Årstalsliste for Lesja
Hopp til navigering
Hopp til søk
Dette er ei liste over hendingar i Lesja ordna kronologisk. Kjelder for prestar og ordførarar er Bygdebok for Lesja bd. 3 og Skotte / Einbu 1949 (sjå Bibliografi:Lesja kommune).
Før 1500
- 1326: kvernbruk i Lora dokumentert i i Diplomataricum Norwegicum bd II s. 135. Sjå Lorkverna.
1500- og 1600-talet
- Ca. 1570: Jens Jensson Staby vart prest i Lesja prestegjeld.
- 1602: Jens Jensson d.y. vart prest etter far sin
- 1636: Sigvart Engebretsson Munk kom som huskapellan i 1636, styrte kallet frå 1639 og vart utnemnt til sokneprest i 1641.
- 1660: Jørgen Fillipsen og Joacim Irgens får privilegiebrev på jerverksdrift, og etter kvart kjem Lesja jernverk i drift i austenden av Lesjaskogvatnet
- 1670 / 1695: Christen Christenss. Gammelgaard vart sokneprest
- 1677: Peter von Schellebeck vart medeigar i jernverket til 1683
- 1687: Werner Nielsen kjøpte jernverket
- 1693: Jens Hansen Collin og Herman Treschow kjøpte 1/4 av jernverket kvar
- 1695-97: Lesjaskog kyrkje bygd som verkskyrkje ved Lesja jernverk
- 1696: Christen Wernersen åtte 1/2 jernverket verket til 1701
1700-talet
- 1701: Threschow kjøpte resten av jernverket
- 1710: Reinholdt Heinrichsen Ziegler kjøpte jernverket
- 1724: Nils Olsen Stockflet vart sokneprest
- 1730: Lars Lobes gift med enkja etter Reinholdt Ziegler, overtok jernverket, eineeigar frå 1747
- 1732: Johan Henrik Ziegler fekk truleg halve verket ved skifte etter faren, selde til stefaren 1747
- 1745: Henning Ulrik Salomonsen Fuglberg vart sokneprest
- 1747 januar 13: reskript som fastsette at sokneprestane i Lesja og Tynset skulle gjere teneste i Folldal kvar sin gong.
- 1749 Den nye Lesjakyrkja bygd.
- Ca. 1750: Hans Jensen Holmboe gift med dotter til Reinholdt Ziegler, overtok jernverket
- 1757: Pål Holst Irgens gift med enkja etter Holmboe, overtok jernverket
- 1758: Hans Hanssen Smidth vart sokneprest
- 1772: Jens Hieronimussen Krefting vart sokneprest
- 1780: Hans Bernhoft Hegge vart sokneprest
- 1782; Peder Alstrup Pedersen Jordhøy vart sokneprest
- Ca. 1784: Niels Pløyen overtok jernverket
- 1789 juli 20-23: Storofsen ramma og Lesja
- 1797 mai 10: Forlikskommisjonen for Lesja hovudsokn og annekssokna Dovre og Øvre Folldal oppnemnt av amtmann Christian Sommerfelt med soknepresten, Jordhøy og Hans Pedersson Holager som medlemer.[1]. Same dag vart det oppretta eigen kommisjon for Lesjaskog, i funksjon til 1821.[2]
1800 - 1850
- 1800: Jonas Wohl kjøpte jernverket
- 1801 februar 1: folketeljing: Lesja hovudsokn, og Lesjaskog annekssokn
- 1804: Johan Friderick Wilhelm von Haffner kjøpte jernverket av Wohl i 1804
- 1812: Tore Olsson frå Bottem kjøpte jernverket.
- 1814 mars 4: bededag i Lesjakyrkja. I Lesja kyrkjebok side 796 skreiv Peder Jordhøy: «Fredagen den 4de Martii prædikede Jeg over Texten af Davids 62 Psalme 8de og 9de Vers, paa denne Dag, som var en Høytidelig Festdag, aflagde den heele Almue Troeskabs Eed med Liv og Blod at forsvare og hævde Norges Frihed og Selvstendighed under vaar allernaadigste Regent Printz Christian Friderich.» Same dag samla «M. Thøring, P. A. Jordhøy, Hans Tostensen Korsvold, H. Hattrem, Olle Sønstebø, G. Kolstad, Ole Brendiord, O. Holle, Lars Bottem, Thore Mølm, Poul Norderhuus, Johanes Flittig, Johannes Enstad, Hans Bergseng» seg på Prestgarden og skreiv under på adressa til Kristian Fredrik: ««Ligesom Lessøe Meenigheds Indvaanere have i Dag Lessøe Hovedkirke svoret at hævde Norges Selvstendighed, og at vove Liv og Blod for det ælskede Fedreneland, har samme ogsaa valgt Lensmand Hans Lemmich Juell og Bonden Paul Paulsen Tofte, begge Indvaanere af Lessøe Præstegjeld, til at Møde paa Meenighedens Vegne, og at stemme ved den berammede Forsamling af Nationens udvalgte Mænd, angaaende Regjeringsformen i Norge, hvortil de ere befuldmægtigede.»
- 1818: Lesjaskog kornmagasin etablert.
- 1820: Nils Halvorssen Roth Blix Heyerdal vart sokneprest.
- 1820: Lesja kornmagasin etablert.
- 1829: Jens Laurits Pederssen Debes vart sokneprest.
- 1834: Christian August Lyche vart sokneprest.
- 1838 januar 20: Det første møtet i Lesja formannskap. Johannes Jonsson Tøndevold vart vald til ordførar]], Niklas Johannesson Kvam til vise-ordførar.[3]
- 1838 februar 21: Det første møtet i Lesja heradsstyre. 8 saker vart behandla.[4]>
- 1844: Nathan Surland Steen vart sokneprest.
1850 - 1900
- 1850: Peder Skotte vart ordførar.
- 1852: Edvard Kraft vart sokneprest.
- 1854: Syver Hogsvold vart ordførar.
- 1855: Forslag om uttapping av Lesjavatnet framsatt.
- 1856: Hans G. Koldstad vart ordførar.
- 1857 november 18: arbeidet med uttapping av Lesjavatnet starta:
- 1860 juli 25: kongelig resolusjon som fastsette at annekssokna Dovre og Øvre Folldal og Dombåsgrenda (gardsnr. 3-15 i Dovre) skulle skiljast frå Lesja prestegjeld og opprettast som Dovre prestegjeld.
- 1861: Johannes Michael Klem vart sokneprest.
- 1862 august 26: Lesja og Dovre Skyteforening starta.[5]
- 1865 desember 21: folketeljing: start søkbar versjon og start skanna versjon
- 1868: Peder Bj. Holager vart ordførar.
- 1870: Jens Gerhard Holmboe vart sokneprest.
- 1874: Hans H. Hatrem vart ordførar
- 1875 desember 21: folketeljing: start søkbar versjon
- 1880: Per Koldstad vart ordførar.
- 1881 mai 17: Lesjaskog Skytterlag starta.[6]
- 1883: August Larsen vart sokneprest.
- 1885: Lars Moen født i Rånålykkja.
- 1891 januar 1: folketeljing: søkbar versjon og start skanna versjon
- 1892: John Bergquist vart sokneprest.
- 1892: Anders E. Norderhus vart ordførar.
- 1893: Lesja Skytterlag starta.[7]
1900-1950
- 1900 desember 3: folketeljing: start søkbar versjon
- 1902: Ola O. Rolstad vart ordførar
- 1905: Theodor Norseth vart sokneprest.
- 1908 juli 10: Stortinget vedtok bygging av Raumabanen frå Dombås til Åndalsnes.[8]
- 1910 desember 12: folketeljing: start søkbar versjon
- 1914: Håkon Martin Hovdin vart sokneprest.
- 1914: Ole Ekre vart ordførar.
- 1911 hausten: arbeidet med bygging av Raumabanen starta. [9]
- 1912 januar 22: arbeidet med Jorabrue på Raumabanen tok til. [10]
- 1921 november 21: Raumabanen opna til Bjorli stasjon. [11]
- 1922: Stuguflottbrue på Raumabanen bygd. [12]
- 1924: Lesja ysteri etablert.
- 1924 november 29: heile Raumabanen opna. [13]
- 1925 januar 19: Lesjaskog idrettslag stifta.
- 1928: Jens Holst Bie Bjønnes-Jakobsen vart sokneprest.
- 1929: Sigvart Alstrup H. Jordhøy vart ordførar.
- 1934 februar 23: kongelig resolusjon som fastsette grensa mellom Lesja og Dovre.
- 1938: Reidar Torolf Hj. Lund vart sokneprest.
- 1938: John Botheim vart ordførar.
- 1939: A/S Eidefoss startar arbeidet med linjenettet gjennom Lesja, og om hausten fekk dei fleste abonnentane tilkopla elektrisk straum.
- 1940: april 9 – mai 2: Om dei dramatiske hendingane under felttoget.
- 1941 september 25: Gautsjøulykka der 11 anleggsarbeidarar druknar under arbeid på Auraanlegget på Dalsida.
- 1945 januar 5-6: Stuguflottbrue vart sprengt av tre karar frå Kompani Linge i Fieldfare-operasjonen.
- 1947: Aksel Amlie vart sokneprest.
- 1947: Ola O. Mølmen vart ordførar.
- 1948: Lesja Bulldozerlag etablert.
1950-2000
- 1956: Sverre J. Botheim vart ordførar.
- 1957: Arbeidet med å etablere Lesja bygdatun starta opp.
- 1957: Haujeheimen – Lesja gamleheim opna.[14]
- 1957 november 22: to ungar frå Mølmshaugen gjekk forbi far sin og til fjells der dei omkom.
- 1959: Otto Kalmar K. Østerås vart sokneprest
- 1964: Den nye Lesjaverkkyrkja bygd på den same tomta der den gamle kyrkja til Lesja jernverk stod.
- 1970: Andreas Mølmen vart ordførar.
- 1972: Karl Stålaker vart ordførar.
- 1976: jo Nordahl Bottheim vart ordførar.
- 1978: Kari Merete Klæboe vart sokneprest.
- 1980: Lesja sjukeheim bygd.[15]
- 1981: Lesja historielag stifta.
- 1985: Lesja Skytterlag arrangerte Landsskyttarstemnet 1985.
- 1988: Osvald Haugbotn vart ordførar.
- 1990: Ellen Martha Blaasvær vart sokneprest.
- 1995: Knut Ellefsrud vart sokneprest 1995.
- 1995: Lesja Skytterlag arrangerte Landsskyttarstemnet 1995.
- 1999: Brøste-Stueflotten Kulturlag stifta.
Etter 2000
- 2000: Per Dag Hole vart ordførar.
- 2005: Lesja skyttarlag arrangerte Landsskyttarstemnet 2005
- 2011: Steinar Tronhus vart ordførar.
Referansar
- ↑ Forhandlingsprotokoll s. 1.
- ↑ Arkivportalen.
- ↑ Lesja formannskapsprotokoll 1837-1858, Lesja kommunearkiv s. 1.
- ↑ Same stad.
- ↑ Gåmålt frå Lesja og Lesjaskog 1984 s. 59.
- ↑ Gåmålt frå Lesja og Lesjaskog 1984 s. 61.
- ↑ Gåmålt frå Lesja og Lesjaskog 1984 s. 59.
- ↑ Audun Einbu i Årsskrift for Lesja historielag 1994 s. 31.
- ↑ Audun Einbu i Årsskrift for Lesja historielag 1994 s. 33.
- ↑ Audun Einbu i Årsskrift for Lesja historielag 1994 s. 35.
- ↑ Audun Einbu i Årsskrift for Lesja historielag 1994 s. 34.
- ↑ Audun Einbu i Årsskrift for Lesja historielag 1994 s. 39f.
- ↑ Audun Einbu i Årsskrift for Lesja historielag 1994 s. 34.
- ↑ Bygdeboka bd. 3 s. __.
- ↑ Bygdeboka bd. 3 s. __.