Forside:Arkivvesen

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 17. aug. 2015 kl. 08:14 av Cnyborg (samtale | bidrag)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk
Om Arkivvesen
Motiv frå eit arkiv.

Arkiv er institusjonar eller avdelingar innafor ei verksemd som tek vare på dokument frå verksemda. Ordet nyttast óg om sjølve samlinga av dokument, og om lokala der dei vert lagra. For historieforskinga er arkivet staden som ikkje gløymer, der vårt kollektive minne er lagra. I eit moderne arkiv tyder ikkje lenger dokument «gulna ark», men «alle fysiske spor av verksemda». Arkiva kan såleis innehalde alt frå handskrivne notat til digitale databasar. Eit arkiv kan vere aktivt, til dømes eit kommunalt arkiv der ein kan gå inn og hente fram vedtak frå seinare tid. Det kan óg vere historisk, med dokument frå ei verksemd som hører fortida til eller dokumentar som ikkje lenger er aktuelle for eigaren. Mange arkiv kombinerer dei to funksjonane, til dømes byarkiva som både har ein aktiv og ein historisk avdeling. Arkiv kan óg vere private, knytta til ein einskild person.

Arkiva har ein dobbeltrolle. På den eine sida skal dei ta vare på dokument for framtida, og det gjer ein best ved å gje så få som mogleg direkte tilgang. På den andre sida skal dei legge til rette for at dei som treng å bruke dokumenta får tilgang til dei. Ein kan tenke på det som å både vere museum, med gjenstandane i monter eller magasin og på same tid bibliotek med lesesal der brukarane sjølv kan gå gjennom dokumenta. Ny teknologi har gjort denne floka mindre utfordrande. Mange arkiv har nå digitalisert deler av samlingane, og gjer dei tilgjengelege på nett. Brukarane får då tilgang til nøyaktige avfotograferingar, medan sjølve dokumenta kan oppbevarast trygt. Eit skilje mellom arkiv og bibliotek er at arkivdokumenta som regel ikkje er publisert. Dei er ofte unike, anten i streng forstand fordi det berre finst eit eksemplar, eller fordi det handlar om ein original. Dette sett óg strengare krav til skydd for dokumenta.

Den nasjonale arkivtenesta i Noreg er organisert som Arkivverket. Det består av Riksarkivet, dei åtte statsarkiva og Samisk arkiv. Verksemda er heimla i arkivlova av 1992 (i kraft frå 1999), som mellom anna krev avlevering av arkiv frå offentlege institusjonar. Arkivverket står bak Digitalarkivet, som mellom anna har lagt ut avfotograferingar av dei fleste kyrkjebøkene.   Les mer ...

 
Smakebitar
Kjeller småskole 1-2 klasse 1932 med frøken Elina Schiørn som klasseforstander.
Foto: Digitaltmuseum.no/MiA
NEG 194 "Da klokka klang" er ei spørjeliste sendt frå Norsk etnologisk gransking i 2002 med tittel "Da klokka klang". Utsendarar var Ann Helene Bolstad Skjelbred og Anne Moestue.   Les mer …

Fra Ulefoss garveri, Ulefoss. Etablert i 1864.
Foto: "Norske næringsliv b. 4 : Telemark"
NEG 134 Garverhåndverket er ei spørjeliste sendt frå Norsk etnologisk gransking i 1981 med tittel Driftehandel med storfe. Utsendarar var Marit Holme Mehlum og Andreas Ropeid. Denne spørjelista er sendt ut i samhang med NEG 135 Garveren og garverhåndverket frå same året.   Les mer …

Lauvkniv (bm./nn.) eller løvkniv (bm.) frå Sunndal på Nordmøre.
Foto: Olve Utne
NEG 9 Lauving er ei spørjeliste sendt frå Norsk etnologisk gransking i 1947 med tittel Lauving. Utsendar var Lily Weiser-Aall.   Les mer …

Fra Østre Toten bygdepride.
Foto: Katrine Moe
(2022)
NEG 198 Synet på intimitet og seksualitet mellom personer av samme kjønn er ei spørjeliste sendt frå Norsk etnologisk gransking i 2003 med tittel Synet på intimitet og seksualitet mellom personer av samme kjønn. Utsendar var Hans Wiggo Kristiansen i samband med forskingsprosjektet Homoseksualitetens vilkår og ytringsformer i Norge 1920-1980 ved Universitetet i Oslo finansiert av Norges forskningsråd.   Les mer …

På sykkel nedover Trondheimsveien ved Veitvet i Oslo rundt 1920. På bildet ses fru Nilsson og datter.
Foto: Groruddalen historielag
(1920)
NEG 249 Sykling er ei spørjeliste sendt frå Norsk etnologisk gransking i 2014 med tittel Sykling. Utsendarar var Magne Brekke Rabben og Audun Kjus.   Les mer …

Vangs Sparebank, der Statsarkivet i Hamar hadde tilhold 1917-58.
Foto: Jensens (Wikimedia Commons) 2008
Statsarkivet i Hamar (SAH) er en regional institusjon innen Arkivverket med ansvarsområde som omfatter Innlandet fylke. Det ble opprettet i 1917 under navnet Stiftsarkivet i Hamar, men endret navn i 1919, da stiftsarkivene fikk den nye betegnelsen statsarkiv. SAH skal primært ta vare på og tilgjengeliggjøre arkivmateriale fra den lokale statsadministrasjonen innen de to fylkene, men tar også i mot bevaringsverdige privatarkiver. Arkivet har i dag ca. 10 000 hyllemeter arkivmateriale, derav 600-700 hyllemeter privatarkiv etter bedrifter, foreninger og enkeltpersoner (ca. 300 enkeltarkiver). Av større privatarkiver kan nevnes brenneriene Løiten, Atlungstad og Strand, bankarkiver og arkivet til Rena Kartonfabrik A/S. Materialet strekker seg fra 1600-tallet til 1990-årene.   Les mer …
 
Kategoriar for Arkivvesen
 
Andre artiklar