Forside:Valdres

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Portal Valdres

Kart over Valdres, med den historiske vandreruta Stølsrute teikna inn.

Valdres er eit landskap i Oppland, med kommunane Nord-Aurdal, Sør-Aurdal, Øystre Slidre, Vestre Slidre, Vang og Etnedal.Dalføret femner størstedelen av nedbørsområdet for Begnavassdraget nord for Sperillen og den øvre delen av Etnedal landskapsområde med kringliggande fjellstrok. I sør finn ein Begnadalen og Hedalen. I nord er Valdresflye ein del av Jotunheimen. Valdres reknast med til Austlandet, men er òg eit grenseområde til Vestlandet. Den eldste busetninga i dalen kom vestfrå, og Valdres var lenge under Gulatingslagen. I 1153 vart dalen ein del av Stavanger bispedøme.

Den største tettstaden, og den einaste mer over 1000 innbyggjarar er Fagernes i Nord-Aurdal. Fagernes som fekk bystatus i 2007 og har drygt 1900 innbyggjarar (2018). Andre tettstader, med folketal per 2018 i parentes, er: Leira i Nord-Aurdal (873), Bagn i Sør-Aurdal (668), Aurdal i Nord-Aurdal (681), Beitostølen i Øystre Slidre (349), Slidre i Vestre Slidre (346), Røn i Vestre Slidre (283), Heggenes i Øystre Slidre (283), Moane i Øystre Slidre (230) og Bruflat i Etnedal (248).

E16 og fylkesveg 51 går gjennom Valdres. Det er bussamband frå fleire stader i dalen til Oslo, Bergen, Gjøvik og Gol. Valdresbanen gjekk til Fagernes, og vart nedlagd i 1989. Fagernes lufthamn, Leirin var den høgast liggande flyplassen i Nord-Europa, på 822 moh. Den hadde daglege avgonger til Oslo lufthavn, Gardermoen. Lufthamna vart opna i 1987, og nedlagd i 2018.
Olaf og Anna Marie Hestekind sitt gravminne.
Foto: Dag Gurihus

Olaf Hestekind (fødd 14. mars 1907 på Hestekinn i Etnedal, død 22. desember 1985) var gardbrukar og forfattar.

Garden Hestekinn (Hestekind) hadde vore i ætta i fleire generasjonar, og Olaf overtok i 1925, då han var 18 år. Han arbeidde mykje i skogen, attåt han dreiv garden og han åtte ein sterk kjærleik til naturen og friluftslivet. I 16 års-alderen tok han så smått til å skrive. Valdres Tidende som kom ut i Aurdal var det fyrste bladet han fekk spalterom i, og etter kvart kom han til å skrive mykje i avisa Valdres, i Oppland Arbeiderblad og Samhold/Velgeren.

Hugen til lesnad var stor, så han las alt han kom over. Han vart svært glad i bøkene til Mikkjel Fønhus og Johan Falkberget. Naturleg nok fylgde han med på alt som kom på prent frå sambygdingen Sigurd Lybeck og så vart Knut Hamsun ein gjev diktar for den unge Olaf Hestekind. På sine eldre dagar hadde Olaf sterk godhug for bøkene til Magne Østby: «Eg har alltid likt å vandre i skog og mark. Og eg likar svært godt villmarkslitteratur», sa han.

Olaf skreiv både på bokmål og nynorsk, sjøl om det var bokmål han lika best, og i 1951 debuterte han med romanen Einbuliv ved Aursjøen, utgitt på Fonna Forlag.

Det var mange skjær i sjøen for ein forfattar i åra like etter den andre verdenskrigen. Det viser eit brev til Olaf Hestekind frå Mariendal Forlag på Gjøvik. Brevet var dagsett 14. februar 1948 og underskrive av L. Blichfeldt: «På grunn av ytterligere nedskjæringer av papirkvoten og andre vanskeligheter blir det dessverre ikke mulig for oss å gi ut Deres bok, i hvertfall ikke dette år.» Det var altså ikkje eingong nok papir til å få ut bøkene i denne vanskelege etterkrigstida.

Olaf Hestekind var aldri ute på nokon lang reise. Slikt var det ikkje råd eller tid til i dei åra då det kunne vore aktuelt for han. Men Olaf var livskunstnar. På ættegarden Hestekinn og i heimbygda Etnedal fann han dei verdiane og dei opplevingane som gav livet hans eit rikt innhald.

Olaf og kona Anna Marie (1899-1990) er gravlagde på Bruflat kyrkjegard.

Bibliografi

Kjelder og litteratur

Sjå også