar Sykkylven til, frå nordaust til nordvest, Ørskog, Skodje, Ålesund og Sula kommunar.
Sykkylven kommune | |
---|---|
Basisdata | |
Kommunenummer | 1528 |
Fylke | Møre og Romsdal |
Kommunesenter | Sykkylven |
Areal | 337.67 km² |
Areal land | 328.82 km² |
Areal vann | 8.85 km² |
Folketall | 7 630 (2023) |
Målform | nynorsk |
Nettside | Nettside |
Administrasjonssenteret ligg på Sykkylven, som også inkluderer bygdene/gardane Aure, Ørsneset, Grepstad og Vik. Til saman er det vel 4000 innbyggjarar i tettstaden Sykkylven. Dei to andre tettstadene er Ikornnes med 825 innbyggjarar og Straumgjerdet (Straumgjerde) med 482 innbyggjarar. Dei større bygdene er Velledalen, Hundeidvika og Ramstaddalen . Kommunen har to kyrkjer, Sykkylven kyrkje og Ikornnes kapell.
Hovednæringa er industri, hovudsakleg møbelindustri. Dei mest kjende fabrikkane er Ekornes, Hjellegjerde og Brunstad.
Arkeologiske funn under leiing av fylkesarkeolog i Møre og Romsdal, Bjørn Ringstad, viser at der har vore fast busetnad på tettstaden Aure sidan kring 800 f.Kr.
Riksvei 60 går gjennom kommunen, frå Ørsneset i nord, gjennom kommunesenteret, mot sør til Stranda kommune.
Kommunehistorikk
I 1883 vart Ørskog kommune delt, og Sykkylven vart oppretta som eigen kommune. I 1955 vart også bygdene Ramstaddalen og Søvikdalen tillagt frå Ørskog.
Nokre personar frå Sykkylven
- Henrik Straumsheim,(1893–1975), diktar
- Rolf Sagen, forfattar
- Jostein Fet, litteraturforskar og fagbokforfattar
- Arnold Weiberg-Aurdal, fødd 1925, tidl. stortingsrepresentant, ordførar og forfattar
- Nicolay Grevstad (1851–1940), norsk-amerikansk jurist, pressemann, politikar og diplomat