Neseide (Fedje gnr 168 bnr 165)
Neseide | |
---|---|
Sokn: | Fedje sokn |
Fylke: | Vestland fylke |
Kommune: | Fedje kommune |
Gnr.: | 168 |
Bnr: | 165 |
Neseide er ein jordeigedom i Fedje kommune.
1. Mally Eide f. 1914 d. 1976 g. 1938 m. Olaf Gullaksen f. 1913 d. 2009, jf Eide gnr 168 bnr 15-20, fekk skøyte på jord frådelt gnr 168 bnr 15 i 1959. Eidesbua (sjå gnr 168 bnr 15-19) står på dette området. Den vart frådelt gnr 168 bnr 165 i 1988 saman med tilhøyrande tomt og seld til Ingvar Husa (jf Uthaugen gnr 168 bnr 67-4), med nytt bnr 365. Han skøytte den til sonen Paul Husa f. 1965 i 1992. Broren Einar Husa f. 1957 er eigar av Eidesbua frå 2008. Roy Asle Tungland f. 1971, bustad Eide (gnr 168 bnr 15-21), fekk skøyte på bnr 165 (jord) i 2010.
Neseide (Fedje gnr 168 bnr 165) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no. Sjå også: Forside • Bakgrunn • Litt allmennsoge om Fedje • Forord • Lesarrettleiing • Forkortingar og ordtydingar • Short introduction in English • Kjelder • Litteratur Førre bolk: Fjæreide (Fedje gnr 168 bnr 65) • Neste bolk: Grendaberget (Fedje gnr 168 bnr 32) |