Forside:Kviteseid kommune

Sideversjon per 3. des. 2009 kl. 12:01 av Olve Utne (samtale | bidrag) ({{Forside Vest-Telemark}})

Mal:Forside Vest-Telemark

Om forsiden
Biblioteket1 044 ed.jpg
0829 Kviteseid komm.png
Kviteseid («Hvitesjø», eldre navn Hvidesø og Hvidesøe, også skrevet Hviteseid) er ein kommune i Telemark fylke. Han grensar i nordvest til Seljord, i aust mot Nome, i sør mot Drangedal, Nissedal og Fyresdal, og i vest mot Tokke. Høgaste punktet er Sveinsheia (1141 moh.). Viktige næringsvegar er handel og service, skogsdrift, jordbruk, turisme og vasskraft. Kviteseid omkransar Kviteseidvatnet. Kviteseidvatnet er tilknytta Telemarkskanalen (Bandak-Norsjøkanalen) med slusesamband heilt ned til Skien.
Kategorier for Kviteseid kommune
ingen underkategorier
ingen underkategorier
ingen underkategorier
ingen underkategorier
ingen underkategorier
ingen underkategorier
ingen underkategorier
ingen underkategorier
Smakebiter fra artikler
Dansk grensestein i Pinneberg, Holstein.
Holstein er eit tidlege hertugdøme, og nåverande område i Nord-Tyskland, innafor nåverande delstat Schleswig-Holstein og omfatta område mellom elvene Eider i nord, Elben i sør og Schaale i øst. Området er kjent i Noreg særleg i samband med den betydelege utkommanderinga dit av norske soldatar til vakthald på det som den gongen var den danske sørgrensa under sjuårskrigen (også kalla den prøyssiske sjuårskrigen) i åra 1758-1762 (1763). Danmark-Noreg var nøytrale i krigen, men kongen og regjeringa i København fann det altså nødvendig å mobilisere betydeleg troppestyrkar til grensevakthald. I dei periodane Holstein var under dansk styre, herska den danske kongen over Holstein som tysk hertug, ikkje som konge over Danmark. Området er også kjend som opphavsområde for fleire norske slekter. Holstein og Slesvig til saman kallast ofte berre Hertugdøma.I mai 1758 gjekk det ut kongeleg ordre til øvstkommanderande for den norske hæren om at desse avdelingane skulle settast opp opp og overførast til grensa: Nedovertransporten skjedde i løpet av sommaren 1758, og i august var i alt 7 332 mann av dei norske avdelingane på plass. Etter kvart var òg styrkar frå andre avdelingar utkommanderte, m.a. også matrosar til flåten.   Les mer…
Lebesby kirkested i Laksefjord i 1948.
Foto: Det Norske næringsliv : 13 : Finnmark fylkesleksikon, 1952.

Stedet Lebesby (samisk Davvesiida) ligger på østsiden av Laksefjorden, omkranset av holmer og øyer. Lebesby var fram til 1944 administrasjonssenter i Lebesby kommune.

Gjennom tidene har navnet Lebesby gjennomgått mange endringer. Fra 1500-tallet finner en i svenske kilder stedet omtalt som Daveby. Siden skriver man Lybsby, Libbisby, Lysby o.s.v., til det endelige Lebesby. Det samiske navnet på stedet er Davvesiida som kan oversettes med: Den nordligste samiske boplass.   Les mer…
Skulestyrar og biblioteksjef Sigurd Balsnes
Foto: Norske skolefolk, 1952
Sigurd Balsnes (fødd 22. juli 1901 i Stårheim i Eid kommune, død 30. september 1993 i Vadheim i Høyanger kommune) var lærar, skulestyrar og biblioteksjef. Han tok eksamen ved Volda lærarskule i 1923 og tok kurs i bibliotekstell, skolehagearbeid, engelsk og skulefilm. Han var lærar i Selje i 2,5 år og lærar og skulestyrar i Vadheim krins i Høyanger i 46 år. Han var og klokkar ved Vadheim bedehuskapell og formann i skoleråd og lærerlag. Sigurd Balsnes var bibliotekinspektør i Sogn og Fjordane og biblioteksjef i Høyanger. Han var med på skipinga av fylkesbiblioteket i Sogn og Fjordane og var styremedlem i Norsk bibliotekforening i seks år. Han fekk Kongens fortjenstmedalje.   Les mer…
Per Almås
Foto: Norske skolefolk, 1952
Per Almås (Peder Georg), født 2. august 1910 på Stord, død 16. februar 1991, same stad, var lærar og snikkar. Han tok eksamen ved Volda lærarskule i 1936 og Eksamen artium i 1946. Han var overlærar ved Sogn ungdomsskule (seinare Askelund folkehøgskule) i Balestrand i 20 år frå 1936 og flytte seinare attende til Stord.   Les mer…
Rakel Støyva Apalseth
Foto: Norske skolefolk, 1952
Rakel Apalseth, født 10. januar 1902 i Breim, død 4. juni 1986 i Førde, var lærar. Ho hadde eksamen frå Volda lærarskule 1923-1924 og Den kvinnelige industriskole i Oslo 1939. Rakel var lærar i Byrkjelo krins i Breim 1924-1941, Gloppen 1941-1946 og Førde krins i Breim frå 1946. Ho var og aktiv i IOGT.   Les mer…